tirsdag 26. april 2011

Yellow submarine


   La superlativa hagle! (Nei, forresten, la komparativa hagle. Det er empirisk testa og funne gyldig etter mange verbale stridar her i huset, at komparativ alltid vinn over superlativ. Som i "Eg er sterkast!" "Eg er sterkare.")
   Altså: Etter ei meir strålande påskehelg i Bardufoss og Alta kom eg heim med ein meir lysande gledesspreiande ting enn, eit meir fantastisk skaparverk av fantasi og plastikk, enn noko eg har sett før i heile mitt liv. Dette var takka vere den hyggeligare og herligare Beate, som hadde funne dette utrulige på sine utruligare reiser i Utlandet:



   Er han ikkje vakker? Hjartet mitt hoppar av glede. No må eg faktisk begynne å drikke te i gjennomsiktige koppar. Som for eksempel fine, fine "Ökologisk"-koppen, som til alt overmål kjem frå ein loppemarknad ute i solskin i mitt tidligare Oslo-liv.
   Og snart er det vår. Ah. Livet er herlig.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar