Mine damer og herrar, la meg presentere TIM MINCHIN!
Eg håpar de alle saman har hørt om denne raudhåra australiaren, utan sko, men med piano. Sjølv blei eg introdusert for han av den eminente Miriam for lenge sia, og i samband med at det no er ei rund veke sia det blei arrangert ein bitteliten og sofatrong Tim Minchin-kveld i Trondheim, har eg herved ei lita markering.
La meg nytte høvet denne vesle markeringa gir meg til å seie noko om Trondheim: Det er dyr her.
Eg skal kort gjøre greie for dei dyra eg hittil har støtt på/innbilt meg her i byen, rangert etter grad av koseligheit.
- Ein sverm av tjukke små kjøttmeisar som satt og gynga i treet utanfor kjøkkenvinduet. Nesten uhaldbart koselig.
- Ekorn i skogen utanfor vindauget. Det klatra opp og ned og att og fram på greinene her ein dag vi satt med vindauget ope og kunne sjå på det. Den hårete vesle naboen vår let til å vere fan av "Singing in the rain" sungen med handlagde rytmeeffektar. Superkoselig.
- Kyrne (evt. oksane) til bonden. Dei byttar beite ganske ofte, men av og til står dei nesten attmed postkassa og ser akkurat like overraska på oss kvar gong vi kjem syklande eller gåande forbi. Koselig.
- Ein rev som visstnok går og luskar bakom huset og i alle fall i teorien utgjør ein trussel mot kaker som står til kjøling på baktrappa. Ganske koselig likevel.
- Katter. Av og til når eg er ute og syklar treff eg ein katt som held konsentrert på med sine eigne saker, men som ser opp når sykkelen nærmar seg. Da bruker eg å gå av sykkelen og sette meg på huk. Pspspspspspsps, seier eg. Katten gjør da eitt av to: a) ser dumt på meg, og går, eller b) stikk det vesle kattehovudet sitt ned og fram og kjem luskande nærmare for å sjå kva dette er for ein tulling. Det er veldig hyggelig å kose med kattar ein ikkje kjenner. Iallfall så lenge eigarane deira ikkje ser på. Da er det litt skummelt. Eigaren kunne jo tru eg var ein kattnappar, ringe politiet og heimevernet og skremme katten. Derfor føretrekk eg å møte katter om natta, når berre eg og dei er vakne. Litt koselig.
- Hundar. Dei fleste hundane eg har sett i Trondheim er ganske små, og eg har enno ikkje innbilt meg noen store. Dei små er veldig søte, men det trekk litt ned at eg alltid blir redd for å sykle over dei, og at dei ikkje skjønner konseptet "høgreregel". Bitte litt koselig.
- Nattsvermarane som kryr inn dører, vindauge, lufteventilar og dimensjonssprekker i huset vårt på kva tidspunkt som helst om dagen. Det kan av og til verke som om dei berre dukkar opp av ingenting. Det er så kjipt å drepe dei, så eg endar som regel opp med å bruke fem minutt på å fange kvar av dei i hendene og kaste dei ut vindauget. Og så oppdagar eg ein til. Og ein til. Dei verste er likevel den gjengen som har raveparty rundt utelampa vår om kvelden og blir feide med inn i gangen av luftdraget når vi opnar yttardøra. Ikkje koselig.
- Elg. Eg har aldri sett noen elg i Trondheim, men på nemnde Tim Minchin-kveld var det kanskje nære på. Klokka var vel rundt eitt om natta, og vi gjorde oss klare til å dra heim, eg til fots på skogstien mellom Steinåsen og Dragvoll. MEN DER ER DET ELG. Trur eg. Fekk eg høre, iallfall. Eg såg skrekkscena for meg: Eg, der inni skogen. Gåande langs stien, i mørket. Klokka eitt om natta, lang frå folk. Plystrande smånervøst, med sykkellykta som einaste lys, spøkelsesaktig dansande langs dei våte greinene. Og så ELGEN. Eit halvt tonn karbonadar på lange bein. Eit urdyr gjømt bort djupt inne i den tusenårige trønderhovudsdaden. Eit uhyre mykje skumlare enn munken. Brungrå, stri pels, svarte små auge, enorme naseborer. Står der på stien framom meg. Eg bråstoppar, opnar munnen, men greier ikkje å skrike. Elgen senker horna. Han prustar så dampen står rundt nasen på han. Og han spring mykje fortare enn meg. Horribelt lite koselig.
Det enda heldigvis godt - eg fekk skyss heim.
Tim Minchin, altså, mine damer og herrar: Sia dette er Revolusjonsbloggen må det jo bli denne songen:
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar