Eg elskar TED.
Apropos mistenker eg at eg i det siste har hatt eit lite crush på Mr. Melk, men det kan ein knapt hjelpe for, sia han trass alt er designa for å ha akkurat den effekten på alle Noregs mjølkedrikkande kvinner. Det er ikkje noko alvorlig; eg berre kniser litt dumt kvar gong eg ser han på mjølkepakken.
Men i alle fall!
TED si heimeside kan vere litt vanskelig å forstå til å begynne med. Dei er jo så usannsynlig kreative; derfor har dei så klart laga eit heilt ukonvensjonelt system for å vise dei ulike framlegga i ei ordna framstilling. Sia eg likevel ikkje forstår stort av systemet deira, pleier eg berre å trykke på tilfeldige knappar og la meg fascinere av kaleidoskopeffaktene til eg finn noko som interesserer meg.
Slik kom eg over framlegget til Jane McGonigal om korleis gamerar kan redde verda. Hvah? seier du. Er ikkje gamerar inst inne (eg veit ikkje om dette stempelet står så sterkt at gamerane sjølv har det gjømt på ein sår plass inne i seg, dei også) berre noen kvisete arbeidsunnvikarar med feitt hår og slappe intertransversarii?
Påstanden til Jane McGonigal er at for å kunne overleve på jorda det neste hundreåret, blir vi nøydde til å spele nettbaserte spel, ikkje 3 milliardar timar i veka som no, men 21 milliardar timar i veka. Resonnementet bak er at folk som speler mykje spel - meir enn 10 000 timar før dei er 21 - blir spelvirtuosar. Ja, greitt, seier du da. Seier pappa og mamma, iallfall. Men kva i himmelens namn skal du med det seinare i livet?
Påstanden til Jane McGonigal er at for å kunne overleve på jorda det neste hundreåret, blir vi nøydde til å spele nettbaserte spel, ikkje 3 milliardar timar i veka som no, men 21 milliardar timar i veka. Resonnementet bak er at folk som speler mykje spel - meir enn 10 000 timar før dei er 21 - blir spelvirtuosar. Ja, greitt, seier du da. Seier pappa og mamma, iallfall. Men kva i himmelens namn skal du med det seinare i livet?
Jo, seier Jane McGonigal, gaming gjør faktisk folk til dyktige og optimistiske problemløysarar. Så er det berre om å gjøre å formidle verdsproblem til dei på ein måte som dei kan sette seg inn i.
Under kjem tre eksempel på spel - to av dei er avslutta, det siste er framleis aktivt. Min favoritt er det første, World Without Oil. Den einaste grunnen er eigentlig at det var det einaste eg tok meg tid til å sette meg inn i. Meir gadd ikkje eg personlig å investere, sia eg ikkje har spelt nettbaserte dataspel ein time i mitt liv, allereie er 21 og såleis er utan håp. Sjekk det gjerne ut - særlig det tredje, Evoke, som det altså framleis visstnok er mulig å spele. Folk som blir skikkelig gode i det blir automatisk knytte til universitet i Afrika sør for Sahara som samarbeidspartnarar. Ja, du hørte... øhrm, leste riktig. La meg gjenta det: Folk som blir skikkelig gode til å endre verkeligheita i dette spelet, får sjansen til å spele vidare - i verkeligheita.
http://www.ted.com/talks/jane_mcgonigal_gaming_can_make_a_better_world.html
http://www.worldwithoutoil.org/
Liker at "all corners of the globe" betydde "Frankrike."
http://archive.superstructgame.net/
http://www.urgentevoke.com/
Dette spelet blir visst spelt no?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar