lørdag 23. juli 2011

Skipsfart #2

   På ein trist dag, ein liten trøst frå mammaen til sleeptalking man.


   Tenk om vi kunne ha sånne båtar! Sikkert ikkje så raske, men du, så energieffektive. (Like energieffektive som manetar. Der har du sannelig dyr som ikkje sløser med kreftene!)

   Eg vil oppfordre alle i Noreg til å lage dessert i dag. Det skal iallfall vi. Midt i avmakt og fæle ting, der så lite hjelper, kan ein i det minste lage dessert. Del med noen som er triste eller redde.

torsdag 21. juli 2011

Åh, Nord-Korea, daaaa....!

   I dag regnar det i Molde, rosenes by. Eg synest smått synd på Dag og Tor som står i gågata og vervar folk til Changemaker (de kan sjå kva dei har gjort på sin ville ferd gjennom landets festivalar her), men tviler ikkje på at dei trass i vêret greier å få ungdommen interessert i å endre verda (klart vi kan!).
   Kor vender eg meg når det er gråvêr ute? Jo, til verdas artigaste land: Nord-Korea!
   I 1978 oppdaga Sør-Korea ein tunell som munna ut ein times bedagelig kjøring frå hovudstaden Seoul. Han var to meter brei, to meter høg og ganske lang - 1,7 km, skulle det vise seg.
   Viss eg fann ut at naboen min hadde grave ein overraskingstunell inn i huset mitt ville eg blitt eitt av følgjande:
  1.    Overraska
  2.    Imponert
  3.    Sint
  4.    Nysgjerrig på korleis han greidde det utan at eg oppdaga det
  5.    Interessert i å legge hønsenetting under heile tomta mi for å hindre naboen i å grave seg inn, ikkje berre under kaninburet for å hindre kaninen i å grave seg ut.
   Det kan til og med hende eg ville blitt fleire av alternativa over. I alle fall viss tunellen kunne sleppe 30 000 soldatar i timen nesten rett inn i stua mi.
   Eg trur kanskje Sør-Korea blei litt av det same. Det kan hende dei ikkje blei så veldig overraska, sia dei allereie hadde funne to andre overraskingstunellar som dei festlige naboane deira hadde grave.
   Jaså, Nord-Korea? Enda ein tunell? Vi trudde vi var samde om at dette ikkje var greitt? spurde Sør-Korea, med, "jeg er ikke sint, bare veldig, veldig skuffet"-stemma si.
   Nord-Korea sa at dei visste absolutt ingenting om saka.
   Litt etterforsking viste at boremerke i veggane peikte mot Sør-Korea, frå Nord-Korea, og at tunellen var lagt sånn at han hella nedover mot Nord-Korea, sånn at vatn kunne renne ut og ein kunne bore vidare.
   Det er heilt umulig at Nord-Korea ikkje har grave denne tunellen. Kva har dei å seie til sitt forsvar?
   Kva? Å! Å, de meiner så klart dei nye kolgruvene våre! seier Nord-Korea. (Nordkjosbotnvisa på koreansk, der, altså.)
   Joda, Nord-Korea hadde berre grave noen små kolgruver, dei. Ikkje farlig, veldig dumt at dei skulle grave seg ut i Sør-Korea, ikkje del av planen, dei visste ikkje om det, ein gong. Skulle noen tvile på at det var mulig å grave ei kolgruve i granitt, kunne dei berre gå ned og sjå at veggane var heilt svarte (men det var berre maling, viste det seg).
   I dag er "gruvegangen" ein turistattraksjon, og ein kan gå heilt ned til den første av tre sementbarrikadar som Sør-Korea syntest det var best å plassere nedi der.
- Sjå berre! Ingen tunell! skulle du sagt. - Dei gjekk ikkje på den der. "Du kan ikkje sjå ein tunell med kikkert..." Bla, bla. Dei skal absolutt vere så vanskelige i Sør-Korea.


tirsdag 12. juli 2011

"Kampen om klimaet er også en hjemmekamp"

   Dette innlegget var så klokt at eg stal det, men det er eigentlig skrive av Alvhild Hedstein, og blei publisert på sidene til svanemerket 14. juni.
   Den aktuelle saka var at Roar Flåthen, leiar i LO (for dykk som ikkje følgde med i samfunnsfag på skolen: dette er paraplyorganisasjonen til alle fagorganiserte arbeidarar i dei fleste yrke i Noreg) sa noko veldig dumt om at det blir for dyrt å kutte to tredelar av Noregs klimautslepp heime, sia det kan ramme norsk industri. Dette er teit på fleire nivå, og eg skal nemne eit par før eg slepp dykk laus på Hedsteins kloke ord:
   Nivå ein: Det solidariske nivået. For ein arbeidarorganisasjon, der nettopp solidaritet er eit slagord, blir det heilt vanvittig å skulle legge våre "industrihindringar" over på skuldrane til fattigare land, med ein enda svakare industri og med større behov for å få utvikla ein. Dette er det ein kallar USOLIDARISK.
   Nivå to: Framtidsnivået. Viss norsk industri skal få kose seg vidare, dampande på sin CO2-sigar som bestemora i heksene og med NOX-fjertar og metanfisar fykande til alle kantar, så vil nettopp desse andre landa totalt ha akterutseglt oss om femti år. Da kan Roar Flåthen sitte der og fise til lyden av arbeidsløyse, kapitalflukt og internasjonalt stigma.
   Nivå tre: heilt-urimelig-nivået. Da eg budde i Noregs hovudstad ei tid tilbake, hadde millionbyen enno ikkje innført kjeldesortering. Mens Lenvik kommune i Troms, med 11 000 innbyggarar, hadde hatt eit tre-slags-sorteringssystem i nesten ti år, hadde Oslo kommune knapt begynt å planlegge. Korfor? Fordi det ville ta så lang tid å innføre.
   ... da er det best å begynne tidlig, da, skjønner du. Jo fortare, jo heller!
   OK, no skal eg slutte å skjelle. Her kjem hovudsaka.

   LO møter motbør når de nå går bort fra klimaforliket. De mener slaget om klodens klima ikke står her på hjemmebane, men må vinnes i skoger og fabrikker langt borte.
   Både statsminister, miljøminister og andre politikere uttrykker uenighet med LO, men har i realiteten selv spilt ballen inn i Flåthens hjørne: Regjeringens kongstanke på klimafronten er å redde regnskog i Brasil. Å bevare regnskog er viktig både i forhold til klimaet, artsmangfoldet og rettighetene til dem som bor der - men vektleggingen av regnskog gjør klimakampen til noe som foregår langt borte, i andre himmelhjørner, og uansett er noe rike Norge kan betale seg ut av.
   Dette gjør klimakampen til et finansielt anliggende, og noe rikspolitikerne driver med. Norske forbrukere og norske næringsaktører blir verken lokket eller truet til å ta bedre miljøvalg. Vi blir passivisert, kampen foregår tilsynelatende ikke på vår arena.
  Jeg mener norske politikere - og fagforeninger - burde legge an en bredere front i klimasaken. Det er ikke bare ute kampen står: Store deler av CO2-utslippene er direkte forbundet med produksjon og forbruk. Vår moderne, shopping-drevne økonomi skaper miljøproblemer. Produsentene driver rovdrift på naturressursene, fabrikkene forurenser lokalmiljøet sitt, produktene inneholder kjemikalier som kan true både forbrukeren og naturen, varene fraktes verden rundt, og vi skaper enorme mengder avfall.
   Alle faser av et produkts produksjonsprosess påvirker utviklingen av klimaet - og derfor ligger løsningen også her: Forbruk og produksjon må i framtida belaste klimaet mye mindre enn i dag.   Derfor må forbrukere og produsenter aktiviseres, gjøres ansvarlige for sine handlinger. Klimakampen står ikke bare under eviggrønne trekroner i Amazonas - vi kjemper den selv, hver eneste dag, i dagligvarebutikken og parfymeriet og bilforhandleren og reisebyrået.
   De store, overordnede grepene i klimasaken må politikerne ta - og her får vi bruke stemmeseddelen så godt vi kan. Men alle de små hverdagsvalgene har faktisk stor betydning, og utgjør en utemmet ressurs i klimasaken. Både fordi et mer miljøtilpassa forbruk sprer miljøgevinster i hele verdikjeden, og fordi forbrukerne kan kjenne at de bidrar og at det de gjør betyr noe. Det er viktig for både forståelsen og engasjementet i forhold til klimaet.
   Så min hilsen til Flåthen er at han tar feil, men ikke mer feil enn regjeringen. Klimakampen er også en hjemmekamp.

søndag 10. juli 2011

Flott hatt

   Eg har ein flott hatt. Sia eg ikkje synest det er flott å ha flått, bruker eg den flotte hatten som hatt mot flått i slåtten. Han ligg flatt på hovudet mitt. Eg er flott med flåtthatten på. Har du hatt flått, veit du kor flott det er med hatt, særlig viss hatten er flott.
   Ca. denne samtalen hadde eg med min bror mens eg gjekk og slo gras med hatten på:
   - Du har hatt.
   - Ja. Er han ikkje flott?
   - Korfor?
   - Så eg ikkje skal få flått.
   - Er det ein flåtthatt?
   - Ein flott hatt mot flått.
   - Har du fått flått?
   - Nei, men eg har hatt flått. På foten. Men no har eg ein flott hatt mot flått. Eg har hatt flott hatt og flått, men no har eg berre flott hatt.
   - Det er flott å ha hatt.
   - Det er ikkje flott å ha flått.

fredag 1. juli 2011

Gamerar

   Eg elskar TED.
   Apropos mistenker eg at eg i det siste har hatt eit lite crush på Mr. Melk, men det kan ein knapt hjelpe for, sia han trass alt er designa for å ha akkurat den effekten på alle Noregs mjølkedrikkande kvinner. Det er ikkje noko alvorlig; eg berre kniser litt dumt kvar gong eg ser han på mjølkepakken.
   Men i alle fall!
   TED si heimeside kan vere litt vanskelig å forstå til å begynne med. Dei er jo så usannsynlig kreative; derfor har dei så klart laga eit heilt ukonvensjonelt system for å vise dei ulike framlegga i ei ordna framstilling. Sia eg likevel ikkje forstår stort av systemet deira, pleier eg berre å trykke på tilfeldige knappar og la meg fascinere av kaleidoskopeffaktene til eg finn noko som interesserer meg.
   Slik kom eg over framlegget til Jane McGonigal om korleis gamerar kan redde verda. Hvah? seier du. Er ikkje gamerar inst inne (eg veit ikkje om dette stempelet står så sterkt at gamerane sjølv har det gjømt på ein sår plass inne i seg, dei også) berre noen kvisete arbeidsunnvikarar med feitt hår og slappe intertransversarii?
   Påstanden til Jane McGonigal er at for å kunne overleve på jorda det neste hundreåret, blir vi nøydde til å spele nettbaserte spel, ikkje 3 milliardar timar i veka som no, men 21 milliardar timar i veka. Resonnementet bak er at folk som speler mykje spel - meir enn 10 000 timar før dei er 21 - blir spelvirtuosar. Ja, greitt, seier du da. Seier pappa og mamma, iallfall. Men kva i himmelens namn skal du med det seinare i livet?
   Jo, seier Jane McGonigal, gaming gjør faktisk folk til dyktige og optimistiske problemløysarar. Så er det berre om å gjøre å formidle verdsproblem til dei på ein måte som dei kan sette seg inn i.
   Under kjem tre eksempel på spel - to av dei er avslutta, det siste er framleis aktivt. Min favoritt er det første, World Without Oil. Den einaste grunnen er eigentlig at det var det einaste eg tok meg tid til å sette meg inn i. Meir gadd ikkje eg personlig å investere, sia eg ikkje har spelt nettbaserte dataspel ein time i mitt liv, allereie er 21 og såleis er utan håp. Sjekk det gjerne ut - særlig det tredje, Evoke, som det altså framleis visstnok er mulig å spele. Folk som blir skikkelig gode i det blir automatisk knytte til universitet i Afrika sør for Sahara som samarbeidspartnarar. Ja, du hørte... øhrm, leste riktig. La meg gjenta det: Folk som blir skikkelig gode til å endre verkeligheita i dette spelet, får sjansen til å spele vidare - i verkeligheita.


 
http://www.ted.com/talks/jane_mcgonigal_gaming_can_make_a_better_world.html

http://www.worldwithoutoil.org/
Liker at "all corners of the globe" betydde "Frankrike."

http://archive.superstructgame.net/

http://www.urgentevoke.com/
Dette spelet blir visst spelt no?