Eg fekk kort i posten - frå Canada!
Sidan kortet stort sett talar for seg sjølv, skal eg la det ta seg av talinga. Eg vil berre først introdusere dagens talar med å fortelje dei som måtte vere ukjende med hendingane i den siste tida at grunnen til at kortet kom til meg, er at eg for ei stund sidan var med Effektiv Altruisme NTNU og åt for under fattigdomsgrensa i tre dagar for å samle inn pengar til verdas mest kostnadseffektive bistandsprosjekt. (Du kan lese meir om korleis det gjekk her på bloggen - sjekk dei tidlegare innlegga merkte med "Ormekur".)
Tusen takk til alle som donerte pengar sånn at skoleungane kunne få ormekurar! Hugs: Dette kortet er også til deg. Hurra for deg!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar