Tim DeChristopher er eit litt merkelig namn.
Tim DeChristopher gjorde ein litt merkelig ting.
Han hadde ein eksamen. På veg fraå eksamenslokalet passerte han eit auksjonslokale der boreløyve til eit omstridd oljefelt i Sør-Utah skulle auksjonerast ut same dag. Utanfor var det mange protestantar. Tim DeChristopher bestemde seg for å gå inn. Og utgi seg for å vere bodgivar. Og overby alle dei store selskapa. Og kjøpe opp ein masse oljefelt. Utan noen intensjon om å betale dei milliardane det kosta.
No har han så klart blidd dømd til fengsel - ti år - for å ha forstyrra ein regjeringsauksjon. Men han greidde å få utsett boringa. Så lenge at det blei administrasjonsbytte frå Bush til Obama. Og det er jo positivt.
Ei apropos-sak:I 2008 klatra noen britiske Greenpeace-aktivistar opp på ei fabrikkpipe ved eit kraftverk i Kingsnorth. Dei blei tiltalde for hærverk, men hevda at dei handla i sjølvforsvar - dei forsvarte seg mot klimandringar. Og dei vann saka. For ikkje lenge sia skjedde noko liknande i ei liknande sak tilknytta Ratcliffe-kraftverket.
Kjelder:
http://www.guardian.co.uk/environment/2011/jan/05/ratcliffe-coal-protesters-sentence?intcmp=239
http://www.guardian.co.uk/environment/cif-green/2010/dec/16/ratcliffe-trial?intcmp=239
http://www.youtube.com/watch?v=I1t9PniD-bY&feature=related - intervju med Tim DeChristopher om tullstykkjet, ved DemocracyNow.
http://www.huffingtonpost.com/jamie-henn/tim-dechristophers-speech_b_831156.html - full utskrift av Chris DeTimstophers tale
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar