La meg få presentere tankane mine om ei sak som vedrører revolusjonen vår. Blant alle tiltak ein kan føreslå, som å skru av lyset i rom ein ikkje bruker, kjøre kollektivt eller bli vegetarianar, er dette kanskje eit av dei mest kontroversielle og revolusjonære forslaga. Nesten like kontroversielt som å skru av lyset i rom ein bruker.
Grunnen til den store kontroversen er at forslaget går heilt på tvers av vår kulturs reinleikstyranni.
Retorisk spørsmål: Kor reint treng eit menneske å vere?
Oi, oi, oi, der fall det noen haker. La meg fullføre før du trampar vekk i sinne over eit slikt absurd brot på takt og tone.
Dei som er ekspertar på miljø, seier så klart at vi må bruke mindre energi, også i form av varmvatn. Når det gjeld hygiene, hører vi så klart ikkje på miljøekspertar - vi hører på hygieneekspertar. Og kva seier dei? Dei seier at vi bruker for mykje såpe. Dei seier at det beste for huda er enkelt, reint vatn. Og at hyppig vasking fører til at kroppen skitnar seg til med vilje for å beskytte seg. Vaskar du håret kvar dag, startar hovudbotnen ei veritabel krigsrustning av feitt.
I klartekst er mitt særs revolusjonære forslag: VASK DEG MINDRE!
Du må så klart vaske deg. Vi vil ikkje lukte stygt og sjå ekle ut. Vask deg helst kvar dag. (Viss du ikkje allereie vaskar deg kvar dag: Begynn i morgon! Du vil bli forundra over korleis vennane dine brått rykkar ein meter nærmare.)
Og så klart må ein dusje innimellom. Vi er ikkje Ludvig 16., heller. Men treng ein verkelig bruke 100 liter vatn i dusjen kvar dag? Så mykje tar nemlig ein femminutts dusj, ifølgje aftensposten.no.
Eg vil derfor gjerne slå eit slag for den gammaldagse vaskemåten kattevask! Tapp deilig varmvatn i vasken om morgonen og vask deg med ein klut. Er du blant dei som blir så fort skitten at sveitten din etter tre timar utløysar røykvarslarane rundt deg, bør du så klart halde fram med å dusje (dusjar du ikkje, seier du? Begynn i morgon!)
På ein kattevask bruker du 1 - éin - liter vatn. Du kuttar varmtvassforbruket ditt med 99%. Det er revolusjonært.
Og sist, men ikkje minst: Kattevasken er ein klassisk good-guy-måte å vaske seg på. Frøken Honey i Matilda, for eksempel, vaskar seg sånn der ho bur i den vesle hytta si i skjul for tyranniske tante Trunchbull.
Og ho er jo både pen og snill (Frøken Honey, altså. Ikkje frøken Trunchbull. Ho er slem og stygg og luktar dessutan sikkert sveitt olympisk meister i kulestøt, enda ho altså sannsynligvis har ein dusj.)
Nei til hygienetyranni, tørr hud og høge strømprisar! La kluten herje! Revolusjon, kameratar!