tirsdag 30. august 2011

Casa Bohemia

   Som alle veit bur eg i Huset i skogen. Huset i skogen ligg i Trondheim. Det ikkje alle nordmenn veit, er at det er meir enn HUNDRE HUS TIL i Trondheim. Eitt av desse er Casa Bohemia, som ligg ein grei sykkeltur frå skogen min. I dette huset bur Borghild, Benjamin og (hjelp! Var det Vegard?).

   Eg veit ikkje korfor huset heiter Casa Bohemia. Kanskje blei det bygd av tjsekkiske snekkarar?
   Uansett snekkarens nasjonalitet lever desse tre glade musikantane eit på mange måtar førebilletlig liv i sitt hus frå femtitalet, skjønt dei har litt av kvart å stri med: For det første har dei måtta vaske 37 slags skit ut av leiligheita si, deriblant den typen skit som fotspor i taket representerer. For det andre luktar det litt av gammal dame der (når eg seier litt, meiner eg kanskje 400 g eller sånn, så det er ikkje eit veldig stort problem). For det tredje lir den vesle rosa gitaren deira av kronisk sjøsjukesyndrom.
   Etter å ha vore kjend med Casa Bohemia i litt over ei veke har eg allereie fått høre ein ganske fantastisk filmide som eg kjem til å presentere for bloggens lesarar seinare (oooh, ekskslusivt!) og fått ete ein ganske fantastisk kanelbolle.

Hans Jæger er heller ikkje heilt sikker på kva Tsjekkia har med saka å gjøre.

1 kommentar:

  1. Tarjei**** Ikke Vegard. Vegard er forsåvidt også en fyr fra Hamarøy da.
    Hans Jæger er hjertelig velkommen på kaffe og havregrynsvafler i Casa Bohemia.

    SvarSlett