mandag 30. november 2015

Søppelpostadventskalender: Fordi "Psalm terry hung on him in life".

   For nøyaktig eitt år sidan, den siste morgonen i november, meldte eg meg på min femte nettbaserte adventskalender det året. Det betyr at eg kvar morgon fram til 25. desember brukte minst eit kvarter på å opne epost med adventskalenderluker. Aldri igjen, seier eg berre. Epostopning er noko drit.
   Eg får mykje epost. For å prøve å uttrykke følelsen eg ofte får når eg opnar eposten min om morgonen, vil eg gripe til ei barnebok eg før har referert til, nemleg Charlie og sjokoladefabrikken. Nærmare bestemt: Episoden med hårkaramellane, der Willie Wonka fortel om ei tidleg testblanding som var noko for sterk: Oompa-loompaen som var prøvekanin fekk hår og skjegg som vaks så fort at dei til slutt var nøydde til å ta i bruk ein grasklippar for å halde det nede. Sånn er min epost til tider.


   Så klart er ein del av denne eposten faktisk relevant. Men ein stor del er søppelpost, dvs. post som går rett i søpla. Noko er ting eg har abonnert på, sjølv om det er uinteressant - nyheitsbrev frå diverse fagforeininger, for eksempel. Eller straumen av spam frå Twitter som eg framleis ikkje har greidd å skru heilt av. Eller straumen av skysstilbod frå mitt føretrekte nasjonale skysskollektiv (som så klart berre tilbyr skyss midt i semesteret, når eg ikkje treng det). Eg hiv skiten med ein gong, for eg har ikkje tid til å lese det; eg har ikkje meir enn maks åtti år igjen å leve.
   Noko har eg ikkje abonnert på, som t.d. reklametilbod frå litt shady ballkjoleforhandlarar på nett. Får epost læl. Straffa for å gå inn på dei gale sidene, kort og godt. Og så, til slutt, har vi den verkeleg søplete søppelposten. Den som er søppel på alle nivå. Du får dei sikkert, du også: Epostar som tydeleg er omsette frå thai via Google translate (korleis veit eg det? Jo, fordi nokre av orda framleis står på thai, med alt det inneber av fremmende alfabet). Epostar som bramfritt postulerer at Natasha vil at eg skal bli hennes f$ckboi. (Beklagar, Natasha. Sjølv viss eg skulle komme til å ombestemme meg i framtida: Sats på nokon andre.) Epostar som hevdar at min konto i Danske bank vil bli sperra med mindre eg sender dei alt eg eig av personopplysningar, inkludert den siste q-tipsen eg har brukt. Eg har ingen konto i Danske bank, og eg blir like forundra kvar gong over at nokon trur dei kan lure meg når dei gir seg ut for å vere Danske bank, men sender frå epostadressa sammyboy@bubblez.com.
    Men midt i all denne møkka ligg det av og til ei perle. For eksempel får eg no og da søppelepostar som inneheld masse, masse tekst. Det er umuleg å forstå kva avsendaren vil meg, eller latar som han vil meg (jf. Danske bank-eksemplet over, som jo har ein klar agenda). Det står ikkje "klikk her no" éin einaste gong. Mesteparten er ikkje menneskespråk i det heile tatt, berre heile avsnitt med uforståeleg teiknsalat. Det er godt muleg det er koden til eit horribelt virus. Men inni alt dette røret, ligg her og der små setningar på engelsk. Dei er absurd feilomsette. Men sett ein dei saman, blir eposten til ei slags novelle - som ofte let til å handle om nære menneskelege relasjonar, magisk-realistiske kvardagsaugeblikk, og kanskje no og da litt visdom om livet.
   Denne adventen vil eg dele desse epostane med verda. Ver så god: Dette er min adventskalender.