Flytrafikken er ei uendelig kjelde til irritasjon. Når du skal inn på flyet må du først inn på flyplassen, som ofte er ei kokande heksegryte av ryggsekkar og klissete ungar som klissar på golvet så skosolane dine blir seige mens foreldra deira står med høgraude kinn og prøver å finne ut kor, kor dei la reservasjonskoden mens dei prøver å sjekke inn på akkurat den innsjekkingsautomaten som du sjølv hadde tenkt å ta, fordi han er den einaste som ikkje er i ustand. Kofferten skal vere veigd og ryggsekken skal snørast saman enda meir omsynslaust og inhumant enn ein ville gjort med ein sinnssyk i tvangstrøye på 1920-talet. Og når bagasjen så har reist sin veg gjennom eit svart forheng, på ein skrekkens veg der han vil bli handtert av menn som kastar gitarkasser mellom seg (er dei dumme? Trur dei gitarkassa er tom?) skal ein sjølv gjennom terrorens ektefødde barn: Mistenksamheitsmaskineriet kjent som "sikkerheitskontroll."
Verdsfredsdeprimert interludium: Eg er takknemlig for at ingen hittil har sprengt meg med tannkremen sin, det er ikkje det. Men sikkerheitskontrollen er likevel det mest deprimerande punktet ved flyreisa. Ein innser kor djupt problema stikk når alt dette er nødvendig. Kor i alle dagar skal ein begynne for å fikse verda når alt er så rotet at fireåringar må skannast fordi dei kan ha bomber på seg? Folk som ønskjer seg fred i verda i julegåve frå Gud til jul har vald ein minst like fornuftig strategi som alle andre. Jepp, eg ønskjer meg julegåve frå Gud. Og eg er førebudd på å måtte vere sjukt tålmodig.
I alle fall! Når ein har vakla inn i neste flyplass med blodpropp i beina, øresus, sikkel i munnvikene og salt i augekrokane etter å ha sove på skrå i setet, ventar det siste irritasjonsmomentet.
Og denne tingen irriterer meg faktisk grenselaust! Alle andre problem ved flyreisa er heilt forståelige og kan unnskyldast, fordi sånn må det faktisk vere. Ungar klisjar på golvet, folk rotar og blir stressa, flyet er trangt. Sånn er det berre. Men korfor kan ikkje folk oppføre seg rasjonelt ved bagasjeutleveringsbandet?
Unge som gamle, kvinner som menn, alle trykkar seg opptil dei svarte plastfoldane som slangar seg dovent rundt og rundt med bagasje på ryggen. Så tett dei kan. For elles rekk dei jo ikkje fram til koffertane sine! Og bak dei står hundre passasjerar til og trykkar, slik at når noen har fått tak i kofferten sin, er dei fanga der inne ved bagasjebandet. Dei som har fått bagasjen sin, kjem seg ikkje unna med han, og dei som ventar på bagasjen sin må sjå han passere på bandet; dei når ikkje fram til han, for den vesle meteren mellom han og dei er sperra av ein sveitt fyr med koffert som febrilsk prøver å moke seg veg ut til bussen som skal gå om tre minutt.
Det er eit matematisk faktum som alle nordmenn skal ha lært på skolen at jo større ein ring er, jo større omkrins har han. Dette er elementært. Viss folk står heilt inntil bagasjebandet, blir det plass til hundre menneske. Viss alle tar to steg bakover (som for eksempel til bak den gule linja på golvet. Skal tru korfor den er der?) så blir det god plass til to hundre.
Hugs på dette neste gong du er på ein flyplass! Viss berre éin person seier dette høgt, sparer alle ved bandet noen minutt og ein masse stresshormon.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar