søndag 12. juni 2011

Anfall av revolusjonsånd #1: Ingrid overfell ein mann i dress på Gatwick

   For ei god stund sia no fòr eg på besøk til Elen Marie, som held til ved Aberystwyth-universitetet i Wales. Eg har lenge hatt lyst til å fortelje om den turen - eg skreiv noen fine notat undervegs - og no kjem ein pangstart med episoden som eigentlig markerer slutten.
   Litt bakgrunnsinformasjon er nødvendig for å forstå situasjonen: Eg har plikt-etiske karakterdrag. I tillegg er eg opptatt av at når folk gjør noko positivt, skal dei få positiv feedback - sånn at dei held fram med å gjøre det positive; folk som tar leiaransvar skal sluttast opp om, folk som har gode idear skal oppmuntrast, og så vidare. Eg ser på det som mi plikt å bidra til denne positive feedbacken enten eg kjenner vedkommande eller ikkje.
   Ein annan ting verd å nemne før vi går inn i situasjonen er at eg på tidspunktet hendinga utspann seg øvde på å halde militær haldning - for å unngå ryggproblem seinare i livet. Dette kan ha gitt meg ein ganske skremmande utsjånad. Ver så god - snurr referat.
   Stad: Gate 36 ved Gatwick Lufthamn. Passasjerane står i kø og ser halvtrøtte ut. Ombordstiging ikkje i gang; alt står i stille stampe. Synlig utålmodig flyvertinne i skranken.
   Ein distingvert mellomaldrande herre i dress snur seg til vennen sin og seier:
   Eg tenkte eg skulle begynne å sykle til jobb noen dagar i veka.
   Vennen (jovialt): Det hørast jo gøy ut.
   Herren: Da må eg berre skaffe meg ordentlig sykkel først.
   Ingrid (litt raud i ansiktet etter å ha sprunge/gått veldig fort til gaten der flyet var forseinka trass alt og det er veldig varmt, og altså i tillegg med militær haldning): Eg må få lov til å applaudere planane dykkar.
   Herren (glippar usikkert med auga): Unnskyld?
   Ingrid: Eg synest det er fint at de skal sykle.
   Herren: Ja, det er jo gøy (trekk seg baklengs mot vennen sin og køen, som framleis står stille, i håp om at den skal bevege seg).
   Ingrid: Sykkel er verdas mest energieffektive framkomstmiddel.
   Herren (med flakkande blikk): -
   Ingrid (ror): Ingenting går til spille.
   Herren (ler nervøst): Det er ikkje verdas mest effektive treningsform.
   Ingrid: Nja, nei, kanskje ikkje (leikar synlig med tanken på å påpeike at han jo da kan gå på ski til jobb, sia langrenn er ei av verdas mest effektive treningsformer, med unntak, faktisk, av snømoking. Imens snur herren seg og piler takknemlig fram til skranken og inn på flyet.)

   (Inne på flyet: Herren og vennen hans står i midtgangen ved seterad tre idet Ingrid kjem inn. Ingrid vurderer å påpeike for herren at han bør stå inne i sin eigen seterad når han legg bagasje i hattehylla (sånn at han ikkje sperrar vegen for dei bak). Dette rekk ho ikkje, for herren ser opp med jaga blikk og skvett til sides. Ingrid går til sitt eige sete før ho blir mistenkt for å terrorisere herrar i dress.)

   Vis herren i dress skulle lese dette: Eg ville berre seie at eg synest du er flink. Eg tar sjølvkritikk for at eg framstod som ei gal, raudfjesa tante Sofie. Til alle dykk andre: Ikkje snakk til fremmende herrar på flyplassar. Dei tåler så lite.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar