lørdag 8. oktober 2011

Finn hjelmen

Nei, eg tullar ikkje! Denne kvinna har på seg hjelm!

   I dag har eg sykla heimanfrå til Moholt, til Ikea, heim igjen, til byen og tilbake, ei strekning på i alt 18,7 km. Dette er ganske standard, for det tar kortare tid å sykle enn å ta buss, og det meste av det som skjer i Trondheim skjer naturlig nok utanfor skogen min. Derfor må eg sykle dit.
   Når eg syklar, bruker eg gang- og sykkelveg der det er tenlig. Dette føler eg at eg må utdjupe litt. Når det er ein sykkelveg, bruker eg den. Viss det finst eit sykkelfelt, bruker eg det. Viss det berre finst eit fortau, er bilvegen som regel betre, for den er ikkje full av folk som går himla sakte (morosam historie: I dag var det faktisk TO gjengar som gjekk og snegla midt i ei mindre trafikkert gate. Den eine gjengen gjekk med ansiktet mot meg og nedverdiga seg til å lage ei smal glipe for meg i lang-lang-rekke-rekka si. Den andre bestod av ein mann og ei kvinne; han var veldig opptatt av å snakke, svinge med paraplyen og gestikulere. Eg burde kanskje ha ringt med klokka før eg kom så nært som eg gjorde, men enden på visa blei at han først blei obs på meg da sykkelhjulet med eit høgt splasj trefte ein sølepytt rett bak dei, og mannen spasma med armane i alle retningar og hoppa rett på venninna si. Eg sykla forbi og kniste, for herligheit, kva anna kan ein gjøre. Eg kunne jo ikkje akkurat stoppe og seie unnskyld.) Der det ikkje finst sykkelfelt på vegen må eg sykle i kjørefeltet.
   Som syklist i kjørefelt er det ein del feiltrinn ein kan gjøre. Eg skal nemne noen:
  1.    Vere hjelpsam/feig og ligge i vegkanten. Dette er livsfarlig, for viss ein syklist ikkje krev plassen sin på vegen, vil bilen bak ta den utan å nøle. Da står syklisten plutselig utan noen plass i det heile tatt. Dessutan kan slik flørting med grøfta føre til at bilen bak deg vel å kjøre forbi - ved å legge deg heilt til høgre signaliserer du jo faktisk til bilisten at det er dette du vil han/ho skal gjøre - og viss bilisten stoler på vegskuldersyklisten og kjører forbi utan å dobbelsjekke vegen framover godt sjølv, kan ein ha ein front-mot-front-kollisjon på gang.
  2.    Ta feil av kollektivfelt og sving-til-høgre-felt. Dette endar med at du enten faktisk MÅ svinge til høgre, enten du vil eller ikkje, eller skifte fil.
  3.    Skifte fil utan at den bak deg skjønner det. Treng eg seie meir?
  4.    Glømme at du har klikkpedalar som låser skoa dine til pedalane. Unngå å glømme dette. Hugs for all del å ikkje glømme dette. Hugs det for all del i tide til å få føtene dine laus før du må stoppe for raudt lys.
    Dette er berre noen av dei feila eg kan gjøre. Tenk på alle feila dei andre trafikantane kan gjøre, dei som kjører store, beinknusande maskiner med dobbelt så høg fart som sykkelen min og med dekk du knapt ville fått med deg eitt av i flybagasjen utan å måtte betale overvekt!
   Det er vel unødvendig å seie at det første eg kjøpte meg da eg besøkte sykkelbutikken på Ila for første gong i august, var ein hjelm.
   Hjelmen kosta 400 kroner, og har litt sidelengs slark. Dette er jo ikkje bra. Eg kunne ha fått ein hjelm som ikkje hadde sidelengs slark, men vent litt. Denne slarken er jo ikkje slark! Det er jo ein lysande muligheit! Da kan eg nemlig få bøyla på høretelefonane under hjelmen, og slik kan eg høre på lydbok mens eg syklar til universitetet om morgonen! Å, det er noen koselige 20 minutt, kan du tru.
   Eg er stolt av hjelmen min. Han er fin og blå og metallisk matt og hindrar i form av eksempelets kraft kanskje småjenter som snur seg etter meg (ja, det har skjedd!) når dei ser meg komme syklande i lilla kjole og hjelm og i å dø av hovudskadar seinare i livet. 
   Likevel er det jo ikkje til å stikke under stol at hjelm ikkje er det m... at ein gjerne ser litt dust ut med hjelm.
   Dette triste faktumet hindrar mange i å ta på seg hjelmen. Som eit resultat dør mange menneske kvart år av ulykkesskadar mot hovudet. Skadar ein hjelm lett kunne ha hindra.
   Og det var dagens innlegg.




   Nei, så klart ikkje! Dette er jo ikkje ein surkeblogg, det er ein løysingsorientert revolusjonsblogg! I dag fann eg dette på internett! Sjå, vennar, sjå!



   Hjelmen heiter Hövding og er utvikla av to damer (så klart) som også er svenskar (heller ikkje overraskande - argentinske fysiognomikarar påviste jo allereie på 1920-talet den velkjende IKEA-kulen i skallen til Medelsvensson). Han er i praksis ein airbag du har rundt halsen, og som løyser seg ut når syklisten gjør ein "unormal bevegelse" (dette har dei så klart målt og forska masse på).
   Tenk, så genialt! Og han kostar berre -
   2500 kr.
   Sukk.
   Vel, eg har i det minste lydbok.