Veit du kva ein pitch er?
Ein pitch er ein filmide.
Viss eg hadde litt meir tæl kunne eg gått til for eksempel Steven Spielberg og pitcha denne ideen, som oppstod i Casa Bohemia hos Borghild, Benjamin og TARJEI:
SPASMEMANNEN
Ein spennande, dramatisk film om ein mann som brått oppdagar at han har fått ukontrollerte spasmar, og bestemmer seg for å bruke desse evnene i det godes teneste. Nemesisen hans heiter Tourette X.
Filmplakaten skal ha tittelen SPASMEMANNEN slått opp kjempestort. Under skal undertittelen stå, med berre første og siste bokstav riktig, og alle bokstavane imellom skal vere bokstavsurr stokka hulter til bulter, slik at alle kan få opplevinga av å vere dyslektikarar.
Filmen skal giast ut i ADD-format.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar