No har det vore tørke på bloggen lenge! Her kjem eit nytt innlegg. Delvis fordi eg har så mange viktigare ting å utsette, men også fordi eg vil at folk skal sjå den flotte videoen heilt nedst i innlegget. Men først litt bakgrunnsinfo:
Det er mange ting eg er tilhengjar av. For eksempel er eg tilhengjar av dessert. Særlig er eg tilhengjar av sjokolade.
Derimot er eg ikkje så veldig fan av barnearbeid (eg er fan av barne- og ungdomsarbeid, men det er ei heilt anna sak). Og så er eg ikkje så fan av å tene pengar på barnearbeid. Det synest er usympatisk. Eg synest også det er ganske usympatisk å betale folk for å hyre barnearbeidarar, og det trur eg ganske mange er samde med meg i. Dessverre er det jo sånn at vi som er glade i sjokolade som regel driv med akkurat dette. Det er grunnen til at eg slutta å kjøpe Freia-sjokolade og gjekk over til å kjøpe berre Nidar-sjokolade. ***
Saka er nemlig denne: I 2010 sa Kjetil Øyna i Norske Sjokoladefabrikkers Forening at han kunne garantere at det låg barnearbeid bak all norsk sjokolade. Og da kunne ein jo håpe at det var snakk om hyggelig barnearbeid. All norsk potetdyrking for femti år sia involverte for eksempel barnearbeid gjennom at ungane hadde potetferie om hausten for å stå med rumpa til vêrs og ta opp potet. Slik er det så klart også - barn på gard hjelper foreldrene sine med arbeidet - men i tillegg er kakaonæringa full av små barneslavar, ofte smugla til Elfenbenskysten eller Ghana frå andre afriskanske land, eller sette bort av foreldre som ikkje kan fø dei. Desse barna får ofte verken lønn eller skolegang. Slik framskaffar ein altså råvarene til laurdagskosen vår.
Freias respons til dette er at dei synest det er sabla trasig, men at det dessverre er veldig vanskelig å gjøre noko med det. Nidar har gått eit stykke på vegen, ved å UTZ-sertifisere sjokoladen sin. Det vil seie at sjokoladen dei kjøper, må oppfylle visse krav om etikk i produksjonen, og bøndene som leverer den, får jordbruksfaglig skolering. Men heilt bra blir det jo likevel ikkje. Derfor synest ein venn av meg at Nidar er sykt teite som har UTZ-sertifisert sjokoladen sin, fordi det da ser ut som dei har gjort noko, mens dei eigentlig berre har gått halve vegen.
Å gå heile vegen er nemlig å bli FAIRTRADE!
Fairtradesjokolade er gjerne litt dyrare, men slett ikkje vanskelig å få tak i. I Noreg kan vi t.d. kjøpe Divine-sjokolade. Han kjem frå den første sjokolade-produsenten i verda som kakaobøndene sjølv eig. Det er jo flott. Noen av bøndene er med i videoen under. Snurr film.
***(Vel, teknisk sett kan det vel også ha litt å seie at eg bur like ved Nidars fabrikkutsal og kan kjøpe isboksar med overskotsproduksjon til ganske låg pris.)