torsdag 23. juni 2011

Standby for haiku

   Madames et messieurs! Det er ein deilig, grå morgon som tillet ruging over rim og rytme innandørs før ein kastar seg på sykkelen for å dra til Biltema, dette nyttens tempel der ALT finst (inkludert tekstiltusjar, kjedeskjermar og silkepapir).
   Den vesle avstemminga om avløysarord til "kvilestrøm" blei suverent vunnen av kandidaten "Sølestrøm." Juryen som måtte forklare avstemmingsresultatet sa dette:
   "Mens ordet "kvilestrøm" leiar tankane til sofa, fjellturstopp ved klare bekkar, meditative og hyggelige tekststader i det Gamle Testamente og mjuke, kvite laken, er ordet "sølestrøm" meir grisete, fullt av sand, olje, smuss, sløsing, mjølk på duken og raudfjesa småungar med dårlig motorikk. Derfor synest vi det er flott at dette byttet finn stad, og vi oppfordrar alle til å ta det nye ordet i bruk. Vi krev også høgare lønn."
   Og her kjem haikuen som blei lova. Nr. 1 er for dei meditative sjelene der ute (les han gjerne halvhøgt og alvorlig for deg sjølv mens du sitt i mørket med armane rundt knea og tenker over alle små tings finurlige plass i universets djupne). Nr. 2 er for alle oss som har eit gammalt stereoanlegg som det alltid vislar litt strøm gjennom, på soverommet. Og Nr. 3 er min personlige favoritt.

Haiku Nr. 1
Raud lysprikk i natt.
Stille susing i ledning.
Søler ut strømmen.

Haiku Nr. 2
Lyden gjør meg gal:
Sølestrøm i høgtalar.
Ut med kontakten.

Haiku Nr. 3
Natt. Raudt lysauge.
Monster under senga? Nei.
Sølestrøm-Sauron.

tirsdag 21. juni 2011

Kuøkonomi

   Denne fann eg her: http://luksusfellen.info/ku%c3%b8konomi/, og humorverdien var faktisk så høg at å ikkje dele våset med verda ville gitt meg tre år i skjærselden. Ver så god - kuøkonomi.

   Kuøkonomi
   For de som ønsker å forstå litt mer av økonomi og derfor trenger et lynkurs i ulike økonomiske teorier og økonomisk praksis, har man enkelt og greit brukt storfe som eksempel for å forklare litt økonomiteori. Det er bare å lese og la seg opplyse:
   Sosialisme: Du har to kyr, og gir den ene til naboen din.
   Kommunisme: Du har to kyr. Staten tar begge og gir deg litt melk.
   Fascisme: Du har to kyr. Staten tar begge og selger deg litt melk.
   Nazisme: Du har to kyr. Staten tar begge og skyter deg.
   Byråkratisme: Du har to kyr. Staten tar begge, skyter den ene, melker den andre, og kaster melken.
   Kapitalisme: Du har to kyr. Du selger den ene og kjøper en okse. Flokken vokser, og dermed også økonomien. Du pensjonerer deg og lever av inntektene.
   Surrealisme: Du har to sjiraffer. Styresmaktene krever at du lærer å spille munnspill.
   Amerikansk økonomi: Du har to kyr. Du selger den ene, og tvinger den andre til å produsere melk tilsvarende mengden fra fire kyr. Kua dør, og du hyrer en konsulent for å finne ut hvorfor.
   VENTURE-kapitalisme (Islandsk måte…): Du har to kyr. Du selger tre av dem til ditt børsnoterte selskap ved hjelp av kreditt åpnet av din svoger i banken, og deretter gjør et bytte med et annet tilbud, slik at du får alle fire kuene tilbake, med et skattefritak for fem kyr. Melkerettighetene til seks kuer overføres via en mellommann til et Cayman Island selskap som i hemmelighet er eid av en hovedaksjonær som selger rettighetene til syv kuer til ditt børsnoterte selskap. I årsrapporten oppgis det at selskapet eier åtte kyr, med en opsjon på en til. Du selger en ku for å kjøpe en ny president i USA, da har du ni kuer. Så kjøper det offentlige din okse.
   Fransk økonomi: Du har to kyr. Du går i streik, organiserer et opprør og blokkerer veiene fordi du vil ha tre kuer.
   Japansk økonomi: Du har to kyr. Du redesigner dem slik at de blir ti ganger så små og produserer tjue ganger så mye melk. I tillegg lager du en morsom tegneserie som handler om minikuer som kan fly og som blir populær over hele verden.
   Tysk økonomi: Du har to kyr. Du bygger dem om slik at de spiser kun en gang i måneden, melker seg selv og lever i hundre år.
   Italiensk økonomi: Du har to kyr, men du vet ikke hvor de er. Du tar lunsjpause.
   Sveitsisk økonomi: Du har fem tusen kyr. Ingen av dem tilhører deg. Eierne betaler deg for å lagre dem.
   Kinesisk økonomi: Du har to kyr. Du har tre hundre mennesker som melker dem. Du hevder at du har full sysselsetting og høy produksjon. Du arresterer journalisten som vil rapportere om den virkelige situasjonen.
   Indisk økonomi: Du har to kyr. Du tilber dem.
   Britisk økonomi: Du har to kyr. Begge er gale.
   Irakisk økonomi: Alle tror du har mange kyr. Du forteller dem at du har ingen. Ingen tror på deg, så de bomber deg og invaderer landet. Du har fortsatt noen kyr, men nå er du i det minste en del av demokratiet…
   Australsk økonomi: Du har to kyr. Business virker ganske bra. Du stenger kontoret og går for å ta et par øl for å feire.
   New Zealandsk økonomi: Du har to kyr. Den til venstre ser veldig attraktiv ut.
   Russisk økonomi: Du har to kyr. Du teller igjen, og finner ut at du har fem kyr. Du teller igjen og kommer fram til at du har 42 kyr. Du teller enda en gang og finner ut at du har to kyr. Du slutter å telle kyr og åpner en ny vodkaflaske i stedet.

jeger slukt av ku (Foto: Fotofikling: Tor Raael)
Dette bildet har absolutt ingenting med innlegget å gjøre, men å ikkje vidareformidle det når eg først hadde funne det ville kvalifisert til tre år på Paradise Hotel.

søndag 19. juni 2011

Trist å vere glad - det varsla deLillos-innlegget

   Det kan bli vondt å ha det bra.
   Som for eksempel viss du har fått VERDAS STØRSTE SJOKOLADE. Da har du det bra, da! Heilt til du har ete han. Heile på ein gong. Da har du det vondt.
   Det kan bli vanskelig å ha det lett.
   Dette er faktisk mi største frykt. Gjennom heile mitt skolegangsliv har eg vore nesten litt for flink. Kartesisk dualisme, platonsk dualisme, hypotenus, statthaldarstriden, lokaliseringsfaktorar, næringsinnhaldet i eit egg, alle versa i Terje Vigen, alt berre klistrar seg fast til dei klissete hjernecellene mine, nesten utan at eg treng å arbeide for det.
   Og det er det skumle! Gjennom femten år med skole har eg enno ikkje lært meg skikkelig studieteknikk! Eg har jo aldri hatt behov for det! Kva viss dette suget frå hjernens indre tar slutt? Kva viss filteret blir tett, viss det blir lekkasje i drenet, viss det blir osmotisk balanse, viss limet ikkje lenger klistrar, viss svampen blir gjennomvåt, kort sagt, viss klisteret i klisterhjernen går ut og eg faktisk må jobbe for å lære meg ting? Da kjem eg til å bli totalt akterutseglt av alle dei som har hatt det vanskelig i femten år og er vande til det. Det kan bli veldig vanskelig å ha det lett.
   Det kan bli trist å vere glad.
   For eksempel i filmen "Så som i himmelen," når dirigenten lærer seg å sykle, syklar rundt på gata i den store solfylte utanlandske byen saman med duer og smågutar som også kan sykle (ikkje duene. Berre smågutane), og er så lykkelig, så lykkelig den siste halvtimen før han dør. (Uff da. Spoiler.) Eller når han sitt og blør i hel, men smiler. Åh, det er så trist. (Dog stadig hjarteskjerande vakkert.)
   Du kan bli svolten av å vere mett.
   Viss du går og legg deg etter å ha fylt opp magen som ein bjørn før dvale, vaknar du opp svolten som ein ulv. Magen hyler og truar med å sage seg sjølv i to viss du ikkje gir han litt frukost kvikt. (Dette er visstnok fordi magesekken trekk seg saman etter ei stund som arbeidslaus, men viss ein et ein halv elg til kveldsmat får han så mykje å gjøre at han ikkje rekk å snurpe seg saman før du vaknar. Så det, så: Lediggang er IKKJE rota til alt vondt - iallfall ikkje til alt magevondt.)
   Og det kan bli dyrt å berre tene pengar, viss alle kjøper ting dei ikkje treng.
   ...
   Nei, eg gir opp, eg greier ikkje finne noka bortforklaring av denne påstanden. Det er berre å innrømme det: "Trist å vere glad" handlar om miljø, klimaendringar og at viss vi ikkje endrar måten vi held oss til ressursar og forbruk på, kjem vi til å få problem. Og også om korleis vi gjerne vil bli betre på dette - men berre ikkje kjem heilt i gang. Dei er jo så sympatiske denne gjengen her, eg trur eg dånar. Her kjem songen.

torsdag 16. juni 2011

På ein solskinnsdag som denne - litt skipsfart

   Ja, gutar og jenter, det heiter "På ein dag som denne," ikkje "På ein dag som dette." Det siste er heilt feil. Med mindre du seier "eit dag." Og det gjør du jo ikkje.
   Ja, det er sol! Ja, det har vore sol heile den siste veka! Ja, det har vore forsøk på å lage ei soltatovering! Nei, det har ikkje lyktest! Ja, det er ikkje like fint vêr i Sør-Noreg! Ja, vi elsker skadefryden, Nord-Noregs nasjonalfølelse nr. 2! (Nr. 1 er indignasjon.)
   På ein dag som denne tenkte eg at eg ikkje kunne publisere det alvorlige innlegget om de Lillos som eg har skrive i det siste. Men ut frå internettets forunderlige djupner dukkar så dette mirakelet frå Salvador Dalis hand (eller kanskje helst pensel? Eg trur pensel) fram:

Salvador Dalis vakre bilde, som heiter noko sånt som "Vengeskipets avgang" på norsk.

   Sukk! Tenk om vi kunne hatt SÅNNE skip!
   Det trengst litt revolusjonering i skipsfarten, nemlig. I 2008 fekk Noreg gjennomslag i IMO (som er FNS skipsfartsorganisasjon) for eit forslag om å redusere utsleppa frå skipsfarten. Norsk skipsfart sine utslepp det året blei rekna til mellom 40 og 50 millionar tonn CO2 i året. Det er like mykje som resten av landet greier å sleppe ut frå land. Vedtaket i FN betydde i praksis at skip må finne andre typar drivstoff enn tungolje, pluss at det vil lønne seg å få meir hydrodynamiske skrog, senke farta osv.
   Men korfor stoppe der, med så grå og byråkratiske tiltak som det?
   I Noreg driv gruppa FellowSHIP og utviklar skip som skal gå på brenselceller - dei har allereie eitt som er delvis brenselcelledrive, "Viking Lady," i drift i Nordsjøen. Skip som går på brenselceller kan bruke alt frå hydrogen til smuglarsprit som folk blir blinde og dør av til rotne fyrstikker som drivstoff.
   Japanarane er så klart dritflinke. Som alltid. Dei har ein fyr, Kenichi Horie, som i 1993 padla seg frå Japan til Honolulu - I EIN TRØBÅT!
   Greitt, det var ein ganske fancy-schmancy trøbåt, og dermed kjem Kenichi heilt i skuggen av bestemora i den franske teiknefilmen Trillingene fra Belleville. Ho gjør reisa frå Frankrike til New York (vel, det liknar iallfall veldig) i ein vanlig, gul trøbåt.
   Men Kenichi gir seg ikkje! Eg vil tru at han fekk ei openbaring undervegs på denne trøbåtturen, og at denne openbaringa var: "Eg er så sjukt sliten. Framleis fire hundre mil til Honolulu. Faen ta denne trøbåten." I 2008 prøvde han seg med eit nytt prosjekt, Suntori Mermaid II, som er segl- og bølgjekraftdriven. Mykje meir behagelig.
   Og no skal Ingrid, som har slutta i jobben sin og har FERIE, FERIE, FERIE ut og sole seg og tenke på sommerfuglskip og sommar. Ahh.

søndag 12. juni 2011

Anfall av revolusjonsånd #1: Ingrid overfell ein mann i dress på Gatwick

   For ei god stund sia no fòr eg på besøk til Elen Marie, som held til ved Aberystwyth-universitetet i Wales. Eg har lenge hatt lyst til å fortelje om den turen - eg skreiv noen fine notat undervegs - og no kjem ein pangstart med episoden som eigentlig markerer slutten.
   Litt bakgrunnsinformasjon er nødvendig for å forstå situasjonen: Eg har plikt-etiske karakterdrag. I tillegg er eg opptatt av at når folk gjør noko positivt, skal dei få positiv feedback - sånn at dei held fram med å gjøre det positive; folk som tar leiaransvar skal sluttast opp om, folk som har gode idear skal oppmuntrast, og så vidare. Eg ser på det som mi plikt å bidra til denne positive feedbacken enten eg kjenner vedkommande eller ikkje.
   Ein annan ting verd å nemne før vi går inn i situasjonen er at eg på tidspunktet hendinga utspann seg øvde på å halde militær haldning - for å unngå ryggproblem seinare i livet. Dette kan ha gitt meg ein ganske skremmande utsjånad. Ver så god - snurr referat.
   Stad: Gate 36 ved Gatwick Lufthamn. Passasjerane står i kø og ser halvtrøtte ut. Ombordstiging ikkje i gang; alt står i stille stampe. Synlig utålmodig flyvertinne i skranken.
   Ein distingvert mellomaldrande herre i dress snur seg til vennen sin og seier:
   Eg tenkte eg skulle begynne å sykle til jobb noen dagar i veka.
   Vennen (jovialt): Det hørast jo gøy ut.
   Herren: Da må eg berre skaffe meg ordentlig sykkel først.
   Ingrid (litt raud i ansiktet etter å ha sprunge/gått veldig fort til gaten der flyet var forseinka trass alt og det er veldig varmt, og altså i tillegg med militær haldning): Eg må få lov til å applaudere planane dykkar.
   Herren (glippar usikkert med auga): Unnskyld?
   Ingrid: Eg synest det er fint at de skal sykle.
   Herren: Ja, det er jo gøy (trekk seg baklengs mot vennen sin og køen, som framleis står stille, i håp om at den skal bevege seg).
   Ingrid: Sykkel er verdas mest energieffektive framkomstmiddel.
   Herren (med flakkande blikk): -
   Ingrid (ror): Ingenting går til spille.
   Herren (ler nervøst): Det er ikkje verdas mest effektive treningsform.
   Ingrid: Nja, nei, kanskje ikkje (leikar synlig med tanken på å påpeike at han jo da kan gå på ski til jobb, sia langrenn er ei av verdas mest effektive treningsformer, med unntak, faktisk, av snømoking. Imens snur herren seg og piler takknemlig fram til skranken og inn på flyet.)

   (Inne på flyet: Herren og vennen hans står i midtgangen ved seterad tre idet Ingrid kjem inn. Ingrid vurderer å påpeike for herren at han bør stå inne i sin eigen seterad når han legg bagasje i hattehylla (sånn at han ikkje sperrar vegen for dei bak). Dette rekk ho ikkje, for herren ser opp med jaga blikk og skvett til sides. Ingrid går til sitt eige sete før ho blir mistenkt for å terrorisere herrar i dress.)

   Vis herren i dress skulle lese dette: Eg ville berre seie at eg synest du er flink. Eg tar sjølvkritikk for at eg framstod som ei gal, raudfjesa tante Sofie. Til alle dykk andre: Ikkje snakk til fremmende herrar på flyplassar. Dei tåler så lite.

lørdag 11. juni 2011

UKRISTELIG kassaapparat

   Eg jobbar i eit landemerke av ei kyrkje i Tromsø. Ikkje med spesielt kyrkjelige ting - eg jobbar faktisk med å ta pengar av folk som har lyst til å komme inn i kyrkja. Nokså ukyrkjelig, ville vel somme faktisk seie. Ja, svarer eg da, men arkitektonisk veldig typisk. For, som ein poetisk kan seie, Guds rike vil aldri forfalle, men kyrkjene, derimot - utan vedlikehald fell dei alle.
   Dessverre er ikkje alt som det bør vere. Vi har fått eit UKRISTELIG kassaapparat. Det er lite, og svart, og det representerer alt eg hatar ved elektroniske duppedittar.
  1. For det første er det vondsinna, eit resultat av ei samansverjing. Denne samansverjinga er mellom arbeidsgivar og kassaapparatprodusent, og mot oss som må bruke kassa. Kvar gong ein tastar feil slepp uvesenet nemlig frå seg ei skjerande piping - PIIIIIIIIIIIP. Lyden er humørlaus og ekstremt indiskret. Det er pipeekvivalenten til ein tonedøv, sursildetande byråkrat i litt for trong dess og med firkanta, svartramma briller som kjem inn døra i det stille kyrkjerommet og seier høgt og monotont, så heile rommet hører det: "Du gjorde ein feil." Grunnen til at kassaapparatprodusenten har lagt inn denne lyden, er at det er forbode med støythalsband på ekspeditørar. Dette er det nærmaste dei kjem utan å bryte loven.
  2. For det andre KAN DET IKKJE SLÅAST AV. Det er eit apparat som berre går i Standby-modus - det vil seie at det oppfattar seg sjølv som så viktig at det alltid står klart, alltid på alerten. Alltid med ein liiiiiten strøm gåande gjennom ledningane. I Noreg kastar vi årlig bort heile Stavangers strømforsyning på slik unødvendig "kvilestrøm." (Fy, for eit hyggelig ord. La oss få eit fælt eit!)
  3. For det tredje skriv det ut kvittering for ALT. Viss vi trykkar på knappen som opnar skuffa, får vi ei ti cm lang kvittering der det står "skuffeåpning." Viss vi tastar inn eit sal, og så annullerer det, får vi ut ein tjue cm lang lapp der det står, i tekst og reknestykke - la meg parafrasere litt - "du gjorde ikkje ein drit." Og på slutten av dagen skriv svinmakta ut heile dagens logg - som vi ikkje treng, og som går rett i søpla - på ein papirstrimmel som sjeldan er kortare enn ein meter.
   Eitt lite kassaapparat - to store miljøproblem.
   Men løysingar finst! La meg nemne to fine ting:
   Fin ting nr. 1: Borte i Statane har dei ei rørsle som kallar seg "The small margin movement" - dei reduserer papirbruken sin ved - nettopp - å krympe margen på utskriftene sine. Du veit det området av arket der det ikkje står noen ting? Ofte treng vi ikkje så god plass som det er lagt opp til der.
   Fin ting nr. 2: Ifølgje Grønn Hverdag vil 800 000 nordmenn som slår av all standby-strøm, spare nok til å forsyne 56 000 husstandar. Dvs: 14 husstandars standbystrøm tilsvarer strømbruken til den femtande.
   Trekk ut kontakten, folkens! Så kan de gå og legge dykk med godt samvit som ekte revolusjonære.



Kjelder:
   Grønn hverdag om standby, på NRK nettradio: http://www.nrk.no/nett-tv/klipp/221379/