fredag 5. oktober 2012

Grytelokket


Det aller første eg mista var hybelen min.

Det kan jo skje den beste. Det var ikkje min feil. Vi kollektivbuarane hadde tatt mot til oss til å lage ein grundig rapport om alt som kunne trengje ei utbetring i huset. Tanken var at det skulle bli reparert. Men da huseigaren såg lista, fann han ut at han skulle gjøre meir enn å berre pusse litt på overflata.

Dermed stod vi på gata, mens ytterveggane blei skrella av og golva rivne opp.

Dette kan som sagt skje den beste. Det er jo ikkje umulig å finne tak i ein ny hybel, heller. Eg fann ein fin ein, eg, i alle fall.

Problemet er at eg flytta frå grytelokket til den beste gryta mi.

Det som er så fryktelig dumt er at det er ei svært god gryte. Ho dekker kokeplata perfekt, held på varmen, svir ikkje, vippar ikkje, dampkokaren passar akkurat oppi og ho er stor nok til å lage lapskaus i utan å vere så høg at eg sett meg fast mellom grytetoppen og kjøkkenvifta.

I løpet av halvåret som har gått har ingen grytelokk eg har prøvd, passa til gryta. Det beste nærmast lét ei millimetersglipe heile vegen rundt vere open, sånn at dampen kjem fresande ut og lokket blir ståande og hoppe og skrangle i luftstraumen. Det blir tyrkisk bad på kjøkkenet.

For å unngå dette kan eg legge eit kjøkkenhandkle over. Men handkleet blir raskt fullt av glovarm damp, og eg klarer ikkje å fjerne det utan å skålde handa mi. Så da må eg til med pølseklype. Men etter lang tids bruk blir pølseklypa skeiv, og da må eg fikse ho med teip. Så kjem teipen til å bli slapp. Og så vidare, og så vidare.

Det er ein vond sirkel og eg treng hjelp. Helst profesjonell. Kanskje av Gud.

onsdag 25. juli 2012

Dritnifst!


   Hurra, det er sommar! Tid til å lese bøker eg ikkje får studiepoeng for å lese. I tillegg til ein kolossal paperback frå flyplassen i Manchester, med alle sir Arthur Conan Doyles Sherlock Holmes-historier i, les eg ei av dei skumleste bøkene eg nokon gong har lese, nemlig "Selvbedraget. Norge og klimakrisen" av Frode Fanebust. Det er kort fortald ei bok om klimakrisa og Noregs respons på denne, men for avvekslings skyld skriven av ein økonom. Interessante og svimeslåande skumle perspektiv opnar seg mellom desse permane.
   I alle fall!
   I dag fekk eg eit skrekkhakeslepp som ikkje kom av boka, men av facebook. Der såg eg dette bildet frå Transition Voice: 


   I løpet av fire dagar har dette her skjedd. Det kvite feltet på det første bildet er is som ikkje smeltar. Deretter kom ein slags varmfront inn over Grønland og blei liggande der ei stund, og frå ca. 40 prosent smeltande is, som er ganske normalt, steig området som smeltar med 54 prosentpoeng til 97 prosent.
   Dritnifst!
   Ekspertane på feltet seier at denne typen smelting ser ut til å inntreffe på Grønland ca. kvart 150. år. Dei har funne ting som tydar på at noko liknande skjedde i 1889. Altså er dette kanskje ikkje så skummelt som ein først skulle tru.
   Med mindre det skjer fleire gongar i nærmaste framtid, altså.
   Grøss.
   Vi har forresten vore på ferie i Skottland. Når eg får samla meg og vinsja underkjeven på plass igjen skal eg skrive om det òg.

fredag 15. juni 2012


Den store jordhaugen


Eg lovde jo at eg skulle fortelje deg om noko som skjedde for ei stund sia.

Eg trong strengt tatt ikkje å fortelje deg så mykje om korleis det er å vere student. ”Kom til saka,” skulle du ha sagt. ”No fortel du ting som ikkje er viktige og som vi ikkje gidd å høre om.”

Det som er veldig dumt er jo at eg ikkje anar kva du seier når du les denne boka.

Det har vi jo allereie snakka om.

Grunnen til at eg begynte å skrive om korleis det er å vere student, var eigentlig berre at eg ville seie éin liten ting:

at eg tar buss kvar morgon.

Eg har forresten ikkje fortalt deg kor eg bur.

Som sagt har ein ofte ganske lite pengar når ein er student. Derfor er det lurt å finne seg ein stad å bu der ein ikkje treng å betale så mykje i husleige. Eg har funne meg ein veldig fin stad å bu. Eg bur på loftet i eit kvitt hus. På den eine sida av huset er det ein skog. I skogen bur det to revar, eit ekorn eller to, eit par rådyr og dessutan sikkert to hundre fuglar.

På den andre sida av huset er det ein veg. På den andre sida av denne vegen igjen er det to  kvite hus til, ein stor, raud låve og ein traktor. Huset mitt er nemlig på ein gard. Det er bonden som eig huset mitt og skogen. Han er litt gammal og veldig snill.

Han eig også nesten hundre høner, nesten femti kyr og fleire store åkrar.

Om morgonen går eg til busstoppet som ligg rett nedi vegen. Derfrå tar eg bussen til universitetet. Det tar omtrent eit kvarter å komme dit.

Og no kjem eg endelig til det som eg skal fortelje om.

For nokre dagar sia, da bussen passerte den store åkeren, la eg merke til ein stor jordhaug som ikkje hadde vore der før. Det såg ut som om ein kjempemoldvarp hadde grove seg opp midt ute på åkeren. Haugen var like stor som ein bil.

Dette syntest eg var litt rart.

Seinare på dagen tok eg bussen heim igjen. Da var jordhaugen blitt enda større. Han begynte å sjå litt ut som ei borg.

No begynte eg å lure veldig på kva dette var.

Det gjør kanskje du også?

Kråkene på åkeren - kapittel 2


Litt meir om meg


Eg er student. Det er noko som mange menneske blir når dei er omtrent tjue år. Det betyr at eg les forferdelig mykje om ting som kanskje er litt kjedelige. Viss du er student og synest alle dei tinga du les, er kjedelige, betyr det at du studerer feil ting. Da må du finne deg noko anna å lese om.

Det kan også bety at du eigentlig ikkje burde vere student i det heile tatt. Kanskje burde du heller gjøre andre ting. For eksempel kan du lære deg å bli rørleggar eller brannmann. Eller du kan begynne å jobbe på postkontor.

På ein skole er det lærarar. Dei hjelper ungane å lære seg ting.

(Det er ikkje lærarane som bestemmer kva ungane skal lære på skolen. Det er det politikarane som gjør. Lærarane gjør berre som dei får beskjed om. Det er dei av og til ganske sure for, for dei trur ikkje politikarane har like god greie på ungar og skole som dei har. Og det har dei sikkert rett i.)

Studentar har også ein slags lærarar. Dei heiter førelesarar.

Førelesarar er folk som kan vanvittig mykje om éin ting.

For eksempel kan det hende dei veit ALT –

-         ABSOLUTT ALT –

-         som er å vite om vikingar.

Dei snakkar høgt for oss i ein time eller to om ting som det er viktig at vi lærer oss. Dette gjør dei ein gong i veka eller så.

Det betyr at studentar har mykje meir fritid enn skoleungar. Skoleungar må gå på skolen kvar dag. Eg som er student må dra på universitetet kanskje tre eller fire dagar i veka. Der hører eg på at førelesaren fortel om viktige ting. Dette gjør eg i to timar. Så kan eg dra heim igjen.

Eg har også lov til å ta med meg sjokolade og brus på ein heilt vanlig dag. Så mykje sjokolade og brus som eg orkar å proppe i meg. Og eg kan tygge tyggegummi. Men når ein får lov til å gjøre dette kvar dag, så sluttar ein med det.

Sjokolade og brus er ikkje så gøy lenger når ein kan få det kvar dag.

Dessutan må eg kjøpe det for eigne pengar.

Alle som er studentar får pengar frå politikarane. Det er fordi dei vil vi skal bruke all tida vår på å studere. Eigentlig er vi jo vaksne, så vi burde kanskje ha fått oss ein jobb. Da kunne vi ha tent våre eigne pengar. Men da kunne vi ikkje ha brukt så mykje tid på å lese.

Politikarane vil som sagt at vi skal bruke mest mulig tid på å lese. Derfor gir dei oss pengar, sånn at vi slepp å jobbe.

Men politikarane gir ikkje studentane så veldig mykje pengar. Berre akkurat passe.

Det er ganske dyrt å vere vaksen. Ein må betale husleige, sånn at ein har ein stad å bu. Ein må betale for maten sin. Ein må kanskje betale for bussbillettar. Nokre har til og med bil som dei må kjøpe bensin til.

Så må ein spare litt pengar. Det er lurt å ha litt i bakhand. Plutselig kan det skje noko som gjør at ein må bruke masse pengar. For eksempel kan det hende at vaskemaskina går i stykke. Da må ein reparere ho, eller kjøpe ei ny. Det kostar pengar. Da er det dumt viss ein har brukt opp alt.

Når ein har kjøpt alle desse tinga, og putta litt i banken, er det ganske lite pengar igjen.

Det er nok til å kjøpe litt sjokolade. Kanskje litt brus.

Men ikkje nok til å ta med på universitetet kvar dag.

Sjølv om eg altså får lov til å ta med meg sjokolade og brus i sekken kvar dag, kan eg ikkje gjøre det likevel.

Derfor synest eg heldigvis framleis at sjokolade og brus er gøy.

Kråkene på åkeren - kapittel 1

Hei hei!


Hei. Eg heiter Ingrid.

Dette er meg:


Det er så klart lettare for meg å seie til deg kva eg heiter, enn det er for deg å seie til meg kva du heiter. Det er fordi det er eg som har skrive denne boka. Du kan lese det eg har skrive. Men det betyr ikkje at eg kan vite kva du svarar når eg spør kva du heiter.

Eg spør likevel.

Kva heiter du?

Sjølv om eg altså ikkje aner kva du svarte, er eg sikker på at det var eit fint namn.

Eg er dessutan ganske sikker på at du er grei.

Derfor skal eg fortelje deg om noko som skjedde for ei stund sia.

Barnebok

   Når det er ferie, finn fornuftige studentar seg sommarjobb.
   Eg var litt for seint ute. Sikkert eit par månader for seint ute.
   Det betyr at i år blir det ferie og spastiske forsøk på å skrive noko som er så lesverdig at nokon vil betale meg for rettigheitene. Eg har tråla nettet etter lukrative skrivekonkurransar og festa meg ved to. Den eine er ein skrivekonkurranse for Propell forlag. Dei gir ut barnebøker i digitalformat og skal ha samandrag for ei barnebok for aldersgruppa 2-8 år. Premien er ganske enkelt utgiving med royalty.
   Den andre er Cappelens. Der kan ein vinne ein halv million. Ein må berre skrive ein krim som er betre enn alle dei andre deltakaranes. Og konkurransen er open, så eg er sikker på at Jo Nesbø og den gjengen også hiv seg med. I tillegg til at vinnarsjansane slik i utgangspunktet er heller magre, har eg aldri hatt noka interesse for krimlitteratur.
   Men det er for dumt å ikkje delta når premien er ein halv million!
   Av denne enkle grunnen har eg vore på biblioteket og lånt tre kilo krimromanar.
   Samtidig som eg les desse, skriv eg barnebok.
   Viss du har nokre ungar på mellom 2 og 8 år, kan du jo teste om ho er egna (eg trur nemlig ikkje det). Dei første fire kapitla kjem i innlegg nedanfor.



  

søndag 20. mai 2012

Eksamenslesingsekslusiv - igjen! Har det rabla for Ingrid?

   Førre innlegg på bloggen uttrykte begynnande bekymring for eksamen i litteraturhistorie. No har eg heldigvis oppdaga at eg har notat frå fleire enn den eine førelesinga. Men det er ikkje dermed sagt at bekymringa har grunn til å stoppe. Ho kan ta nye former i staden.
   Dei aller fleste nordmenn har på eit eller anna tidspunkt hørt om Knut Hamsuns føredrag: "Om det ubevidste sjæleliv", som han turnerte med rundt starten av 1890-talet, før vi fekk Hugos tivoli. Derimot er det ikkje så mange som faktisk har lese det som blei sagt i dette føredraget. Det har så klart eg, i og med at eg har eit litteraturhistorieemne i haust.
   Før eg fortel om den litt bekymringsverdige vendinga, vil eg fortelje om noko som Knut Hamsun fortel om i dette føredraget. Han skriv at han alltid sov med blyant og papir i nærleiken, så han kunne skrive ned gode idear som kom til han om natta. Ein morgon vakna han og oppdaga at papira inneheldt to små stykke som han absolutt ikkje kunne hugse å ha skrive, men som heilt tydelig var i hans eiga hastig nedrabla handskrift. Det var faktisk to korte jaktskrøner. Historia endar med at han oppdagar at han - i søvne - har utbetra ei historie han har lese i ei norskamerikansk avis, samt skrive ei til i same stil.
   Da eg vakna i morges, såg eg at noko tilsvarande tydeligvis hadde skjedd med meg. Etter at eg kvelden før hadde lese ikkje berre Hamsuns føredrag, men også notata mine om Petrarcas og Shakespeares sonettar, må eg ha blitt så inspirert at eg har gjort Hamsun etter. Da eg såg dei i morges tenkte eg meg om og følte ei aning i blodet mitt om, at eg om Natta, mens det enno var mørkt, hadde gripe Blyanten og Papira på Nattbordet og skrive desse to småstubbane:

Petrarca skreiv sonettar der kvar staving
som slutta verset enda slik som dette:
først abba abba – her skal bli sonette!
cdc dcd - sjå, inga raving.

Og når eg no sjølv prøver på å skrive
sonettar i den forma som han gjorde
så er å fylle strofa to med orde
for meg det aller, aller største kivet

(beklagar at eg ingen annan utveg
enn naudrim fann i hine førre strofa.
Eg håpar lesaren ber over med meg.)

No oppdagar eg nok ei katastrofa -
Det skulle stått ”sonett” der oppe, ser eg!
I natt blir det nok ikkje seng, men sofa.

                             *

Herr Shakespeare skreiv så mangt eit dramastykke
for Globens scene mellom Londons gater.
Men mannen gjorde også mykje lykke
på andre felt enn engelske teater.

Sonettar var han god på, denne sonen
av hanskemakaren ved elva Avon.
Han dikta dei sannsynligvis mens månen
skein over han. Og William sa ”Dæven;

så god som eg er til å dikte desse,
så er det reint for galt at eg i staden
skal kaste bort mi kraft og mi finesse
på dramatikk!” Det blei reine tiraden.

Da mumla det frå naboens alkove:
”Hald kjeft, Shakespeare. D’er folk her som vil sove."



Eg har altså, i absolut sovende Tilstand, skrive ikkje aleine logisk korrekt, men også i korrekt sonettform a la Petrarca og Shakespeare.* Og det er jo litt bekymringsverdig.


*Nei. Eg har ikkje det. Det var dessverre berre kødd, alt saman. Det bekymringsverdige er faktisk at eg bruker tida mi på å skrive dette, i staden for å lese. Men det er trass alt ein betre arbeidsflukt enn å ta oppvasken til dei andre i kollektivet.

lørdag 19. mai 2012

Urovekkande om Ingrids litteraturhistorieeksamen

   Eksamen nærmar seg med stormskritt. Det mest merkbare som peiker i den retninga akkurat no, er at Symforch har gitt seg for sommaren. Det er så klart trist. På den andre sida er det heldig, sia eg da får meir tid til å studere til eksamen.
   Eit fast punkt i mi eksamensførebuing er maskinskriving av notata frå semesteret. Eg reknar alltid med at denne siste gjennomgangen skal ordne biffen - da hugsar eg sikkert alt etterpå. Kvaliteten på notata er dessutan som regel ganske høg, så det blir nesten lærebøker av dei word-dokumenta eg sitt igjen med etterpå.
   No er det dag to med notatmaskinskriving, og eg er litt bekymra for korleis det skal gå med eksamenen i norsk litteraturhistorie. Ikkje berre har eg ikkje komme gjennom pensum. Eg har dessutan blitt litt ubehagelig overraska over førelesingsnotata eg sitt igjen med etter eit halvår med emnet. Eg har som sagt maskinskrive notat i i alle fall ein dag no. Dette er notata frå litteraturhistorieførelesingane så langt:


torsdag 19. april 2012

Todelt blogginnlegg: Litt kontrarevolusjon og litt middag (med poetisk feiring)

   Slik overskrifta seier, er dette blogginnlegget todelt. Er det ikkje fint at det plutselig skjer så mykje at eg har noko å skrive på bloggen, og samtidig så lite at eg har tid til å skrive det? Første del er tileigna eit kontrarevolusjonært tiltak eg nylig sette i verk i huset, og avsluttar med eit mysterium, mens del to skal få vere ei lyrisk feiring av ein kulinarisk kollaps.

   Som eg tidligare har nemnt på bloggen, er det dumt når revolusjonar går for langt. Det vil seie når dei sluttar å vere fornuftige og begynner å bli tullete. Dette har skjedd i huset vårt.
   Uro deg ikkje, kjære lesar, det var før mi tid at denne overdrivne miljøvernaksjonen gjekk føre seg i huset. Eller kanskje var det slett ingen miljøvernaksjon, men berre verket til ein skikkelig gniar? Eg har enno ikkje funne nokon å spørje. Fakta er at nokon har prøvd å spare straum her ein gong. Det blei gjort ved å gjøre huset hermetisk. (I nokre hus finst det ein brytar som styrer avtrekket til heile huset, det vil seie den vifta som syg fuktig luft ut frå vaskerommet, dolukt ut frå toalettet, dusjdamp ut frå badet og matos ut frå kjøkkenet, ved hjelp av små runde ventilar på veggen eller i taket. Alle desse ventilane var skrudde hardt til da eg flytta inn. Resultatet var sein klestørk, ein ulekker snek på do, begynnelsen på ein sivilisasjon i vindaugskarmen på badet (vi utrydda han med klor og klut; kluten blei svart som kol). Den einaste staden der det faktisk var blitt lufta, var på kjøkkenet - brytaren til avtrekket var ved sida av kjøkkenvifta, og miljøvernaren/gniaren hadde vedgått at avtrekket måtte vere på for at kjøkkenvifta skulle fungere.)
   Det er verken miljøvennlig eller økonomisk å gjøre huset sitt lufttett. Jo, du sparer ein del pengar på straum, men før eller seinare må du betale det tilbake i form av reparasjonar på grunn av fuktskader. Eller i form av astmamedisin. Eg opna alle ventilane og trudde det var slutt med det. Men den ivrige straumspararen hadde vore listigare enn som så.
   Ei tid tilbake slo det meg at vatnet i huset liksom aldri blei skikkelig varmt. Handoppvasken måtte eg varme vatn til ved å sette vatn i dei skitne grytene og la restvarmen frå kokeplata varme det. Når ikkje det var nok, måtte eg bruke vasskokaren - vatnet i springen var og blei pisslunka. Først førre veke slo det meg at dette kanskje ikkje hadde med røra i huset å gjøre, men med varmtvasstanken.
   Det er verken m... Det er kanskje litt miljøvennlig å skru temperaturen i varmtvasstanken ned til 50 grader celsius. På same måte som det er miljøvennlig å røyke - det er ein ypperlig måte å redusere jordas befolkning på. I løpet av ein vinter med 50-gradersvatn har vi altså likevel ikkje stroke med av legionella eller andre basiluskar, og pengar spart skal ein vere takknemlig for, om det no er gjort med fare for eiga helse eller ikkje. Likevel blei temperaturen utan vidare nøling skrudd opp til ein litt tryggare temperatur, 65 grader (no er det altså mulig å skolde seg i oppvaskvatnet - hurra!)
   Historia kunne ha vore slutt her, men hald deg fast! No kjem det spektakulære:
   I dag var det bølgjer i do.
   Heilt av seg sjølv.
   Eg lurer på om det har noko med varmtvasstanken å gjøre. Viss nokon kan gi ei forklaring på fenomenet, syng ut!

   No over til del to, som er ein mykje kortare del enn del éin: Eg vil ganske enkelt informere om at eg i dag greidde å lage suppe som såg nøyaktig ut som oppkast. Men ho var god, da.
   Som ei feiring av denne perverst uappetittlige middagen vil eg dele ein klassikar frå Ivar Aasens hand med den heldige lesaren (korfor er ikkje denne godbiten like kjend som "Nordmanden"?)

Eg held di hand i mi
Eg held di Hand i mi, Skatt, eg gjev ho ømt eit Kyss,
ho smaka ogsaa godt daa eg gnog litt paa ho nyss.
Um berre du var her, Skatt, var Lukka mi so skir,
men framleis hev eg Handa di som ein Souvenir.

Eg skar ho av den Natt du døydde, spyr meg ikkje kvi;
kvar gong eg klember på ho fær eg Blod paa Skjorta mi.

Eg er lei for at eg drap deg, for vaar Hugleik var so blid,
heilt til dei kjem og tek meg held eg handa di i mi.

   Greitt, så har ikkje Ivar Aasen eigentlig skrive denne vesle visa. Ho er omsett frå engelsk og skriven av Tom Lehrer. Men ho var fin, da.

søndag 25. mars 2012

Revolusjon OG dessert

   No har det vore tørke på bloggen lenge! Her kjem eit nytt innlegg. Delvis fordi eg har så mange viktigare ting å utsette, men også fordi eg vil at folk skal sjå den flotte videoen heilt nedst i innlegget. Men først litt bakgrunnsinfo:
   Det er mange ting eg er tilhengjar av. For eksempel er eg tilhengjar av dessert. Særlig er eg tilhengjar av sjokolade.
   Derimot er eg ikkje så veldig fan av barnearbeid (eg er fan av barne- og ungdomsarbeid, men det er ei heilt anna sak). Og så er eg ikkje så fan av å tene pengar på barnearbeid. Det synest er usympatisk. Eg synest også det er ganske usympatisk å betale folk for å hyre barnearbeidarar, og det trur eg ganske mange er samde med meg i. Dessverre er det jo sånn at vi som er glade i sjokolade som regel driv med akkurat dette. Det er grunnen til at eg slutta å kjøpe Freia-sjokolade og gjekk over til å kjøpe berre Nidar-sjokolade. *** 
   Saka er nemlig denne: I 2010 sa Kjetil Øyna i Norske Sjokoladefabrikkers Forening at han kunne garantere at det låg barnearbeid bak all norsk sjokolade. Og da kunne ein jo håpe at det var snakk om hyggelig barnearbeid. All norsk potetdyrking for femti år sia involverte for eksempel barnearbeid gjennom at ungane hadde potetferie om hausten for å stå med rumpa til vêrs og ta opp potet. Slik er det så klart også -  barn på gard hjelper foreldrene sine med arbeidet - men i tillegg er kakaonæringa full av små barneslavar, ofte smugla til Elfenbenskysten eller Ghana frå andre afriskanske land, eller sette bort av foreldre som ikkje kan fø dei. Desse barna får ofte verken lønn eller skolegang. Slik framskaffar ein altså råvarene til laurdagskosen vår.
   Freias respons til dette er at dei synest det er sabla trasig, men at det dessverre er veldig vanskelig å gjøre noko med det. Nidar har gått eit stykke på vegen, ved å UTZ-sertifisere sjokoladen sin. Det vil seie at sjokoladen dei kjøper, må oppfylle visse krav om etikk i produksjonen, og bøndene som leverer den, får jordbruksfaglig skolering. Men heilt bra blir det jo likevel ikkje. Derfor synest ein venn av meg at Nidar er sykt teite som har UTZ-sertifisert sjokoladen sin, fordi det da ser ut som dei har gjort noko, mens dei eigentlig berre har gått halve vegen.
   Å gå heile vegen er nemlig å bli FAIRTRADE!
   Fairtradesjokolade er gjerne litt dyrare, men slett ikkje vanskelig å få tak i. I Noreg kan vi t.d. kjøpe Divine-sjokolade. Han kjem frå den første sjokolade-produsenten i verda som kakaobøndene sjølv eig. Det er jo flott. Noen av bøndene er med i videoen under. Snurr film.


***(Vel, teknisk sett kan det vel også ha litt å seie at eg bur like ved Nidars fabrikkutsal og kan kjøpe isboksar med overskotsproduksjon til ganske låg pris.)

mandag 27. februar 2012

Aftenposten skriv hurra-ting om Tyskland

   I det siste har det vore noen fortvilande saker i norsk media. Mest magekrampe fekk eg over avisframsida som kunngjorde at under halvparten av ungdommen i Noreg trur på FNs klimapanel. Og da meiner eg ikkje at dei ikkje trur på FNs klimapanels eksistens. (Det finst nemlig også mange norske ungdommar som ikkje trur på julenissen, men det er ikkje fordi dei trur han fer med løgn.)
   Generelt er det jo tåpelig når folk som ikkje er ekspertar vel å ikkje tru på ekspertane. Viss det for eksempel kjem eit team av 700 legar og seier at eg seriøst bør vurdere å ta ein titt på blindtarmen min, så trur eg faktisk at eg ville trudd dei. For sikkerheits skyld, om ikkje anna.
   Men dårlig stemning til side! I dag var det eit FINT oppslag i media! Sjå berre på kva Aftenpoftens korrespondent skriv om våre fine tyske naboar, og bli i godt humør! Utveksling begynner å verke freistande.


   Takk og lov at det er fleire tyskarar enn nordmenn i verda!

fredag 27. januar 2012

Når eg eigentlig bør lese pensum.

   Så mange ting flyt gjennom sinnet når ein eigentlig skal tenke på fag. Det er rart. No har eg ein ny ting å tenke på i staden for norrøn adjektivbøying.


   Kosedress kan ta seg ein bolle.

fredag 13. januar 2012

Årets første blogginnlegg

   Godt nytt år, det er no 2012!
   ... faktisk har det vore det i snart fjorten dagar, så viss noen enno ikkje har fått det med seg gler det meg å kunne opplyse desse om at dei må ut og kjøpe seg nye kalendrar. I tillegg kan dei begynne å lese seg opp på maya-kalenderen og prøve å avgjøre om det er noen vits i å kjøpe julegåver i år. Som kjend meinte dei gamle indianarane at 22. desember 2012 blir verdas siste bitte lille julaften (akkurat som Harold Camping i fjor meinte at 21. mai 2011 kom til å bli siste sjanse til å markere Montenegros sjølvstende).
   Eg vil nytte høvet no i årets første blogginnlegg til å dele ut noen prisar for årets første ditt og datt. Dei fleste av dei blei strengt tatt delte ut alereie før klokka 01:00 første nyttårsdag, men ting må jo publiserast.

   Prisen for...
   ... årets første tenk-heile-tre-gongaren går til Marianne
   ... årets første tenk-heile-fire-gongaren går til meg sjølv, saman med fem-, seks-, sju- og åtte-gongaren.
   ... årets første slåtte hjul går til Marianne
   ... årets første sinnsykt fengslande TV-serie går til BBCs "Sherlock"
   ... årets første prøv-å-ta-på-noen-som-er-på-andre-sida-av-PC-skjermen går til meg sjølv, i samarbeid med BBC
   ... årets første snøsumobrytekampsiger går til Marianne
   ... sist, men ikkje minst, årets første legg-deg-ned-i-snøen-i-hagen-og-ikkje-lag-ein-lyd-mens-ein-gjeng-med-fremmende-går-forbi-på-utsida-av-gjerdet-og-det-til-slutt-blir-pinlig går til Marianne