lørdag 19. mars 2011

Så vakkert - så komisk.

I ei tid framover vil denna videoen vere vakker og rørande - og samtidig veldig, veldig morosam. Meg sjølv som læraren som gjorde den store forskjellen for desse søte gamle menneska om seksti år - kanskje var det ikkje så rart at den læraren gjekk litt nye og kreative vegar...

Her kan du sjå videoen!

http://www.hardudetideg.no/fremtiden/4d847f70229f5

fredag 11. mars 2011

Ingrid dummar seg ut: Upassande oppførsel i nazi-førelesing

   Her om dagen kom eg i ein litt pinlig situasjon.
   Eg trur kanskje eg gjør dette ganske ofte, men eg er ikkje heilt sikker. Det er ikkje alltid eg oppfattar situasjonane som oppstår, som pinlige, og når eg gjør det, prøver eg ofte å sjå meg sjølv utanfrå og slik vri mi eiga oppfatning av situasjonen i retning "fornøyelig," i håp om at sjølvironi skal mildne det sosiale stigmaet. Men her om dagen kom eg altså i ein situasjon som eg må innrømme at streifa meg som litt pinlig.
 Førelesingar som samanliknar nazisme og stalinisme er sjeldan meint til å knise av. Når alle andre i rommet sitt og skriv for harde livet for å få notert ned alle dei drepne og akkurat når dei verste terrorperiodane var, er det heller ikkje sosialt akseptert å nyse høgt.
   Til mitt forsvar: Eg prøvde å unngå å nyse. Men eg glømde éin viktig regel: Du skal aldri - aldri! - prøve å stoppe eit nys ved å sette trutmunn. Alle slags p-former på munnen får fatale konsekvensar viss nyset greier å komme seg ut likevel.
   Lyden som kom ut av ansiktet mitt var ein veritabel hornstøyt. Til og med førelesaren måtte leite litt med blikket etter den som med slik kraft hadde blåst fanfare for Stalin.
   Kva gjorde så Ingrid? Det aller dummaste eg kunne gjort: Eg såg meg sjølv utanfrå. Heilt ufrivillig, eigentlig. Det hadde ikkje streifa meg at eg skulle prøve å le det bort for å mildne sosialt stigma. Eg berre innsåg kor latterlig dette var. Og så kniste eg litt. Av terrorregima på 30- og 40-talet.
   Det verste var at kvar gong eg tenkte tilbake på flausa i løpet av førelesinga, klarte eg ikkje å halde tilbake eit salig kjempeflir. Å prøve å undertrykke det gjorde det berre enda verre. Ansiktsmimikken min gjekk såleis overmåte dårlig overeins med førelesarens utlegningar om konsentrasjonsleirar og hemmelig politi.
Så no sitt eg og lurer litt på om sjølvironi er nok til å mildne stigmaet viss ein har klart å ufrivillig framstå som ein sadistisk, blodtørstig humor-nazi-stalinist.

Litt merkelig

   Tim DeChristopher er eit litt merkelig namn.
   Tim DeChristopher gjorde ein litt merkelig ting.
   Han hadde ein eksamen. På veg fraå eksamenslokalet passerte han eit auksjonslokale der boreløyve til eit omstridd oljefelt i Sør-Utah skulle auksjonerast ut same dag. Utanfor var det mange protestantar. Tim DeChristopher bestemde seg for å gå inn. Og utgi seg for å vere bodgivar. Og overby alle dei store selskapa. Og kjøpe opp ein masse oljefelt. Utan noen intensjon om å betale dei milliardane det kosta.
   No har han så klart blidd dømd til fengsel - ti år - for å ha forstyrra ein regjeringsauksjon. Men han greidde å få utsett boringa. Så lenge at det blei administrasjonsbytte frå Bush til Obama. Og det er jo positivt.

   Ei apropos-sak:I 2008 klatra noen britiske Greenpeace-aktivistar opp på ei fabrikkpipe ved eit kraftverk i Kingsnorth. Dei blei tiltalde for hærverk, men hevda at dei handla i sjølvforsvar - dei forsvarte seg mot klimandringar. Og dei vann saka. For ikkje lenge sia skjedde noko liknande i ei liknande sak tilknytta Ratcliffe-kraftverket.




Kjelder:
http://www.guardian.co.uk/environment/2011/jan/05/ratcliffe-coal-protesters-sentence?intcmp=239
http://www.guardian.co.uk/environment/cif-green/2010/dec/16/ratcliffe-trial?intcmp=239
http://www.youtube.com/watch?v=I1t9PniD-bY&feature=related - intervju med Tim DeChristopher om tullstykkjet, ved DemocracyNow.
http://www.huffingtonpost.com/jamie-henn/tim-dechristophers-speech_b_831156.html - full utskrift av Chris DeTimstophers tale

torsdag 3. mars 2011

Stiftemaskin-blues

Det er ingenting så trist
som en tom stiftemaskin
Nei, det er ingenting så trist
som en tom stiftemaskin
Jeg blir så trist når det er
tomt for stifter i maskinen min

Det er ingenting så trist
som en tom datamaskin
Nei, det er ingenting så trist
som en tom datamaskin
Jeg blir så trist når det er
tomt for data i maskinen min

Det er ingenting så trist
som en tom hullemaskin
Nei, det er ingenting så trist
som en tom hullemaskin
Jeg blir så trist når det er
tomt for hull i maskinen min

(?)

onsdag 2. mars 2011

Earth Hour og Missisippi Bullshit Pie (Revolusjon og dessert, altså)

   I går kveld laga eg og min kjære bror kake til oss sjølv og den kjære søstra vår og den kjære faren vår.
(Orsak lang setning. Eg kunne ha vald å trekke ho saman til "den kjære søstra og faren vår," men som de ser ville det fått fatale konsekvensar for meiningsinnhaldet.)

   Det var ei oppskrift som stod i dessertkokeboka vår under namnet "Missisippi Mud Pie." Omdøypinga her til Missisippi Bullshit Pie har tre grunnar:
  1. Bull = okse. Konseptet pai baserer seg på eit paiskal, laga av ein paideig, fylt med paifyll. Paideigen skal kjevlast ganske tynn og steikast i ei kakeform. Den paideigen eg laga i går hadde meir til felles med oksehud enn med bakverk, og å kjevle han ut var som å prøve å kjevle lêr (det betyr "lær," kjære nynorskignorant som lurte). Eg brukte ti minutt på å få han stor nok til å dekke forma. Eg køddar ikkje.
  2. Shit = drit. No var det strengt tatt ikkje drit paifyllet minna mest om. Ordet "klisj-klasj" melde seg derimot med stor styrke frå barndommens skattekiste straks eg sette miksmasteren i den ferdige gørra. Svart og seig og litt knasande (av brunsukker, ikkje grus). Som ein invitasjon til å sette seg ned på rumpa i parkdressen, la sølevatnet renne inn i gummistøvlane og bli absurd tilgriset på sannsynlige og usannsynlige delar av kroppen. Så "mud pie" er absolutt eit godt namn. Men av erfaring veit eg at med unntak av ein litt lysare farge, ser også storfeavføring omtrent sånn ut.
  3. 3. Bullshit = sludder. Som var det oppskrifta var. Paideigen trong meir enn 1 dl vatn - ikkje 1-2 ss. Steiketida var 80 min - ikkje 45.
   Litt trøbbel med oppskrifta der, altså. Også kjend som grunnlag for humor på kjøkkenet. Det kan vi jo like. Paien blei absolutt veldig god, sjølv om eit siste humoristisk høgdepunkt ved det heile var at paibotnen, når han var stekt, var like vanskelig å skjere som brent keramikk. Missisippi Mud Pie, mine damer og herrar, med vekt på leire-aspektet.

  

Te og klisjklasjkake. I bakgrunnen kan vi sjå kniven som måtte avlaste kakespaden da vi
innsåg at paibotnen var ein 8-ar på hardheitsskalaen.

Så, kjære lesar, vil eg gjerne vise deg ein video som nesten rører mitt revolusjonære hjerte til tårer:



   Earth Hour, altså, kjære medrevolusjonære! 26. mars skjer det.
   Da har forøvrig mi kjære mor femtiårsfeiring, så eg lurer litt på korleis det skal gå med mi eiga markering. I'll let you know!