tirsdag 1. november 2011

Epleslang

   Eg vil tilrå (merk deg ordet "tilrå"! Det er det beste alternativet til "anbefale" viss du skal skrive korrekt nynorsk. Som kjend er det ein av leikane vi nynorskbrukarar driv med å prøve å unngå å skrive an-be-het-else. Det er litt som da vi var barn og leikte "ikkje tråkk på golvet," eventuelt strekane i fortauet, eller kumlokka. Eg møtte forresten for ikkje så lenge sia ein person som leikte det siste så intenst som barn at ho i dag FRAMLEIS IKKJE TØR trø på kumlokka i gata. "Tilrå" signaliserer dessutan at den som tilrår har autoritet og integritet, men også respekt for den som blir tilrådd sin rett til å gjøre opp si eiga meining. "Anbefale" inneheld derimot ordet "befale," som kan bli påtrengjande autoritært viss folk skal gå og gjøre det til ein kvar gong dei har sett ein god film eller gjort ein artig ting, som) å sykle i Trondheim i dag eller i morgon. Vêret er klart, verken surt eller friskt, men liksom ein kjølig, glasluftig mellomting. Langs vegane daler lauva snurrande frå greinene, og når ein syklar under trea kan ein strekke ut ei hand og jage etter dei gule, fallande blada. Eg har enno ikkje greidd å fange noen av dei, men berre vent!
   Andre ting som ramlar frå tre her nede i sør er frukt. Det er særlig nyper og eple som byr seg fram som interessante for ein student med gnien innstilling. Nyper er litt slitsame å bruke. Har lesaren sett nøye på ei nype nokon gong? Dei er små og raude og luktar veldig godt. Dessverre er dei delt i ein kjip del og ein bra del. Den bra delen er det knall oransje fruktkjøttet som smaker og luktar søtt og inneheld latterlig mykje C-vitamin. Den kjipe delen er frøa, som er store som grautris og har bitte små hår som stikk og klør. Ei nype består av 10 % bra og 90 % kjip materie.
   Eple er såleis mykje greiare. Dei er store og lette å ete og består av 99 % grei materie. (Eplestilkar er ikkje så greie. Dei inneheld blåsyre. No veit du det.)
   Ulempen med eple i forhold til nyper er at nypene er allemannseige. Dei veks vilt langs vegar og stiar. Eple, derimot, veks inne i hagar med gjerde rundt.
   Er det lov å plukke nedfallsfrukt?
   Vi var på orkesterhelg på Mære for over ein månad sia no. Mære er ein landbruksskole, og der vaks det eit fint epletre midt på tunet. Vi nordlendingar har på grunn av meteorologi og breiddegradar ikkje noen frukthagekultur. Kor grensene går når det gjeld andres frukttre er vi såleis ganske uvitande om. Heldigvis var det folk frå fruktkulturar til stades også, og vi kunne bruke dei som eit slags barometer. Nedfallsfrukt er det greitt å plukke. Viss du derimot kastar nedfallsfrukt frukten som framleis heng på greinene for å sjå om han dett ned, begynner dei fruktkulturkyndige å gispe og hikste, og da tolka vi det som at dette ikkje var greitt.
   And now to something completely different: Filosofen John Locke skreiv dette om mat som andre eig, men ikkje bruker: "But if they perished, in his possession, without their due use, [...] [they] might be the possession of any other."*
   Altså bør eg ha lov til å gå inn i den hagen på vegen frå byen der det ligg ein masse nedfallseple som eigarane sjølv ikkje plukkar, og ta dei.
   Og det gjør eg.
   Eg gjør det riktignok i svarte nattemørkret, etter å ha sjekka lenge at ingen ser på, og mens eg pressar meg inntil stakittgjerdet og går i eitt med natta som ein annan eple-Rambo.
   Men teknisk sett har eg altså rett til å ta dei epla eg puttar i jakkelommene til dei buler, og det hadde eg tenkt å seie til dei som bur i huset, også, viss dei hadde komme ut, men det gjorde dei heldigvis ikkje. Ikkje at eg var redd. Eg sykla berre veldig fort derifrå etterpå fordi eg plutselig blei så forferdelig trøytt og hadde lyst til å legge meg, og slett ikkje fordi eg blei redd for at politiet i fruktkulturar legg seg på hjul etter folk som syklar rundt med lommene fulle av eple.
   Epla på bildet under er altså ikkje tjuvegods. Eple som ein har stole, smaker surt, men eple ein har stole ærlig og reielig, smaker søtt.
   Og dei var faktisk ganske gode.
Ifølgje John Locke er desse epla mine. Så det så.


* Les meir om denne fascinerande legitimeringa av slang av mange slag i Tristram Stuart si bok "Waste."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar