Er ein meir skikkelig student når ein bur for seg sjølv enn når ein bur heime?
Ja, vil eg kanskje seie. Eg føler meg iallfall meir som ein skikkelig student når eg no oppdagar kor lite eg har i kjøkkenskapet. Min einaste skikkelige matvare er ein pose havregryn. Havregryn skal ein ikkje kimse av, så klart (etymologisk merknad: å kimse er eit gammalt norsk ord for å kaste med nakken). Mang ei ku har dingla med beina i bratte norske fjellsider mens ho blir heist opp til garden av ein person med berre havregraut i magen. Like fullt verkar skapet litt tomt.
For dei som ikkje har fått det med seg har eg flytta til Trondheim - ja, ein av Noregs få byar med to offisielle stavemåtar! - for å studere nordisk og bli lektor. Eg hørte nylig om ein lektor som hadde brukt vikartimen sin på å insistere på at ho var LEKTOR, ikkje lærar, og til dette må eg berre seie: Viss ein lektor ikkje er ein lærar, kva i alle dagar skal vi brukast til da?
Mamma har hjelpt meg på plass på hybelen i to dagar no. Vi har hatt ein koselig kjøretur frå Tromsø til Trondheim med eit passe stort flyttelass i bagasjen og to dagar i Trondheim til å raide IKEA og skru for harde livet. Det er blitt yttarst fint på loftsrommet her. I dag morges kjørte mamma heim igjen, og eg bur no altså offisielt aleine, i Trondheim.
Etter å ha pakka ut heile flyttelasset på ein gong tok eg meg ein liten sykkeltur. No begynner dette å hørest ut som ein blogg av typen verda burde vore spart for, der eg skriv det eg burde ha skrive i ei privat dagbok på ein stad der folk kan komme til å kaste bort tida på å lese det og kriminelle organisasjonar kan utleie følsame detaljar om meg frå det. Men eg kjem snart til poenget! På sykkelturen fann eg to fine ting. Den første var dette:
Masse, store bringebær som stod attmed stien og venta! Gjett om det blir bra havregraut i morgon! I tillegg til bringebær hadde denne stien ei grøde med brennesler som var høgare enn meg. Og noen små som eg kan gå og plukke og ha til middag ein dag eg vil vere kjernesunn. Eventuelt er fri for pengar.
Den andre tingen sykla eg rett inn i da eg leita etter ein sti opp til Dragvoll. Plutselig såg eg framfor meg eit skilt som fekk meg til å hikke av fryd. Kva det var? Det skal eg skrive om i morgon eller i overimorgon. Oi, så spennande!