onsdag 22. april 2015

Kan eg leve på 15 kroner dagen, og korfor gidd eg?

Eg ser for meg at det er tre grunnar til at du klikka deg inn på dette blogginnlegget.
1: Du er interessert i aksjonen "Experience Poverty"
2: Du er interessert i meg og kva som har drive meg til å gjenopplive bloggen.
3: Du lurer på kva som kan drive eit menneske til å leve for 15 kroner dagen.
 
La oss begynne med det siste. Standardgrunnen til at folk lever for 15 kroner dagen (eller mindre) er at dei er ekstremt fattige. Ca. ein milliard menneske i verda held på med dette til dagleg. Stort sett er det ikkje noko dei har valt sjølv.
For tida driv likevel ein god del andre menneske rundt om i verda på med det same, frivilleg. Grunnen er kampanjen "Experience Poverty", som samlar inn pengar til det som er kåra til VERDAS MEST EFFEKTIVE BISTANDSPROSJEKT, Deworm the World. Ja, du las riktig. Det mest effektive bistandsprosjektet i verda i dag driv med utdeling av ormekurar. Kvar kur kostar 4 kroner.
Eg har sett meg som mål å samle inn 1770 kroner i løpet av tre dagar. 1770 kroner er så mykje pengar det ville kosta å sikre dei 45 vidaregåandeelevane eg har undervist i 8 veker ein grunnskolegang uavbroten av innvolsorm.
Verd det? Definitivt. Og det beste er: Desse pengane stiller ikkje eg med. Det gjer DU.
Eg, derimot, skal berre leve på under 15 kroner dagen i tre dagar. Slik har det gått i dag:
 
 
 
Det første som måtte gå, var den daglege trandosen. Tran er dyrt. Heldigvis bur eg i solfylte Trondheim, så eg er ikkje redd for å bli beinskjør av D-vitaminmangel med det første.


Her er all maten eg skal ete i dag. Det er 1 dl havregryn, 1/2 dl mjølk, sukker, kanel, 2 ss syltetøy, 1 dl erter, salt, 1 ss smør, ei brødskive med leverpostei, 1 dl ris, to billigskitknekkebrød, ei pære, ei gulrot, 1/4 lauk, 1/2 boks tunfisk og 2 ss unfairtrade-billig te i lausvekt.
Som du ser, har eg faktisk fått inn fem om dagen, og fisk. Ikkje verst!

Ein kan faktisk leve anstendig på 15 kroner dagen. (Merk at det er folk i Noreg også som gjer dette ufrivillig - kanskje kjenner du til og med nokre utan å vite det.) 
Fattigdommen viser seg i dei små tinga. I dette tilfellet: vatn til grauten. Saft er for dyrt...

Heldigvis: Framleis råd til to koppar te om dagen!
 
Som allereie nemnt: Viss du vil gi pengar til Deworm the World Initiative, følg denne lenka til innsamlingssida mi:
Her er også nettsida til Effektiv Altruisme NTNU, som er dei som har skylda for at eg driv med dette.  http://effektivaltruisme.no/. Dei er også på Facebook.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar