torsdag 21. juli 2011

Åh, Nord-Korea, daaaa....!

   I dag regnar det i Molde, rosenes by. Eg synest smått synd på Dag og Tor som står i gågata og vervar folk til Changemaker (de kan sjå kva dei har gjort på sin ville ferd gjennom landets festivalar her), men tviler ikkje på at dei trass i vêret greier å få ungdommen interessert i å endre verda (klart vi kan!).
   Kor vender eg meg når det er gråvêr ute? Jo, til verdas artigaste land: Nord-Korea!
   I 1978 oppdaga Sør-Korea ein tunell som munna ut ein times bedagelig kjøring frå hovudstaden Seoul. Han var to meter brei, to meter høg og ganske lang - 1,7 km, skulle det vise seg.
   Viss eg fann ut at naboen min hadde grave ein overraskingstunell inn i huset mitt ville eg blitt eitt av følgjande:
  1.    Overraska
  2.    Imponert
  3.    Sint
  4.    Nysgjerrig på korleis han greidde det utan at eg oppdaga det
  5.    Interessert i å legge hønsenetting under heile tomta mi for å hindre naboen i å grave seg inn, ikkje berre under kaninburet for å hindre kaninen i å grave seg ut.
   Det kan til og med hende eg ville blitt fleire av alternativa over. I alle fall viss tunellen kunne sleppe 30 000 soldatar i timen nesten rett inn i stua mi.
   Eg trur kanskje Sør-Korea blei litt av det same. Det kan hende dei ikkje blei så veldig overraska, sia dei allereie hadde funne to andre overraskingstunellar som dei festlige naboane deira hadde grave.
   Jaså, Nord-Korea? Enda ein tunell? Vi trudde vi var samde om at dette ikkje var greitt? spurde Sør-Korea, med, "jeg er ikke sint, bare veldig, veldig skuffet"-stemma si.
   Nord-Korea sa at dei visste absolutt ingenting om saka.
   Litt etterforsking viste at boremerke i veggane peikte mot Sør-Korea, frå Nord-Korea, og at tunellen var lagt sånn at han hella nedover mot Nord-Korea, sånn at vatn kunne renne ut og ein kunne bore vidare.
   Det er heilt umulig at Nord-Korea ikkje har grave denne tunellen. Kva har dei å seie til sitt forsvar?
   Kva? Å! Å, de meiner så klart dei nye kolgruvene våre! seier Nord-Korea. (Nordkjosbotnvisa på koreansk, der, altså.)
   Joda, Nord-Korea hadde berre grave noen små kolgruver, dei. Ikkje farlig, veldig dumt at dei skulle grave seg ut i Sør-Korea, ikkje del av planen, dei visste ikkje om det, ein gong. Skulle noen tvile på at det var mulig å grave ei kolgruve i granitt, kunne dei berre gå ned og sjå at veggane var heilt svarte (men det var berre maling, viste det seg).
   I dag er "gruvegangen" ein turistattraksjon, og ein kan gå heilt ned til den første av tre sementbarrikadar som Sør-Korea syntest det var best å plassere nedi der.
- Sjå berre! Ingen tunell! skulle du sagt. - Dei gjekk ikkje på den der. "Du kan ikkje sjå ein tunell med kikkert..." Bla, bla. Dei skal absolutt vere så vanskelige i Sør-Korea.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar