Te har ingen sterke biverknadar. Dette veit vi sikkert, for eg har ikkje registrert merkelig oppførsel frå kroppen min si side dei siste åra, og eg drikk så mykje te at eg sikkert aleine held økonomien i eit mellomstort distrikt i søraust-Asia i sving.
Men koking av tevatn har så klart biverknadar: Auka strømprisar, ørkenspreiing, havstiging, osv.
Derfor ser eg med glede at Grønn hverdag har brukt sine fortreffelige menneske til å finne ut korleis ein kan bruke minst mulig strøm til å koke vatn.
... vel, det aller minst strømkrevjande ville vel vore å koke tevatnet på vedomnen. Det kan vi komme tilbake til seinare - kven veit, kanskje testar eg det.
Resultatet Grønn hverdags tapre riddarar kom fram til var iallfall at det passande nok er vasskokaren som er best til å koke vatn. På ein tett andreplass kom induksjonsomnen, mens ei vanlig kokeplate brukte nesten like mykje strøm som desse to til saman. Mikrobølgjeomn is five is right out.
Å koke ein liter vatn krev med Grønn hverdags vasskokar 0,111 kWh. Det er like mykje energi som det er i eit typisk glas raudvin.
(fornuftig resonnement manglar)
Og sia eg ikkje drikk, kan eg altså halde fram med å drikke så masse te eg vil. Heilt til eg blir eit hundre år gammalt medisinsk mirakel, levande balsamert frå innsida av koffein og tannin.
![]() |
Ingrid som nittiåring - framleis hard på tekoppen |
http://www.gronnhverdag.no/Groenn-Hverdags-blogg/Mikromiljoevern-1-Slik-koker-du-vann?utm_source=newsletter_81&utm_medium=email&utm_campaign=Mikromiljøvern: Slik koker du vann
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar