tirsdag 20. september 2011

Det mest oppsiktsvekkande du kjem til å gjøre i år*

   Kjære alle medrevolusjonære!
   Stump kjøttet i dag!
   ... og ta det kanskje fram igjen på søndag! Ta kotelettane opp av frysaren og la dei få sole seg litt på kjøkkenbordet. Ta skinkesteika på fanget og gråt ein skvett saman med ho mens de ser på Heldiggrisen Babe, før du smell ho i omnen, sett på poteten og inviterer naboen. Sett deg ned med kjøttdeigen din, kos og klapp litt på han, og tenk på at dette har vore eit levande dyr. Faktisk har kjøttdeigen din sannsynligvis til og med vore fleire dyr (samtidig, ikkje etter kvarandre. Denslags får ein munn- og klovsjuke av).
   Kva i nasen er det eg vil fram til?
   Jo, kjære medrevolusjonære, la meg legge armen fortrulig rundt skuldrene dine mens vi går nedover gata mot bondens marked eller noko tilsvarande berekraftig. Det er sånn at sjølv om folketalsaukinga har danna ei J-forma kurve dei siste åra, så har vi framleis meir i vente før denne demografiske berg-og-dalbanen forhåpentligvis flatar ut. La oss ikkje snakke om den eventuelle bakken ned på andre sida - sånt har vi dommedagssekter til å diskutere.
   Desse nye medmenneska våre - eg gestikulerar gemyttlig mot utvalde representantar i ei barnevogn vi passerer på gata - treng alle saman frukost, lunsj og middag, og noen vil også vere interesserte i kveldsmat. Viss alle saman skal ete pølser til middag kvar dag, blir vi nøydde til å finne oss eit par planetar til. Eventuelt spørje dei nemnde dommedagssektene om dei har noen gode idear. Og, la oss innsjå det, dei har ikkje alltid så gode idear.
   Det betyr at viss vi vil at reknestykket skal gå opp på fredelig vis, blir vi nøydde til å dele den kjøttmaten vi har. Kanskje du har hørt om konseptet kjøttfri mandag?
   Vi stoppar idet eg brått held deg fast og snur deg mot meg med eit konspiratorisk uttrykk. Gata myldrar rundt oss som om ingenting står på. Vel, kva om ein blir enda meir radikal enn det? seier eg lågt og intenst.
   Ja, kjære medrevolusjonære, eg snakkar om konsepetet KJØTT PÅ SØNDAG.
   Noen vil augeblikkelig rykke tilbake i avsky ved forslaget. Dei prøver å få dei såra ansiktsuttrykka sine under kontroll. Kva? Ikkje kjøtt? stotrar dei vantru. Ikkje bacon til pannekakene på tirsdag? Ikkje spekemat til grauten på laurdag? Ikkje kjøttdeig i tacoen på fredag? Eller i lasagnen på onsdag? Ikkje pølser på mandag? Ikkje kotelettar på torsdag?
   Eg klappar dei roande på hovudet. Bacon til pannekakene og spekemat til grauten skal gå bra, trøstar eg. Og kanskje noen bitar salami i omeletten på mandag, litt steikt flesk til blomkålsuppa på onsdag, eventuelt noen skinkebitar i potetgratengen på torsdag viss du blir desperat. Og den omnsbakte laksen på fredag treng du vel ikkje kjøtt til?
   Sjølv var eg blant dei som trudde at kjøtt berre ein gong i veka måtte gå galt. Så flytta eg på hybel og blei min eigen kjøkkensjef. Og enten det no er fordi eg er for lat til å handle det inn eller fordi eg er sånn ein knipen gniar, så har eg greidd å ete kjøtt berre ein gong i veka sia eg flytta til Trondheim.
   Det er ikkje berre verdas ressursbalanse som synest godt om kjøtt-på-søndag-konseptet. Det gjør pengeboka også. Og kokebøkene dine, som står på hylla og støvar og saknar å bli bladde i. For kva i himmelens namn kan ein eigentlig lage til middag av to gulrøter, ein potet og litt norvegia? (Å, det er MYKJE, tru meg!) Ikkje minst blomstrar kreativiteten og smakslaukane i kvardagsvegetarianismens kjøkken. Har du noen gong ete kålstuing med sitron? For viss ikkje er det på tide (eit kålhode kostar forresten ned mot 2 kr kiloen no, folkens. Det er nesten ufint billig.)
   Rikskringkastingas program 2 diskuterte problemstillinga her ein morgon. Viss du har ein time å fylle mens du sitt på buss/tog/fly/sykkel/rumpa (eller mens du skjer grønsaker til ratatouille?) kan du jo høre på kva dei kloke hovuda seier ved å laste målet for denne lenka ned til ein sjølvvald mp3-avspelar:

http://podkast.nrk.no/fil/ekko_-_et_aktuelt_samfunnsprogram/nrk_ekko_-_et_aktuelt_samfunnsprogram_2011-0915-1138_6345168380.mp3?stat=1&pks=61435


* Med mindre du allereie har gjort det

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar