søndag 19. juni 2011

Trist å vere glad - det varsla deLillos-innlegget

   Det kan bli vondt å ha det bra.
   Som for eksempel viss du har fått VERDAS STØRSTE SJOKOLADE. Da har du det bra, da! Heilt til du har ete han. Heile på ein gong. Da har du det vondt.
   Det kan bli vanskelig å ha det lett.
   Dette er faktisk mi største frykt. Gjennom heile mitt skolegangsliv har eg vore nesten litt for flink. Kartesisk dualisme, platonsk dualisme, hypotenus, statthaldarstriden, lokaliseringsfaktorar, næringsinnhaldet i eit egg, alle versa i Terje Vigen, alt berre klistrar seg fast til dei klissete hjernecellene mine, nesten utan at eg treng å arbeide for det.
   Og det er det skumle! Gjennom femten år med skole har eg enno ikkje lært meg skikkelig studieteknikk! Eg har jo aldri hatt behov for det! Kva viss dette suget frå hjernens indre tar slutt? Kva viss filteret blir tett, viss det blir lekkasje i drenet, viss det blir osmotisk balanse, viss limet ikkje lenger klistrar, viss svampen blir gjennomvåt, kort sagt, viss klisteret i klisterhjernen går ut og eg faktisk må jobbe for å lære meg ting? Da kjem eg til å bli totalt akterutseglt av alle dei som har hatt det vanskelig i femten år og er vande til det. Det kan bli veldig vanskelig å ha det lett.
   Det kan bli trist å vere glad.
   For eksempel i filmen "Så som i himmelen," når dirigenten lærer seg å sykle, syklar rundt på gata i den store solfylte utanlandske byen saman med duer og smågutar som også kan sykle (ikkje duene. Berre smågutane), og er så lykkelig, så lykkelig den siste halvtimen før han dør. (Uff da. Spoiler.) Eller når han sitt og blør i hel, men smiler. Åh, det er så trist. (Dog stadig hjarteskjerande vakkert.)
   Du kan bli svolten av å vere mett.
   Viss du går og legg deg etter å ha fylt opp magen som ein bjørn før dvale, vaknar du opp svolten som ein ulv. Magen hyler og truar med å sage seg sjølv i to viss du ikkje gir han litt frukost kvikt. (Dette er visstnok fordi magesekken trekk seg saman etter ei stund som arbeidslaus, men viss ein et ein halv elg til kveldsmat får han så mykje å gjøre at han ikkje rekk å snurpe seg saman før du vaknar. Så det, så: Lediggang er IKKJE rota til alt vondt - iallfall ikkje til alt magevondt.)
   Og det kan bli dyrt å berre tene pengar, viss alle kjøper ting dei ikkje treng.
   ...
   Nei, eg gir opp, eg greier ikkje finne noka bortforklaring av denne påstanden. Det er berre å innrømme det: "Trist å vere glad" handlar om miljø, klimaendringar og at viss vi ikkje endrar måten vi held oss til ressursar og forbruk på, kjem vi til å få problem. Og også om korleis vi gjerne vil bli betre på dette - men berre ikkje kjem heilt i gang. Dei er jo så sympatiske denne gjengen her, eg trur eg dånar. Her kjem songen.

1 kommentar:

  1. Fin!

    Og den beste studieteknikken er jo å bare kunne alt. Bare fortsett med det, liksom, så går det helt fint. Ü

    SvarSlett