torsdag 19. april 2012

Todelt blogginnlegg: Litt kontrarevolusjon og litt middag (med poetisk feiring)

   Slik overskrifta seier, er dette blogginnlegget todelt. Er det ikkje fint at det plutselig skjer så mykje at eg har noko å skrive på bloggen, og samtidig så lite at eg har tid til å skrive det? Første del er tileigna eit kontrarevolusjonært tiltak eg nylig sette i verk i huset, og avsluttar med eit mysterium, mens del to skal få vere ei lyrisk feiring av ein kulinarisk kollaps.

   Som eg tidligare har nemnt på bloggen, er det dumt når revolusjonar går for langt. Det vil seie når dei sluttar å vere fornuftige og begynner å bli tullete. Dette har skjedd i huset vårt.
   Uro deg ikkje, kjære lesar, det var før mi tid at denne overdrivne miljøvernaksjonen gjekk føre seg i huset. Eller kanskje var det slett ingen miljøvernaksjon, men berre verket til ein skikkelig gniar? Eg har enno ikkje funne nokon å spørje. Fakta er at nokon har prøvd å spare straum her ein gong. Det blei gjort ved å gjøre huset hermetisk. (I nokre hus finst det ein brytar som styrer avtrekket til heile huset, det vil seie den vifta som syg fuktig luft ut frå vaskerommet, dolukt ut frå toalettet, dusjdamp ut frå badet og matos ut frå kjøkkenet, ved hjelp av små runde ventilar på veggen eller i taket. Alle desse ventilane var skrudde hardt til da eg flytta inn. Resultatet var sein klestørk, ein ulekker snek på do, begynnelsen på ein sivilisasjon i vindaugskarmen på badet (vi utrydda han med klor og klut; kluten blei svart som kol). Den einaste staden der det faktisk var blitt lufta, var på kjøkkenet - brytaren til avtrekket var ved sida av kjøkkenvifta, og miljøvernaren/gniaren hadde vedgått at avtrekket måtte vere på for at kjøkkenvifta skulle fungere.)
   Det er verken miljøvennlig eller økonomisk å gjøre huset sitt lufttett. Jo, du sparer ein del pengar på straum, men før eller seinare må du betale det tilbake i form av reparasjonar på grunn av fuktskader. Eller i form av astmamedisin. Eg opna alle ventilane og trudde det var slutt med det. Men den ivrige straumspararen hadde vore listigare enn som så.
   Ei tid tilbake slo det meg at vatnet i huset liksom aldri blei skikkelig varmt. Handoppvasken måtte eg varme vatn til ved å sette vatn i dei skitne grytene og la restvarmen frå kokeplata varme det. Når ikkje det var nok, måtte eg bruke vasskokaren - vatnet i springen var og blei pisslunka. Først førre veke slo det meg at dette kanskje ikkje hadde med røra i huset å gjøre, men med varmtvasstanken.
   Det er verken m... Det er kanskje litt miljøvennlig å skru temperaturen i varmtvasstanken ned til 50 grader celsius. På same måte som det er miljøvennlig å røyke - det er ein ypperlig måte å redusere jordas befolkning på. I løpet av ein vinter med 50-gradersvatn har vi altså likevel ikkje stroke med av legionella eller andre basiluskar, og pengar spart skal ein vere takknemlig for, om det no er gjort med fare for eiga helse eller ikkje. Likevel blei temperaturen utan vidare nøling skrudd opp til ein litt tryggare temperatur, 65 grader (no er det altså mulig å skolde seg i oppvaskvatnet - hurra!)
   Historia kunne ha vore slutt her, men hald deg fast! No kjem det spektakulære:
   I dag var det bølgjer i do.
   Heilt av seg sjølv.
   Eg lurer på om det har noko med varmtvasstanken å gjøre. Viss nokon kan gi ei forklaring på fenomenet, syng ut!

   No over til del to, som er ein mykje kortare del enn del éin: Eg vil ganske enkelt informere om at eg i dag greidde å lage suppe som såg nøyaktig ut som oppkast. Men ho var god, da.
   Som ei feiring av denne perverst uappetittlige middagen vil eg dele ein klassikar frå Ivar Aasens hand med den heldige lesaren (korfor er ikkje denne godbiten like kjend som "Nordmanden"?)

Eg held di hand i mi
Eg held di Hand i mi, Skatt, eg gjev ho ømt eit Kyss,
ho smaka ogsaa godt daa eg gnog litt paa ho nyss.
Um berre du var her, Skatt, var Lukka mi so skir,
men framleis hev eg Handa di som ein Souvenir.

Eg skar ho av den Natt du døydde, spyr meg ikkje kvi;
kvar gong eg klember på ho fær eg Blod paa Skjorta mi.

Eg er lei for at eg drap deg, for vaar Hugleik var so blid,
heilt til dei kjem og tek meg held eg handa di i mi.

   Greitt, så har ikkje Ivar Aasen eigentlig skrive denne vesle visa. Ho er omsett frå engelsk og skriven av Tom Lehrer. Men ho var fin, da.