tirsdag 30. august 2011

Nauru




   Dei har kule presidentar, desse sydhavsøyene. Dei ser som regel ikkje sånn ut:
   Eg har allereie nemnd presidenten av Maldivene, Mohammed Nasheed, som har laga dokumentar om kampen sin for det vesle øyriket og som har halde regjerignsmøte under vatn. For ei stund sia skreiv presidenten av Nauru, Marcus Stephen, eit innlegg i The New York Times, og det står under her.


   Eg tilrår folk å lese det - det er kort og greitt, og ikkje minst tankevekkande.
   Og viss noen ikkje skulle vite kor Nauru ligg - kjære fleirtal, la oss gjøre dette til ein form for pausegymnastikk. Viss du ikkje veit kor Nauru ligg, rekk opp først høgre hand, så venstre hand. Kjenn kor godt det er å smøre sener, ledd og musklar med litt rørsle!
   Deilig å ha det gjort. Her ligg Nauru:

   Ja, det andre store problemet deira er den enorme streken som går tvers gjennom landet. Det aller kjipaste er at dei nesten hadde lært seg å leve med den, og så kjem desse global oppvarming-greiene. Sukk. Alltid er det noko.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar