Her om dagen kom eg i ein litt pinlig situasjon.
Eg trur kanskje eg gjør dette ganske ofte, men eg er ikkje heilt sikker. Det er ikkje alltid eg oppfattar situasjonane som oppstår, som pinlige, og når eg gjør det, prøver eg ofte å sjå meg sjølv utanfrå og slik vri mi eiga oppfatning av situasjonen i retning "fornøyelig," i håp om at sjølvironi skal mildne det sosiale stigmaet. Men her om dagen kom eg altså i ein situasjon som eg må innrømme at streifa meg som litt pinlig.
Førelesingar som samanliknar nazisme og stalinisme er sjeldan meint til å knise av. Når alle andre i rommet sitt og skriv for harde livet for å få notert ned alle dei drepne og akkurat når dei verste terrorperiodane var, er det heller ikkje sosialt akseptert å nyse høgt.
Til mitt forsvar: Eg prøvde å unngå å nyse. Men eg glømde éin viktig regel: Du skal aldri - aldri! - prøve å stoppe eit nys ved å sette trutmunn. Alle slags p-former på munnen får fatale konsekvensar viss nyset greier å komme seg ut likevel.
Lyden som kom ut av ansiktet mitt var ein veritabel hornstøyt. Til og med førelesaren måtte leite litt med blikket etter den som med slik kraft hadde blåst fanfare for Stalin.
Kva gjorde så Ingrid? Det aller dummaste eg kunne gjort: Eg såg meg sjølv utanfrå. Heilt ufrivillig, eigentlig. Det hadde ikkje streifa meg at eg skulle prøve å le det bort for å mildne sosialt stigma. Eg berre innsåg kor latterlig dette var. Og så kniste eg litt. Av terrorregima på 30- og 40-talet.
Det verste var at kvar gong eg tenkte tilbake på flausa i løpet av førelesinga, klarte eg ikkje å halde tilbake eit salig kjempeflir. Å prøve å undertrykke det gjorde det berre enda verre. Ansiktsmimikken min gjekk såleis overmåte dårlig overeins med førelesarens utlegningar om konsentrasjonsleirar og hemmelig politi.
Så no sitt eg og lurer litt på om sjølvironi er nok til å mildne stigmaet viss ein har klart å ufrivillig framstå som ein sadistisk, blodtørstig humor-nazi-stalinist.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar