mandag 30. november 2015

Søppelpostadventskalender: Fordi "Psalm terry hung on him in life".

   For nøyaktig eitt år sidan, den siste morgonen i november, meldte eg meg på min femte nettbaserte adventskalender det året. Det betyr at eg kvar morgon fram til 25. desember brukte minst eit kvarter på å opne epost med adventskalenderluker. Aldri igjen, seier eg berre. Epostopning er noko drit.
   Eg får mykje epost. For å prøve å uttrykke følelsen eg ofte får når eg opnar eposten min om morgonen, vil eg gripe til ei barnebok eg før har referert til, nemleg Charlie og sjokoladefabrikken. Nærmare bestemt: Episoden med hårkaramellane, der Willie Wonka fortel om ei tidleg testblanding som var noko for sterk: Oompa-loompaen som var prøvekanin fekk hår og skjegg som vaks så fort at dei til slutt var nøydde til å ta i bruk ein grasklippar for å halde det nede. Sånn er min epost til tider.


   Så klart er ein del av denne eposten faktisk relevant. Men ein stor del er søppelpost, dvs. post som går rett i søpla. Noko er ting eg har abonnert på, sjølv om det er uinteressant - nyheitsbrev frå diverse fagforeininger, for eksempel. Eller straumen av spam frå Twitter som eg framleis ikkje har greidd å skru heilt av. Eller straumen av skysstilbod frå mitt føretrekte nasjonale skysskollektiv (som så klart berre tilbyr skyss midt i semesteret, når eg ikkje treng det). Eg hiv skiten med ein gong, for eg har ikkje tid til å lese det; eg har ikkje meir enn maks åtti år igjen å leve.
   Noko har eg ikkje abonnert på, som t.d. reklametilbod frå litt shady ballkjoleforhandlarar på nett. Får epost læl. Straffa for å gå inn på dei gale sidene, kort og godt. Og så, til slutt, har vi den verkeleg søplete søppelposten. Den som er søppel på alle nivå. Du får dei sikkert, du også: Epostar som tydeleg er omsette frå thai via Google translate (korleis veit eg det? Jo, fordi nokre av orda framleis står på thai, med alt det inneber av fremmende alfabet). Epostar som bramfritt postulerer at Natasha vil at eg skal bli hennes f$ckboi. (Beklagar, Natasha. Sjølv viss eg skulle komme til å ombestemme meg i framtida: Sats på nokon andre.) Epostar som hevdar at min konto i Danske bank vil bli sperra med mindre eg sender dei alt eg eig av personopplysningar, inkludert den siste q-tipsen eg har brukt. Eg har ingen konto i Danske bank, og eg blir like forundra kvar gong over at nokon trur dei kan lure meg når dei gir seg ut for å vere Danske bank, men sender frå epostadressa sammyboy@bubblez.com.
    Men midt i all denne møkka ligg det av og til ei perle. For eksempel får eg no og da søppelepostar som inneheld masse, masse tekst. Det er umuleg å forstå kva avsendaren vil meg, eller latar som han vil meg (jf. Danske bank-eksemplet over, som jo har ein klar agenda). Det står ikkje "klikk her no" éin einaste gong. Mesteparten er ikkje menneskespråk i det heile tatt, berre heile avsnitt med uforståeleg teiknsalat. Det er godt muleg det er koden til eit horribelt virus. Men inni alt dette røret, ligg her og der små setningar på engelsk. Dei er absurd feilomsette. Men sett ein dei saman, blir eposten til ei slags novelle - som ofte let til å handle om nære menneskelege relasjonar, magisk-realistiske kvardagsaugeblikk, og kanskje no og da litt visdom om livet.
   Denne adventen vil eg dele desse epostane med verda. Ver så god: Dette er min adventskalender.

mandag 25. mai 2015

Post frå Canada!

   Eg fekk kort i posten - frå Canada!
   Sidan kortet stort sett talar for seg sjølv, skal eg la det ta seg av talinga. Eg vil berre først introdusere dagens talar med å fortelje dei som måtte vere ukjende med hendingane i den siste tida at grunnen til at kortet kom til meg, er at eg for ei stund sidan var med Effektiv Altruisme NTNU og åt for under fattigdomsgrensa i tre dagar for å samle inn pengar til verdas mest kostnadseffektive bistandsprosjekt. (Du kan lese meir om korleis det gjekk her på bloggen - sjekk dei tidlegare innlegga merkte med "Ormekur".)
   Tusen takk til alle som donerte pengar sånn at skoleungane kunne få ormekurar! Hugs: Dette kortet er også til deg. Hurra for deg!

fredag 24. april 2015

Siste dag - Je suis Charlie

(Siste dag av kva? Les dette: http://norwayexperiencepoverty.causevox.com/ingrid-marie-heiene. Fort! Før det er for seint!)

I dag er det den siste dagen av Experience Poverty-kampanjen, og altså den siste dagen eg må ete for maks femten kroner. I kveld er det slutt - da skal eg faktisk skeie ut og ete som om eg hadde ein rik onkel i Amerika.
Eg synest prosjektet har gått bra. Ein blir litt svolten, men det er jo for ei god sak.

Ein del tankar har likevel meldt seg desse dagane. Den første er at denne "reduser-matbudsjettet-leiken" ikkje liknar særleg på den situasjonen dei flest av dei som faktisk er ekstremt fattige i verda er i. Jørgen har påpeikt at dette vatnet,  for eksempel, som kjem rett ut av krana, tilsynelatande nesten gratis, og som vi til stadigheit kan tylle i oss, bryt veldig med korleis mange har det. Det har vore føreslått å kjøre eit nytt Experience Poverty, men å trappe det opp: Ikkje lov å hente vatn frå eiga kran! Kvar gong du vil ha vatn, må du gå ein kilometer. 
Og det er ikkje berre vatn eg har hatt bekymringslaus tilgang på. Eg har ein stad å bu, og eg har ei ganske stabil inntekt (les: ei ganske stabilt vaksande studiegjeld). Eg har ikkje eingong trunge å bekymre meg for kor mitt neste måltid skulle komme frå. Eg bur ti sekunds jogging unna ein bugnande butikk, og kjøkkenet mitt er fullt av mat. Som eg ikkje har hatt lov til å ete, det er sant. Men det er stor forskjell på det, og på å vite at ein har mat til ei veke, og så er det tomt. Det er litt mindre stress å vite at maten faktisk finst.
Som sagt har eg vore litt svolten. Det hadde eg heller ikkje trunge, strengt tatt. Eg kunne ha gått for dei billigaste karbohydratane og vore ganske mett (jf. igjen Jørgens prosjekt). Men eg har altså prøvd å sjå om ein kan få ein fullverdig diett for 15 kroner dagen. Kunne eg ha levd så billeg lenge utan å bli sjuk?
Alt av matvarer har så klart blitt målt og rekna på undervegs. Det er ganske talande at det einaste eg ikkje har gidda å rekne inn i budsjettet, er sukker og salt. Dels fordi det går med så små mengder av det. Hovudsakleg fordi det er så billeg. Sukker og sikta kveitemjøl er noko av det billigaste du får tak i. Og ville eg ha variert det tørre, grove knekkebrødet, kunne eg ha fått ein loff for 6 kroner. Det finst nesten ingen sjukdommar det er billegare å pådra seg enn forstopping, sjukeleg overvekt, og diabetes.
Og feilernæring er eit langt større problem for fattige i verda i dag enn underernæring. Det er faktisk eit par år sidan vekta bikka (metaforisk og bokstaveleg) og talet på sjukeleg overvektige i verda passerte talet på sjukeleg undervektige. Viss du er fattig, er det altså meir sannsynleg at du ser slik ut:

enn at du ser slik ut:

Til slutt har eg også tenkt ein del på korleis det må vere å vere fattig i Noreg. I år reknar SSB med at det er 84.300 barn i Noreg som teknisk sett er fattige*.
Det går bra å leve på så lite som 15 kroner dagen. Eg lir inga stor naud, og som demonstrert får eg faktisk i meg både fullkorn og fisk og frukt og grønt, sjølv på eit matbudsjett på 15 kroner. Skjønt det har vore trongt, og ein blir svolten til tider.
Og skal det vere sunt, blir det einsidig dei billigaste matvarene, og alltid dei same. Tunfisk går bra. Torsk kjem ikkje på tale.
Det finst nesten ikkje rom for utskeiing eller til å unne seg noko ekstra i det heile tatt. Brunost, for eksempel, har vore utenkeleg å ete dei siste tre dagane. Inga saft til grauten.
I dag satt eg i kantina og åt knekkebrød til 22 øre med bitte litt leverpostei. Dei eg satt saman med åt alle saman graut frå kantina. Den såg kjempegod ut, og eg kjende der og da at eg hadde skikkeleg, skikkeleg lyst på graut, eg òg. Men eg hadde ikkje råd. Det var ganske traurig. Ikkje så mykje fordi maten såg god ut som fordi eg var forhindra frå å ta del i den fellesskapen dei andre delte gjennom grauten. Fleire og fleire barn i Noreg sitt med den følelsen med jamne mellomrom.
 
 
Og for å ikkje gjere denne melankolske utlegninga lengre, går eg vidare til noko litt meir actionfylt: Fattigdomserfaringa har faktisk fått meg til å endre ståstad i eit politisk spørsmål!
Kva kan det vere?
Har eg blitt for oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja? Nei, så klart ikkje.
Har eg blitt imot sidemålseksamen? Nei, så klart ikkje.
 
 
Eg har blitt FOR GRATIS SKOLEFRUKT!
 
 
Dette er det ein veldig enkel grunn til. I skrivande stund sitt eg og ser på ei pære som ligg i fruktfatet mitt. Ho kostar éi krone. Eg skulle ha ete ho i går.
Veit du kva eg åt i staden?


Ei sånn ei. Den kostar også éi krone.
Ja, kanskje var det eit augeblikks svakheit. Eg innrømmer (delvis) at det nok må reknast som ein brest. Eg klarte ikkje å la vere å ete sjokolade i TRE DAGAR eingong.


På den andre sida: Har du sett dette bildet før?

(For dei uinnvigde: Dette er ein illustrasjon frå Roald Dahls "Charlie og sjokoladefabrikken". Fattige, utsvoltne vesle Charlie har akkurat funne ein mynt på gata, og går inn i butikken like ved - der han kan få tak i sjokolade. Ekte, nærande mat. Har du ikkje lese boka - gjer det.)

Kan du sjå for deg Charlie gå inn på butikken og kjøpe ei pære?
Altså: Skolefrukt. Eg har ombestemt meg.
 
 
Til slutt litt refs.
Du som les bloggen: Har du gitt pengar til skolebarna mine? Sannsynlegheita er stor for at svaret er nei. (Viss du har: Hurra! Du har på avgjerande vis endra livet til opptil fleire menneske, til det betre!)
No skal ein ikkje vere urimeleg. Ein kan ikkje forvente at alle skal gi pengar til kreti og pleti stadig vekk. Skulle vi gitt til alle som eigentleg trong pengane meir enn oss, ville vi raskt ha levd på femtenkronersbudsjett, både den eine og den andre.
Men eg kan sjå kor mange som har gitt pengar. Og eg kan sjå kor mange som har lese bloggen. (Det tenkte du ikkje på!) Per no har 232 lese det første innlegget i Experience Poverty-serien.
Kor mange trur du har gitt pengar til no?
Kvar tiande?
Færre. 14 personar. 14 av 232.
Viss alle dei 232 hadde gitt ei krone kvar - like mykje som min eine bit sjokolade kostar - hadde vi hatt ormekurar til 58 barn til. Det er mange. Tenk over kor mange barn du kjenner. Kjenner du så mange som 58 barn i skolealder?
Tenk litt pådde.
Og med denne lystige tanken seier eg takk for meg for dette innlegget! Under er ein oversikt over kva eg faktisk har ete desse tre dagane. Kanskje kjem eg tilbake med endelege resultat i morgon tidleg.
Håpar du får ei fin helg, vørde lesar! Det skal i alle fall eg ha.





Onsdag
Frukost: Havregraut.
(1 dl havregryn + 1/2 dl mjølk + 7,5 g smør + salt + sukker og kanel
= 89 øre + 55 øre + 36 øre + ca 1 kr)
ca 2,80 kr
Lønsj: Brødskive med leverpostei
(1 skive heimebakt brød + 1/4 boks leverpostei = 1,50 kr + 1,70 kr)
3,20 kr
Formiddagsmat: 2 knekkebrød med syltetøy og ei pære
(2 knekkebrød + 1 ss syltetøy + 1 snål pære = 44 øre + 1 kr + 1 kr)
2,44 kr
Middag: Risotto med tunfisk
(1 dl ris + 7,5 g smør + 1 gulrot + 1 dl erter + 1/2 lauk + 1/2 boks tunfisk
= 80 øre + 36 øre + 1,09 kr + 1 kr + 50 øre + 1,85 kr)
5, 60 kr
I tillegg: 1 ts te i lausvekt
60 øre
Totalt onsdag: 14,62 kr
Torsdag
Frukost: Havregraut.
(1 dl havregryn + 1/2 dl mjølk + 7,5 g smør + salt + sukker og kanel
= 89 øre + 55 øre + 36 øre + ca 1 kr)
ca 2,80 kr
Lønsj: 3 knekkebrød med syltetøy
(3 knekkebrød + 2 ss syltetøy = 66 øre + 1 kr)
1,66 kr
Formiddagsmat: 3 knekkebrød med leverpostei
(3 knekkebrød + 3/8 boks leverpostei = 66 øre + 2,55 kr)
3,21 kr
Middag: Risotto med pølse (1 porsjon av 2)
(1 dl ris + 7,5 g smør + 1/2 gulrot + 1/2 dl erter + 1/4 boks mais + 1/4 lauk + 1/2 pølse
= 80 øre + 36 øre + 55 øre + 50 øre + 27 øre + 25 øre + 1,65 kr)
4,38 kr / ca 2 =   2,70 kr
Kveldsmat: Pære. Eitt lite glas mjølk. Ei rute sjokolade.
ca. 1 kr
I tillegg: 1 ts te i lausvekt. Gjenbrukte gårsdagens.
Totalt torsdag: 13,56 kr
Fredag
Frukost: Havregraut
(1 dl havregryn + 1/2 dl mjølk + 7,5 g smør + salt + sukker og kanel
= 89 øre + 55 øre + 36 øre + ca 1 kr)
ca 2,80 kr
Lønsj: 3 knekkebrød med leverpostei
(3 knekkebrød + 3/8 boks leverpostei = 66 øre + 2,55 kr)
3,21 kr
Formiddagsmat: Risottorestar
1,68 kr
Middag: Lauksuppe 
(1 lauk + 7,5 g smør + 2,5 dl buljong + 1 brødskive + 2 skiver ost
= ca 1 kr + 36 øre + 1,48 kr + 1,50 kr + 1,25 kr)
5,59 kr
I tillegg: 1 ts te i lausvekt + 1 rute sjokolade
(60 øre + ca 1 kr)
1,60 kr
Totalt fredag:14,88 kr

torsdag 23. april 2015

1830 kroner

VI HAR GREIDD DET!
Tusen takk til alle som har hjelpt mine vidaregåandeelevar heilt fram til vitnemålsutdeling i 10.-klasse! Mens eg skriv dette står teljaren på 1830 kroner - vi har altså ikkje berre fått mine førtifem elevar trygt gjennom heile grunnskolen utan å bli stoppa av innvolsorm. Vi har gitt ormekur til sju ungar til!

Det beste er at det framleis er ein heil dag igjen av kampanjen! Kor mange fleire ungar klarer vi å gi ormekur før i morgon kveld? Spennande!

Inntil vidare kan vi vere like glade som denne pingvinen:


Bonus: Filmar og TV-konsept vi gjerne vil sjå knekkebrødversjonen av



The Desolation of Knekkebrød
(fordi "desolation" betyr øydemark. Og det finst ikkje noko
stort meir aude enn eit knekkebrød på nært hald)



Ringenes Herre: To knekkebrød



Katja Knekk og Bente Brød



Avabrød
(dette er den scena der dei bur oppi eit tre)



Karate Knekkebrød




Knekkebrød of Thrones
(Wasa is coming)
 
 

Inglourious Knøkkebræd
(Hans Landa her spelt av Wasa Husman. Aldo Raine spelt av Liv Ullmann.)
 
 
 
Takk til alle som gir ormekur til kidza! No er det litt over eitt døgn igjen av kampanjen.

Houston, vi har (likevel ikkje) eit pølseproblem

Sidan lesarane av bloggen bestemde at gratismat = juks, har eg ikkje drukke kakao i dag. Men det aner meg at eg kjem til å drikke desto meir kakao når eg blir ferdig med kampanjen.
Inntil vidare drikk eg te og vatn. Og i kveld skal eg (kanskje) drikke éin dl mjølk. Det har eg nemleg råd til, for hittil i dag har eg ete for tretten kroner og 37 øre.
Men sjølv om kaffimaskina altså ikkje lenger er nokon prøve for viljestyrken, har viljestyrken likevel ikkje vore uprøvd i dag. Som nemnt i går laga nemleg Sindre digg middag i går kveld. Korfor var den så digg? Jo, middagen til Sindre inneheldt PØLSE.
Pølse luktar digg.
Pølse er billeg på bunnpris for tida.
Eg ville også ha pølse i middagen min.
Så i dag har eg kjøpt pølse. Men puttar du ein matvare inn i ein middag som må haldast under eit visst prisnivå, så må du ta ut noko anna. Dermed begynte eg å halvere både det eine og det andre, heilt til eg hadde halvparten så mykje erter, halvparten så mykje gulrøter og halvparten så mykje lauk som i går oppi gryta. Alt for å få plass til litt pølse. Eg frykta det skulle bli ein veldig liten middag.
 
Alt skal målast! Her er dagens middag (det blei risotto i dag igjen,
gitt. Denne gong med pølser! Dvs. med ei halv pølse).
 
Men kven skulle trudd! Når ein halverer alle ingrediensane, blir det på ein eller annan måte DOBBELT SÅ MYKJE RISOTTO! Jerngryta har tydelegvis forandra seg til ei slags litt nedskalert Sareptas krukke i løpet av natta. Eller liknande. Det blei heile to porsjonar! Så no har eg middag både til i dag og til i morgon. Og det for 2 kroner og 19 øre per porsjon. Ikkje verst!
 

Mmmmm! Mat som potensielt er frambringa ved hjelp av svart magi.
Kven bryr seg så lenge ein blir mett. Først kommer maten, så moralen, osv.

Og apropos ikkje verst: Korleis går det med skoleelevane mine som treng ormekurar for å komme seg gjennom grunnskolen?
På dette tidspunktet er faktisk over halvparten av dei sikra å komme gjennom 9.-klasse! No treng vi berre 240 kroner for at alle skal få vitnemålet!
Tusen takk til alle som har gitt så langt! Det gjer faktisk ein kjempeforskjell. 
Vil du gi pengar til verdas mest effektive bistandsprosjekt? Trykk her!
Kor mykje pengar trur du vi får inn? Ny poll på høgresida!
 
(Og til slutt, som ein ettertanke: I dag kom eg tilfeldigvis over bilda frå hobbit-eksperimentet Steinar, Marianne og eg gjennomførte i sommarferien. 7 digre måltid på ein dag. Det var tider, det.)


Dag to: Knekkebrødets demring

Det er dag to i Experience Poverty-kampanjen, og da eg vakna hadde dei 45 skoleelevane mine komme seg ormefrie heilt til sjetteklasse! I skrivande stund har
halvparten av dei tatt steget til ungdomsskolen!
Fantastisk! Takk til alle som har donert pengar så langt. Til alle andre: Vi kan ikkje la elevane mine droppe ut etter åttende, vel? Ein ormekur som kan halde ein av dei på skolen i eit heilt år til, minst, kostar 4 kroner å produsere, frakte og distribuere, noko som gjer dette til verdas mest effektive bistandsprosjekt. Viss du synest dette er verd å spytte ein tiar eller to i, kan du gå hit og gi pengar slik at mine elevar kjem seg gjennom grunnskolen: http://norwayexperiencepoverty.causevox.com/ingrid-marie-heiene.
Synest du ikkje at du har råd, kan du jo vurdere om eit års skolegang for eit barn i den innvolsormutsette verda likevel er viktig nok til at du for eksempel kan droppe ein kaffikopp om dagen dei neste tre dagane?
 
Eller ei brødskive?
 
Eg liker ikkje knekkebrød. Ikkje noko særleg. Det er alltid mindre mat i eit knekkebrød enn i eit tilsvarande brød, føler eg. Men i dag får knekkebrødet sin sjanse.
Det er nemleg slik at mens ei skive heimebakt brød er verd ei krone og femti øre, kostar eitt knekkebrød - den VERKELEG billege sorten, Wasa Husman - 44 øre. 44 øre.
I går var eg faktisk ganske svolten. 15 kroner til mat er lite. Eg har eit nokså økonomisk matbudsjett til vanleg. (Det er derfor eg lever på 15 kroner dagen i staden for 25, dvs. at eg kjører Challenge mode-versjonen av Experience Poverty. Ikkje-Challenge mode ville faktisk ikkje ha vore nokon Challenge, slik vi seier på sidemål.) Eg et ikkje for så mykje meir enn 25 kroner dagen til vanleg likevel. No som to femtedelar av det er knipe inn, begynner det å merkast.
Og som ordtaket seier: Naud lærer naken kvinne å ete knekkebrød.* For prisen av ei brødskive kan eg få nesten fire knekkebrød. At knekkebrød slår brødskiver i ein priskamp kan vi altså fastslå med éin gong. Eksperimentet i dag blir å sjå om knekkebrød kan konkurrere også i kategorien mettheitsfølelse...
 
Eg kan forresten rapportere at middagen i går var digg. Memo til alle studentar: Risotto er ein rett du kan lage med nesten ingen ingrediensar og nesten ingen pengar, og det blir kjempegodt likevel. Slik såg det ut:


Eg kan også rapportere at ein annan måte å spare pengar på er å ganske enkelt forsove seg til frukost og ikkje lage middag før det har blitt natt, som var strategien min hybelkamerat Sindre gjekk for i går. Han hevdar han kanskje også var placebosvolten. Eg trur han var svolten. Men fy flate, så godt middagen hans lukta da han endeleg laga den, klokka ti om kvelden.
I dag, altså: Knekkebrød. Kanskje får ein til litt lauksuppe til middag?
... og kanskje får vi elevane mine heilt til vidaregåande?

Oppdatering: Sindre påpeikte idet eg gjekk ut døra i dag at eitt knekkebrød kostar 22 øre. Rask matte tilseier at eg kan få nesten 70 knekkebrød for 15 kroner. Og vitaminmangel, så klart.

*For dei som no blei litt bekymra: Nei, eg går ikkje rundt naken som del av kampanjen. Er det muleg. Det er eit ordtak. Gad. Skjerp deg.