I dag låg hua i sekken mens eg gjekk til universitetet. Det er sol og sørpe og vårvêr. Kong Vinter har ikkje gitt seg; han ligg nok berre og brettar opp erma oppe i lyngen ein plass. Men 1.barhovuddag er stadig ein merkedag som må markerast. Det blei av underteikna gjort ved å ete opp den siste kakeresten som var igjen frå mammas femtiårsdag, der Earth Hour forøvrig blei ganske korrekt (om enn noen minutt forseinka) markert, på initiativ frå bursdagsbarnet sjølv. Ingen skal komme her og seie at foreldregenerasjonen er akterutsegla!
Camilla har forresten mista jordbærhua si. Viss noen har sett ei jordbærhue på vidvanke ein plass i Tromsø, så ta affære og få ho heim!
Eg ønskjer alle ein heilt fantastisk 1. barhovuddag. Marker, marker!
... det fine med nynorsk er at den siste setninga der ikkje kan omsettast til "Worms, worms!" på engelsk. Det ville derimot ha vore eit relevant omsetningsmessig dilemma hadde eg skrive på bokmål. I det sannsynlige tilfelle at noen ville ha nytta sjansen til å feilomsette, ville så klart dette ha lagt ein dempar på denne vårlige festdagen. Eller hei, kva veit eg. Kanskje snarare tvert imot.
Og sia vi er inne på makkar, så vil eg dele kunnskapen om filmen "Tremors" eller, som han heiter på norsk - ja riktig: "Marksommer."
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar