Eg jobbar i eit landemerke av ei kyrkje i Tromsø. Ikkje med spesielt kyrkjelige ting - eg jobbar faktisk med å ta pengar av folk som har lyst til å komme inn i kyrkja. Nokså ukyrkjelig, ville vel somme faktisk seie. Ja, svarer eg da, men arkitektonisk veldig typisk. For, som ein poetisk kan seie, Guds rike vil aldri forfalle, men kyrkjene, derimot - utan vedlikehald fell dei alle.
Dessverre er ikkje alt som det bør vere. Vi har fått eit UKRISTELIG kassaapparat. Det er lite, og svart, og det representerer alt eg hatar ved elektroniske duppedittar.
- For det første er det vondsinna, eit resultat av ei samansverjing. Denne samansverjinga er mellom arbeidsgivar og kassaapparatprodusent, og mot oss som må bruke kassa. Kvar gong ein tastar feil slepp uvesenet nemlig frå seg ei skjerande piping - PIIIIIIIIIIIP. Lyden er humørlaus og ekstremt indiskret. Det er pipeekvivalenten til ein tonedøv, sursildetande byråkrat i litt for trong dess og med firkanta, svartramma briller som kjem inn døra i det stille kyrkjerommet og seier høgt og monotont, så heile rommet hører det: "Du gjorde ein feil." Grunnen til at kassaapparatprodusenten har lagt inn denne lyden, er at det er forbode med støythalsband på ekspeditørar. Dette er det nærmaste dei kjem utan å bryte loven.
- For det andre KAN DET IKKJE SLÅAST AV. Det er eit apparat som berre går i Standby-modus - det vil seie at det oppfattar seg sjølv som så viktig at det alltid står klart, alltid på alerten. Alltid med ein liiiiiten strøm gåande gjennom ledningane. I Noreg kastar vi årlig bort heile Stavangers strømforsyning på slik unødvendig "kvilestrøm." (Fy, for eit hyggelig ord. La oss få eit fælt eit!)
- For det tredje skriv det ut kvittering for ALT. Viss vi trykkar på knappen som opnar skuffa, får vi ei ti cm lang kvittering der det står "skuffeåpning." Viss vi tastar inn eit sal, og så annullerer det, får vi ut ein tjue cm lang lapp der det står, i tekst og reknestykke - la meg parafrasere litt - "du gjorde ikkje ein drit." Og på slutten av dagen skriv svinmakta ut heile dagens logg - som vi ikkje treng, og som går rett i søpla - på ein papirstrimmel som sjeldan er kortare enn ein meter.
Eitt lite kassaapparat - to store miljøproblem.
Men løysingar finst! La meg nemne to fine ting:
Fin ting nr. 1: Borte i Statane har dei ei rørsle som kallar seg "The small margin movement" - dei reduserer papirbruken sin ved - nettopp - å krympe margen på utskriftene sine. Du veit det området av arket der det ikkje står noen ting? Ofte treng vi ikkje så god plass som det er lagt opp til der.
Fin ting nr. 2: Ifølgje Grønn Hverdag vil 800 000 nordmenn som slår av all standby-strøm, spare nok til å forsyne 56 000 husstandar. Dvs: 14 husstandars standbystrøm tilsvarer strømbruken til den femtande.
Trekk ut kontakten, folkens! Så kan de gå og legge dykk med godt samvit som ekte revolusjonære.
Kjelder:
The small margin movement: http://www.washingtonpost.com/wp-dyn/content/article/2008/02/14/AR2008021403284.html
Grønn hverdag om standby, på NRK nettradio: http://www.nrk.no/nett-tv/klipp/221379/
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar