I dag er det den siste dagen av Experience Poverty-kampanjen, og altså den siste dagen eg må ete for maks femten kroner. I kveld er det slutt - da skal eg faktisk skeie ut og ete som om eg hadde ein rik onkel i Amerika.
Eg synest prosjektet har gått bra. Ein blir litt svolten, men det er jo for ei god sak.
Ein del tankar har likevel meldt seg desse dagane. Den første er at denne "reduser-matbudsjettet-leiken" ikkje liknar særleg på den situasjonen dei flest av dei som faktisk er ekstremt fattige i verda er i. Jørgen har påpeikt at dette vatnet, for eksempel, som kjem rett ut av krana, tilsynelatande nesten gratis, og som vi til stadigheit kan tylle i oss, bryt veldig med korleis mange har det. Det har vore føreslått å kjøre eit nytt Experience Poverty, men å trappe det opp: Ikkje lov å hente vatn frå eiga kran! Kvar gong du vil ha vatn, må du gå ein kilometer.
Og det er ikkje berre vatn eg har hatt bekymringslaus tilgang på. Eg har ein stad å bu, og eg har ei ganske stabil inntekt (les: ei ganske stabilt vaksande studiegjeld). Eg har ikkje eingong trunge å bekymre meg for kor mitt neste måltid skulle komme frå. Eg bur ti sekunds jogging unna ein bugnande butikk, og kjøkkenet mitt er fullt av mat. Som eg ikkje har hatt lov til å ete, det er sant. Men det er stor forskjell på det, og på å vite at ein har mat til ei veke, og så er det tomt. Det er litt mindre stress å vite at maten faktisk finst.
Som sagt har eg vore litt svolten. Det hadde eg heller ikkje trunge, strengt tatt. Eg kunne ha gått for dei billigaste karbohydratane og vore ganske mett (jf. igjen Jørgens prosjekt). Men eg har altså prøvd å sjå om ein kan få ein fullverdig diett for 15 kroner dagen. Kunne eg ha levd så billeg lenge utan å bli sjuk?
Alt av matvarer har så klart blitt målt og rekna på undervegs. Det er ganske talande at det einaste eg ikkje har gidda å rekne inn i budsjettet, er sukker og salt. Dels fordi det går med så små mengder av det. Hovudsakleg fordi det er så billeg. Sukker og sikta kveitemjøl er noko av det billigaste du får tak i. Og ville eg ha variert det tørre, grove knekkebrødet, kunne eg ha fått ein loff for 6 kroner. Det finst nesten ingen sjukdommar det er billegare å pådra seg enn forstopping, sjukeleg overvekt, og diabetes.
Og feilernæring er eit langt større problem for fattige i verda i dag enn underernæring. Det er faktisk eit par år sidan vekta bikka (metaforisk og bokstaveleg) og talet på sjukeleg overvektige i verda passerte talet på sjukeleg undervektige. Viss du er fattig, er det altså meir sannsynleg at du ser slik ut:

enn at du ser slik ut:
Til slutt har eg også tenkt ein del på korleis det må vere å vere fattig i Noreg. I år reknar SSB med at det er 84.300 barn i Noreg som teknisk sett er fattige*.
Det går bra å leve på så lite som 15 kroner dagen. Eg lir inga stor naud, og som demonstrert får eg faktisk i meg både fullkorn og fisk og frukt og grønt, sjølv på eit matbudsjett på 15 kroner. Skjønt det har vore trongt, og ein blir svolten til tider.
Og skal det vere sunt, blir det einsidig dei billigaste matvarene, og alltid dei same. Tunfisk går bra. Torsk kjem ikkje på tale.
Det finst nesten ikkje rom for utskeiing eller til å unne seg noko ekstra i det heile tatt. Brunost, for eksempel, har vore utenkeleg å ete dei siste tre dagane. Inga saft til grauten.
I dag satt eg i kantina og åt knekkebrød til 22 øre med bitte litt leverpostei. Dei eg satt saman med åt alle saman graut frå kantina. Den såg kjempegod ut, og eg kjende der og da at eg hadde skikkeleg, skikkeleg lyst på graut, eg òg. Men eg hadde ikkje råd. Det var ganske traurig. Ikkje så mykje fordi maten såg god ut som fordi eg var forhindra frå å ta del i den fellesskapen dei andre delte gjennom grauten. Fleire og fleire barn i Noreg sitt med den følelsen med jamne mellomrom.
Og for å ikkje gjere denne melankolske utlegninga lengre, går eg vidare til noko litt meir actionfylt: Fattigdomserfaringa har faktisk fått meg til å endre ståstad i eit politisk spørsmål!
Kva kan det vere?
Har eg blitt for oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja? Nei, så klart ikkje.
Har eg blitt imot sidemålseksamen? Nei, så klart ikkje.
Eg har blitt FOR GRATIS SKOLEFRUKT!
Dette er det ein veldig enkel grunn til. I skrivande stund sitt eg og ser på ei pære som ligg i fruktfatet mitt. Ho kostar éi krone. Eg skulle ha ete ho i går.
Veit du kva eg åt i staden?
Ei sånn ei. Den kostar også éi krone.
Ja, kanskje var det eit augeblikks svakheit. Eg innrømmer (delvis) at det nok må reknast som ein brest. Eg klarte ikkje å la vere å ete sjokolade i TRE DAGAR eingong.
På den andre sida: Har du sett dette bildet før?

(For dei uinnvigde: Dette er ein illustrasjon frå Roald Dahls "Charlie og sjokoladefabrikken". Fattige, utsvoltne vesle Charlie har akkurat funne ein mynt på gata, og går inn i butikken like ved - der han kan få tak i sjokolade. Ekte, nærande mat. Har du ikkje lese boka - gjer det.)
Kan du sjå for deg Charlie gå inn på butikken og kjøpe ei pære?
Altså: Skolefrukt. Eg har ombestemt meg.
Til slutt litt refs.
Du som les bloggen: Har du gitt pengar til skolebarna mine? Sannsynlegheita er stor for at svaret er nei. (Viss du har: Hurra! Du har på avgjerande vis endra livet til opptil fleire menneske, til det betre!)
No skal ein ikkje vere urimeleg. Ein kan ikkje forvente at alle skal gi pengar til kreti og pleti stadig vekk. Skulle vi gitt til alle som eigentleg trong pengane meir enn oss, ville vi raskt ha levd på femtenkronersbudsjett, både den eine og den andre.
Men eg kan sjå kor mange som har gitt pengar. Og eg kan sjå kor mange som har lese bloggen. (Det tenkte du ikkje på!) Per no har 232 lese det første innlegget i Experience Poverty-serien.
Kor mange trur du har gitt pengar til no?
Kvar tiande?
Færre. 14 personar. 14 av 232.
Viss alle dei 232 hadde gitt ei krone kvar - like mykje som min eine bit sjokolade kostar - hadde vi hatt ormekurar til 58 barn til. Det er mange. Tenk over kor mange barn du kjenner. Kjenner du så mange som 58 barn i skolealder?
Tenk litt pådde.
Og med denne lystige tanken seier eg takk for meg for dette innlegget! Under er ein oversikt over kva eg faktisk har ete desse tre dagane. Kanskje kjem eg tilbake med endelege resultat i morgon tidleg.
Håpar du får ei fin helg, vørde lesar! Det skal i alle fall eg ha.
Onsdag
Frukost: Havregraut.
(1 dl havregryn + 1/2 dl mjølk + 7,5 g smør + salt + sukker og kanel
= 89 øre + 55 øre + 36 øre + ca 1 kr)
ca 2,80 kr
Lønsj: Brødskive med leverpostei
(1 skive heimebakt brød + 1/4 boks leverpostei = 1,50 kr + 1,70 kr)
3,20 kr
Formiddagsmat: 2 knekkebrød med syltetøy og ei pære
(2 knekkebrød + 1 ss syltetøy + 1 snål pære = 44 øre + 1 kr + 1 kr)
2,44 kr
Middag: Risotto med tunfisk
(1 dl ris + 7,5 g smør + 1 gulrot + 1 dl erter + 1/2 lauk + 1/2 boks tunfisk
= 80 øre + 36 øre + 1,09 kr + 1 kr + 50 øre + 1,85 kr)
5, 60 kr
I tillegg: 1 ts te i lausvekt
60 øre
Totalt onsdag: 14,62 kr
Torsdag
Frukost: Havregraut.
(1 dl havregryn + 1/2 dl mjølk + 7,5 g smør + salt + sukker og kanel
= 89 øre + 55 øre + 36 øre + ca 1 kr)
ca 2,80 kr
Lønsj: 3 knekkebrød med syltetøy
(3 knekkebrød + 2 ss syltetøy = 66 øre + 1 kr)
1,66 kr
Formiddagsmat: 3 knekkebrød med leverpostei
(3 knekkebrød + 3/8 boks leverpostei = 66 øre + 2,55 kr)
3,21 kr
Middag: Risotto med pølse (1 porsjon av 2)
(1 dl ris + 7,5 g smør + 1/2 gulrot + 1/2 dl erter + 1/4 boks mais + 1/4 lauk + 1/2 pølse
= 80 øre + 36 øre + 55 øre + 50 øre + 27 øre + 25 øre + 1,65 kr)
4,38 kr / ca 2 = 2,70 kr
Kveldsmat: Pære. Eitt lite glas mjølk. Ei rute sjokolade.
ca. 1 kr
I tillegg: 1 ts te i lausvekt. Gjenbrukte gårsdagens.
Totalt torsdag: 13,56 kr
Fredag
Frukost: Havregraut
(1 dl havregryn + 1/2 dl mjølk + 7,5 g smør + salt + sukker og kanel
= 89 øre + 55 øre + 36 øre + ca 1 kr)
ca 2,80 kr
Lønsj: 3 knekkebrød med leverpostei
(3 knekkebrød + 3/8 boks leverpostei = 66 øre + 2,55 kr)
3,21 kr
Formiddagsmat: Risottorestar
1,68 kr
Middag: Lauksuppe
(1 lauk + 7,5 g smør + 2,5 dl buljong + 1 brødskive + 2 skiver ost
= ca 1 kr + 36 øre + 1,48 kr + 1,50 kr + 1,25 kr)
5,59 kr
I tillegg: 1 ts te i lausvekt + 1 rute sjokolade
(60 øre + ca 1 kr)
1,60 kr
Totalt fredag:14,88 kr
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar