(Orsak lang setning. Eg kunne ha vald å trekke ho saman til "den kjære søstra og faren vår," men som de ser ville det fått fatale konsekvensar for meiningsinnhaldet.)
Det var ei oppskrift som stod i dessertkokeboka vår under namnet "Missisippi Mud Pie." Omdøypinga her til Missisippi Bullshit Pie har tre grunnar:
- Bull = okse. Konseptet pai baserer seg på eit paiskal, laga av ein paideig, fylt med paifyll. Paideigen skal kjevlast ganske tynn og steikast i ei kakeform. Den paideigen eg laga i går hadde meir til felles med oksehud enn med bakverk, og å kjevle han ut var som å prøve å kjevle lêr (det betyr "lær," kjære nynorskignorant som lurte). Eg brukte ti minutt på å få han stor nok til å dekke forma. Eg køddar ikkje.
- Shit = drit. No var det strengt tatt ikkje drit paifyllet minna mest om. Ordet "klisj-klasj" melde seg derimot med stor styrke frå barndommens skattekiste straks eg sette miksmasteren i den ferdige gørra. Svart og seig og litt knasande (av brunsukker, ikkje grus). Som ein invitasjon til å sette seg ned på rumpa i parkdressen, la sølevatnet renne inn i gummistøvlane og bli absurd tilgriset på sannsynlige og usannsynlige delar av kroppen. Så "mud pie" er absolutt eit godt namn. Men av erfaring veit eg at med unntak av ein litt lysare farge, ser også storfeavføring omtrent sånn ut.
- 3. Bullshit = sludder. Som var det oppskrifta var. Paideigen trong meir enn 1 dl vatn - ikkje 1-2 ss. Steiketida var 80 min - ikkje 45.
Te og klisjklasjkake. I bakgrunnen kan vi sjå kniven som måtte avlaste kakespaden da vi innsåg at paibotnen var ein 8-ar på hardheitsskalaen. |
Så, kjære lesar, vil eg gjerne vise deg ein video som nesten rører mitt revolusjonære hjerte til tårer:
Earth Hour, altså, kjære medrevolusjonære! 26. mars skjer det.
Da har forøvrig mi kjære mor femtiårsfeiring, så eg lurer litt på korleis det skal gå med mi eiga markering. I'll let you know!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar