Nok ein gong ein deilig, deilig video frå TED, som held fram med å fortelje om vakre nye idear. Dette foredraget handlar om den såkalla "Food movement" eller på godt norsk "Matrørsla" som utan den grøne revolusjonens genmanipulerte frø og kunstgjødsel (som jo var fint, det òg, men dessverre veldig urettferdig og lite berekrafktig) finn fine måtar å slå fleire fluer i ein smekk på og sjå heilskaplig på korleis fleire problem saman kan bli ei større løysing.
For dei som blei UTRULIG inspirerte: Viss du har eit flatt tak på huset ditt, kan du jo spørre dei som eig huset og kjenner bygningsstrukturen om du kan få lov til å legge plast, leka, matjord og gulrotfrø oppå der. Så kan du eventuelt gi dei gulrøter i trøstepresang når taket raser ned med deira løyve.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar