Ja, det er sol! Ja, det har vore sol heile den siste veka! Ja, det har vore forsøk på å lage ei soltatovering! Nei, det har ikkje lyktest! Ja, det er ikkje like fint vêr i Sør-Noreg! Ja, vi elsker skadefryden, Nord-Noregs nasjonalfølelse nr. 2! (Nr. 1 er indignasjon.)
På ein dag som denne tenkte eg at eg ikkje kunne publisere det alvorlige innlegget om de Lillos som eg har skrive i det siste. Men ut frå internettets forunderlige djupner dukkar så dette mirakelet frå Salvador Dalis hand (eller kanskje helst pensel? Eg trur pensel) fram:
![]() |
Salvador Dalis vakre bilde, som heiter noko sånt som "Vengeskipets avgang" på norsk. |
Sukk! Tenk om vi kunne hatt SÅNNE skip!
Det trengst litt revolusjonering i skipsfarten, nemlig. I 2008 fekk Noreg gjennomslag i IMO (som er FNS skipsfartsorganisasjon) for eit forslag om å redusere utsleppa frå skipsfarten. Norsk skipsfart sine utslepp det året blei rekna til mellom 40 og 50 millionar tonn CO2 i året. Det er like mykje som resten av landet greier å sleppe ut frå land. Vedtaket i FN betydde i praksis at skip må finne andre typar drivstoff enn tungolje, pluss at det vil lønne seg å få meir hydrodynamiske skrog, senke farta osv.
Men korfor stoppe der, med så grå og byråkratiske tiltak som det?
I Noreg driv gruppa FellowSHIP og utviklar skip som skal gå på brenselceller - dei har allereie eitt som er delvis brenselcelledrive, "Viking Lady," i drift i Nordsjøen. Skip som går på brenselceller kan bruke alt frå hydrogen til smuglarsprit som folk blir blinde og dør av til rotne fyrstikker som drivstoff.
Japanarane er så klart dritflinke. Som alltid. Dei har ein fyr, Kenichi Horie, som i 1993 padla seg frå Japan til Honolulu - I EIN TRØBÅT!
Greitt, det var ein ganske fancy-schmancy trøbåt, og dermed kjem Kenichi heilt i skuggen av bestemora i den franske teiknefilmen Trillingene fra Belleville. Ho gjør reisa frå Frankrike til New York (vel, det liknar iallfall veldig) i ein vanlig, gul trøbåt.
Men Kenichi gir seg ikkje! Eg vil tru at han fekk ei openbaring undervegs på denne trøbåtturen, og at denne openbaringa var: "Eg er så sjukt sliten. Framleis fire hundre mil til Honolulu. Faen ta denne trøbåten." I 2008 prøvde han seg med eit nytt prosjekt, Suntori Mermaid II, som er segl- og bølgjekraftdriven. Mykje meir behagelig.
Og no skal Ingrid, som har slutta i jobben sin og har FERIE, FERIE, FERIE ut og sole seg og tenke på sommerfuglskip og sommar. Ahh.
Jeg opplever nå noe av det kjipeste jeg kan komme på... det er vakkert vær hjemme, flere og flere tar sommerferie, Postgirobygget spiller på Setermoen i morgen, og jeg sitter fast i Oslo!
SvarSlett