Eg veit ikkje korfor huset heiter Casa Bohemia. Kanskje blei det bygd av tjsekkiske snekkarar?
Uansett snekkarens nasjonalitet lever desse tre glade musikantane eit på mange måtar førebilletlig liv i sitt hus frå femtitalet, skjønt dei har litt av kvart å stri med: For det første har dei måtta vaske 37 slags skit ut av leiligheita si, deriblant den typen skit som fotspor i taket representerer. For det andre luktar det litt av gammal dame der (når eg seier litt, meiner eg kanskje 400 g eller sånn, så det er ikkje eit veldig stort problem). For det tredje lir den vesle rosa gitaren deira av kronisk sjøsjukesyndrom.
Etter å ha vore kjend med Casa Bohemia i litt over ei veke har eg allereie fått høre ein ganske fantastisk filmide som eg kjem til å presentere for bloggens lesarar seinare (oooh, ekskslusivt!) og fått ete ein ganske fantastisk kanelbolle.
![]() |
Hans Jæger er heller ikkje heilt sikker på kva Tsjekkia har med saka å gjøre. |
Tarjei**** Ikke Vegard. Vegard er forsåvidt også en fyr fra Hamarøy da.
SvarSlettHans Jæger er hjertelig velkommen på kaffe og havregrynsvafler i Casa Bohemia.