onsdag 22. april 2015

Ormekur part deux: Framsteg og svolt

(Viss du ikkje har lese det førre innlegget, vil dette innlegget sannsynlegvis etterlate deg med ein del spørsmål. Det er ein part deux, liksom. Det er altså tilrådd å lese dette innlegget før du les vidare.)

Klokka har passert lønsjtid, og enten det er placeboeffekt føreårsaka av vissa om at eg for augeblikket lever under fattigdomsgrensa sånn matmessig eller the real Thing, så er eg svolten.
Heldigvis, altså: lønsj. Og eg har jo faktisk mat: Heile to knekkebrød, og med skikkeleg digg syltetøy.
Også digg: Det har allereie komme inn pengar til ormekur! I skrivande stund heile 600 kroner, altså over ein tredjedel av målet. Fantastisk! Tenk om vi klarer å halde dei 45 elevane mine på skolen i TJUE år? Dei ville sikkert ha hylt av gru, halvparten av dei, berre ved tanken.

No er det altså ikkje så synd på barn med innvolsorm lenger. No er det MEG det er synd på, for eg har fått samvitskvalar som plagar meg. Eg kom nemleg på at på instituttet, dit eg har nøkkel og tilgang fordi eg har ein deltidsjobb der, står det ein

KAFFIMASKIN.

Med KAKAO.

Og den er GRATIS.
 

 Men er det imot reglane å drikke han?
La oss sjå litt på dei argumenta som talar for og imot i mitt hovud. For: Det kan godt hende at folk som lever under fattigdomsgrensa reint inntektsmessig, faktisk kan ha tilgang til ei kaffimaskin med gratis kaffi. (Klart dei kan! Ikkje ver så fordomsfull.) Eller i alle fall andre kjelder til gratismat som er utilgjengelege for meg som student i Trondheim i april: syregras, maur, fisk, krabber, småvilt, frukt og bær, osv. I nesten alle økosystem finst det eitt eller anna ein kan plukke opp og ete. Dette er mi kjelde til gratismat: gratiskaffimaskin.

På den andre sida: Viss ein kan ete kva ein vil, er jo litt av poenget med utfordringa borte. Vi kan jo for eksempel ikkje ete det vi har liggande i skapet (gratis, frå eit augeblikksperspektiv) utan å rekne på kva det er verd. Vi kan heller ikkje berre snylte på nokon andre i tre dagar. Viss ikkje kunne eg jo berre ha ditcha fattigdomsgrensa og levd under heiderlegheitsgrensa i tre dagar i staden, og brukt alle sjansar til å snike til meg maten til dei andre to i kollektivet utan at dei oppdaga det.
(Effektiv Altruisme! Viss dokker les dette: Eg utfordrar dokker til å gjere dette til den neste store greia.)

For å ikkje gjere noko eg angrar på, ligg eg unna kaffimaskina i dag. Den endelege avgjersla blir utsett til i morgon.

Svar gjerne på pollen til høgre: Er det greitt å drikke gratis kaffi når ein lever på femtenkronersbudsjett, eller er det juks?

Og korfor gjer eg dette?
http://norwayexperiencepoverty.causevox.com/ingrid-marie-heiene

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar