I det siste har det vore noen fortvilande saker i norsk media. Mest magekrampe fekk eg over avisframsida som kunngjorde at under halvparten av ungdommen i Noreg trur på FNs klimapanel. Og da meiner eg ikkje at dei ikkje trur på FNs klimapanels eksistens. (Det finst nemlig også mange norske ungdommar som ikkje trur på julenissen, men det er ikkje fordi dei trur han fer med løgn.)
Generelt er det jo tåpelig når folk som ikkje er ekspertar vel å ikkje tru på ekspertane. Viss det for eksempel kjem eit team av 700 legar og seier at eg seriøst bør vurdere å ta ein titt på blindtarmen min, så trur eg faktisk at eg ville trudd dei. For sikkerheits skyld, om ikkje anna.
Men dårlig stemning til side! I dag var det eit FINT oppslag i media! Sjå berre på kva Aftenpoftens korrespondent skriv om våre fine tyske naboar, og bli i godt humør! Utveksling begynner å verke freistande.
Takk og lov at det er fleire tyskarar enn nordmenn i verda!