På nettstaden http://www.ted.com/, med slagordet "Ideas worth spreading" kan ein sjå kloke folk halde lure talar, ofte om fine ting. Der fann eg her om dagen dette herlige teknologisk-kunstnariske solgløttet frå kunstnaren/ingeniøren Natalie Jeremijenko. Sjå på dette og gled dykk.
Er det ikkje fantastisk? Dette er små ting. Det er underfundige og morosame kvardagsendringar som får konsekvensar i tankane til einskildpersonar på botnen av pyramiden, slik at dei kan spreie seg oppover. Det er fredelig og hyggelig og sant og vakkert.
Klart vi treng kunsten.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar