Godt nytt år, det er no 2012!
... faktisk har det vore det i snart fjorten dagar, så viss noen enno ikkje har fått det med seg gler det meg å kunne opplyse desse om at dei må ut og kjøpe seg nye kalendrar. I tillegg kan dei begynne å lese seg opp på maya-kalenderen og prøve å avgjøre om det er noen vits i å kjøpe julegåver i år. Som kjend meinte dei gamle indianarane at 22. desember 2012 blir verdas siste bitte lille julaften (akkurat som Harold Camping i fjor meinte at 21. mai 2011 kom til å bli siste sjanse til å markere Montenegros sjølvstende).
Eg vil nytte høvet no i årets første blogginnlegg til å dele ut noen prisar for årets første ditt og datt. Dei fleste av dei blei strengt tatt delte ut alereie før klokka 01:00 første nyttårsdag, men ting må jo publiserast.
Prisen for...
... årets første tenk-heile-tre-gongaren går til Marianne
... årets første tenk-heile-fire-gongaren går til meg sjølv, saman med fem-, seks-, sju- og åtte-gongaren.
... årets første slåtte hjul går til Marianne
... årets første sinnsykt fengslande TV-serie går til BBCs "Sherlock"
... årets første prøv-å-ta-på-noen-som-er-på-andre-sida-av-PC-skjermen går til meg sjølv, i samarbeid med BBC
... årets første snøsumobrytekampsiger går til Marianne
... sist, men ikkje minst, årets første legg-deg-ned-i-snøen-i-hagen-og-ikkje-lag-ein-lyd-mens-ein-gjeng-med-fremmende-går-forbi-på-utsida-av-gjerdet-og-det-til-slutt-blir-pinlig går til Marianne
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar