tirsdag 31. mai 2011

Påskekrim - løysing


Oscar Wilde in Merrion Square
Oscar Wilde unnvik etterforskarens spørsmål, men vi lar oss
ikkje lure. Sjå på denne fyren! Klart det var han som gjorde det.
   I Agatha Christies krimhistorier har eg alltid mykje meir moro av å prøve å finne ut kven som er den homofile (for det er nesten alltid ein) enn kven som er mordaren. I saka om den knekte oppvaskkosten trur eg det er liten tvil om kven som er den homofile: Oscar Wilde, som vi no avhører direkte frå ein stein i ein park i Dublin.
   Og la oss begynne med det openbare spørsmålet. Heile internett kan ikkje ta feil: Oscar Wilde, var det du som på så skjendig vis knekte oppvaskkosten i det heienske hus i påska, denne mest heilage av tider for kyrkjegjengarar og skigåarar?
   - To disagree with three-fourths of the British public is one of the first requisites of sanity.
   Prøver du her å implisere, herr Wilde, at internett tar feil?
   - The only thing that sustains one through life is the consciousness of the immense inferiority of everybody else, and this is a feeling that I have always cultivated.
   Så for å oppsummere: Du påpeiker her på ditt vittige, irske vis at du ikkje berre meiner internett tar feil, men at menneska der ute ikkje er verd å høre på. Men det er ikkje nok til å få deg av kroken. Sei meg, herr Wilde, på sida av saka, har du noen gong arbeida som butler?
   - Work is the curse of the drinking classes.
   Eg skjønner. Eg skjønner dessutan at du ikkje har tenkt å svare alvorlig på spørsmåla?
   - Life is far too important a thing ever to talk seriously about.
   Greitt. Men du forstår at du har kosta oss ein oppvaskkost? Det blir fort pengar utav sånt.
   - We live in an age when unnecessary things are our only necessities. What is a cynic? A man who knows the price of everything and the value of nothing.
   Ja, du får det sagt.
   - Whenever people agree with me I always feel I must be wrong.
   Til lesaren: Eg begynner no å bli irritert over at Oscar Wilde på same tid unnvik spørsmåla og gjør fornærmande implikasjonar om mine og andres sjelsevner. Dessutan ser han plagsamt slesk ut. Eg prøver meg på eit nytt, no noko desperat frontalangrep:
   Svar reint og ærlig, no, Oscar Wilde, eg vil berre ha eit enkelt svar -
   - The truth is rarely pure and never simple. It is a very sad thing that nowadays there is so little useless information.
   Så du prøver å bidra med meir av han? Hittil har du faktisk berre servert oss ræl; faktisk har alle dine svar til no berre vore gamle Oscar Wilde-sitat.
   - Quotation is a serviceable substitute for wit.
   Eg må minne deg på, Oscar Wilde, at sia du er daud, burde du passe litt betre på ryktet ditt.
   - Biography lends to death a new terror.
   Nettopp. Har du ikkje eingong ein butlar du kan skylde på?
   Men det hadde ikkje Oscar Wilde. Han blir altså kjend skyldig i å ha knekt oppvaskkosten og må ta oppvasken som straff. Mens han står i sin slåbrok og med ein sigar sjarmerande (synest han sjølv; og han drit i kva eg synest, som kjend) i munnviken, vaskar han opp med stor innleving, takkar ja til eit stykke absolutt fabelaktig mislykka, men stadig god sitron- og marengspai, og kommenterer:
   - You will always be fond of me. I represent to you all the sins you never had the courage to commit.
   Som å knekke oppvaskkosten. Jo takk.

Anne Louise Hübert - ein liten helt


Tøff tøtte på masse mais
 I fjor (trur eg det var) hadde eg den store æra å møte denne fantastiske unge dama, som bur i nabolaget til tanta og onkelen min. Ho var ute og reiste litt i sin ungdom - det er det jo mange som gjør. Men enten det no er oppdraginga hennes eller berre karakterstyrke, gjekk ho faktisk grundig til verks i møte med eit lokalsamfunn med behov for litt hjelp.
   Da vi besøkte ho dreiv ho postordrefirma i korgbransjen. Basert på lokalt handverk - førestell dykk naudhjelp for Noreg der ein tilbyr alle kjerringene å marknadsføre heimestrikka lestar for dei - hadde ho hjelpt desse folka med å skaffe seg ei inntekt som no kunne ordne skolemat til ungane deira. Portoen betalte ho av eiga lomme - alle inntektane gjekk til prosjektet. Ho fortalde også ivrig om eit prosjekt der dei prøvde å få i gang eit slags irrigasjonssystem der ein grov halvsirkelforma groper. Det var ikkje vanskelig, det kravde berre litt organisering, litt kunnskap og ein bitte liten startkapital - og den greidde ho altså å mobilisere her i Noreg. Som ho seier i dette innlegget i bloggen sin om sitt prosjekt: Netto 700 kg mat til ein familie kosta "like mye som en pølse på Narvesen."
   Fantastisk. Følg gjerne med på denne gjengen!
http://annelouisesblog.wordpress.com/2011/05/30/5-korn-til-300-familier/

onsdag 25. mai 2011

Den eines brød, den andres herlige lokalglobale grasrothåp



   Nok ein gong ein deilig, deilig video frå TED, som held fram med å fortelje om vakre nye idear. Dette foredraget handlar om den såkalla "Food movement" eller på godt norsk "Matrørsla" som utan den grøne revolusjonens genmanipulerte frø og kunstgjødsel (som jo var fint, det òg, men dessverre veldig urettferdig og lite berekrafktig) finn fine måtar å slå fleire fluer i ein smekk på og sjå heilskaplig på korleis fleire problem saman kan bli ei større løysing.
   For dei som blei UTRULIG inspirerte: Viss du har eit flatt tak på huset ditt, kan du jo spørre dei som eig huset og kjenner bygningsstrukturen om du kan få lov til å legge plast, leka, matjord og gulrotfrø oppå der. Så kan du eventuelt gi dei gulrøter i trøstepresang når taket raser ned med deira løyve.

torsdag 19. mai 2011

Mohammed Nasheed

   For tre minutt sia fekk eg eit nytt idol:

Mohammed Nasheed.



   Eit prisvinnande dokumentarselskap har no laga ein "flue-på-veggen"-dokumentar med Maldivenes president i hovudrolla. Eg håpar verkelig at han kjem til norske kinoar. Viss de blei interesserte, kan de lese meir om filmen her: http://theislandpresident.com/.
   Og skulle noen ha lyst til å vere litt revolusjonære denne veka kan dei jo skrive til dei fortreffelige, mektige menneska i det tidligare "Norske Kinematografers Landsforbund" (no kjend som "Film og Kino"; adressene deira er her: http://www.kino.no/omfilmogkino/kontakt/) og ønskje seg denne filmen.

tirsdag 10. mai 2011

"Plus, you'll look really sophisticated and glamorous while doing it."



   Miljøproblem og global oppvarming, sa du?
   Satirikarane i "The Onion" har funne løysinga på problemet, "den einaste," som dei seier, "som tar problemet ved rota" : http://www.theonion.com/articles/new-ecofriendly-cigarettes-kill-destructive-human,17529/
   Sukk. Da får eg vel berre venje meg til den der sure, fæle røyklukta, da...
"Plus, you'll look really sophisticated and glamorous while doing it."