fredag 5. oktober 2012

Grytelokket


Det aller første eg mista var hybelen min.

Det kan jo skje den beste. Det var ikkje min feil. Vi kollektivbuarane hadde tatt mot til oss til å lage ein grundig rapport om alt som kunne trengje ei utbetring i huset. Tanken var at det skulle bli reparert. Men da huseigaren såg lista, fann han ut at han skulle gjøre meir enn å berre pusse litt på overflata.

Dermed stod vi på gata, mens ytterveggane blei skrella av og golva rivne opp.

Dette kan som sagt skje den beste. Det er jo ikkje umulig å finne tak i ein ny hybel, heller. Eg fann ein fin ein, eg, i alle fall.

Problemet er at eg flytta frå grytelokket til den beste gryta mi.

Det som er så fryktelig dumt er at det er ei svært god gryte. Ho dekker kokeplata perfekt, held på varmen, svir ikkje, vippar ikkje, dampkokaren passar akkurat oppi og ho er stor nok til å lage lapskaus i utan å vere så høg at eg sett meg fast mellom grytetoppen og kjøkkenvifta.

I løpet av halvåret som har gått har ingen grytelokk eg har prøvd, passa til gryta. Det beste nærmast lét ei millimetersglipe heile vegen rundt vere open, sånn at dampen kjem fresande ut og lokket blir ståande og hoppe og skrangle i luftstraumen. Det blir tyrkisk bad på kjøkkenet.

For å unngå dette kan eg legge eit kjøkkenhandkle over. Men handkleet blir raskt fullt av glovarm damp, og eg klarer ikkje å fjerne det utan å skålde handa mi. Så da må eg til med pølseklype. Men etter lang tids bruk blir pølseklypa skeiv, og da må eg fikse ho med teip. Så kjem teipen til å bli slapp. Og så vidare, og så vidare.

Det er ein vond sirkel og eg treng hjelp. Helst profesjonell. Kanskje av Gud.