WWF melder at noen forskarar nylig tok seg ein tur inn i eit hittil lite utforska område av Amasonasregnskogen. Som alle veit er denne skogen urimelig diger. Han dekkar 5,5 millionar kvadratkilometer - det er ca. 110 000 gongar større enn campus Dragvoll. Berre Dragvoll er stort nok til at få av studentane som går der kvar dag kjenner meir enn ein brøkdel av bygget. Faddarane våre oppdaga nylig ein gigantisk kjellar der folk suste att og fram på sparkesyklar. Her om dagen tok eg meg sjølv ein tur rundt i lite utforska område, og eg fann ein trappebrønn med eit skilt der det stod "Psykologisk laboratorium." Eg gjekk raskt og spenstig frå staden før eg rakk å høre skumle lydar der nedefrå.
Forskarane på oppdagingsferd i Amasonas oppdaga ein ny apeart, slår WWF stort opp. Dette synest dei er utrulig vanvittig fantastisk. Utover i artikkelen blir dei litt flate når dei må innrømme at det berre er ein ny variant av ei ape forskarar har sett før.
Samtidig som dei altså er veldig begeistra for denne "nye" apa (det viser seg vel snart at det berre var ei av dei gamle apene som hadde kledd seg ut, tenker eg), lar dei heilt vere å la seg begeistre av dei tinga forskarane også registrerte som får meg til å seie
HÆH! KØDDAR DU! FINST DET SÅNNE DYR?!
Dette noterte forskarane ufortrødent ned på dei vasstette notisblokkene sine:
- Kjempearmadillo
- Kjempemaurslukar
- Kjempeoter
Og av dette kan ein lære at folk ikkje alltid prioriterer dyra sine rett.
WWF om "ny" apeart (hah, eg kjenner jo igjen han fyren på bildet. Gjett om dei har blitt lurt.) http://www.wwf.no/bibliotek/nyheter_fakta/?34246
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar