Førre innlegg på bloggen uttrykte begynnande bekymring for eksamen i litteraturhistorie. No har eg heldigvis oppdaga at eg har notat frå fleire enn den eine førelesinga. Men det er ikkje dermed sagt at bekymringa har grunn til å stoppe. Ho kan ta nye former i staden.
Dei aller fleste nordmenn har på eit eller anna tidspunkt hørt om Knut Hamsuns føredrag: "Om det ubevidste sjæleliv", som han turnerte med rundt starten av 1890-talet, før vi fekk Hugos tivoli. Derimot er det ikkje så mange som faktisk har lese det som blei sagt i dette føredraget. Det har så klart eg, i og med at eg har eit litteraturhistorieemne i haust.
Før eg fortel om den litt bekymringsverdige vendinga, vil eg fortelje om noko som Knut Hamsun fortel om i dette føredraget. Han skriv at han alltid sov med blyant og papir i nærleiken, så han kunne skrive ned gode idear som kom til han om natta. Ein morgon vakna han og oppdaga at papira inneheldt to små stykke som han absolutt ikkje kunne hugse å ha skrive, men som heilt tydelig var i hans eiga hastig nedrabla handskrift. Det var faktisk to korte jaktskrøner. Historia endar med at han oppdagar at han - i søvne - har utbetra ei historie han har lese i ei norskamerikansk avis, samt skrive ei til i same stil.
Da eg vakna i morges, såg eg at noko tilsvarande tydeligvis hadde skjedd med meg. Etter at eg kvelden før hadde lese ikkje berre Hamsuns føredrag, men også notata mine om Petrarcas og Shakespeares sonettar, må eg ha blitt så inspirert at eg har gjort Hamsun etter. Da eg såg dei i morges tenkte eg meg om og følte ei aning i blodet mitt om, at eg om Natta, mens det enno var mørkt, hadde gripe Blyanten og Papira på Nattbordet og skrive desse to småstubbane:
Petrarca skreiv sonettar der kvar staving
som slutta verset enda slik som dette:
først abba abba – her skal bli sonette!
cdc dcd - sjå, inga raving.
Og når eg no sjølv prøver på å skrive
sonettar i den forma som han gjorde
så er å fylle strofa to med orde
for meg det aller, aller største kivet
(beklagar at eg ingen annan utveg
(beklagar at eg ingen annan utveg
enn naudrim fann i hine førre strofa.
Eg håpar lesaren ber over med meg.)
No oppdagar eg nok ei katastrofa -
No oppdagar eg nok ei katastrofa -
Det skulle stått ”sonett” der oppe, ser eg!
I natt blir det nok ikkje seng, men sofa.
*
Herr Shakespeare skreiv så mangt eit dramastykke
*
Herr Shakespeare skreiv så mangt eit dramastykke
for Globens scene mellom Londons gater.
Men mannen gjorde også mykje lykke
på andre felt enn engelske teater.
Sonettar var han god på, denne sonen
Sonettar var han god på, denne sonen
av hanskemakaren ved elva Avon.
Han dikta dei sannsynligvis mens månen
skein over han. Og William sa ”Dæven;
så god som eg er til å dikte desse,
så god som eg er til å dikte desse,
så er det reint for galt at eg i staden
skal kaste bort mi kraft og mi finesse
på dramatikk!” Det blei reine tiraden.
Da mumla det frå naboens alkove:
Da mumla det frå naboens alkove:
”Hald kjeft, Shakespeare. D’er folk her som vil sove."
Eg har altså, i absolut sovende Tilstand, skrive ikkje aleine logisk korrekt, men også i korrekt sonettform a la Petrarca og Shakespeare.* Og det er jo litt bekymringsverdig.
Eg har altså, i absolut sovende Tilstand, skrive ikkje aleine logisk korrekt, men også i korrekt sonettform a la Petrarca og Shakespeare.* Og det er jo litt bekymringsverdig.
*Nei. Eg har ikkje det. Det var dessverre berre kødd, alt saman. Det bekymringsverdige er faktisk at eg bruker tida mi på å skrive dette, i staden for å lese. Men det er trass alt ein betre arbeidsflukt enn å ta oppvasken til dei andre i kollektivet.