Vi har mange diskusjonar til både hygge og nytte her i heimen, særlig etter at Steinar begynte å ta femtenminuttars pausar i spelinga og slik fekk nok cerebralt overskot til at hans no diagnostiserte kreative dysleksi slo ut i full blomst. Denne artar seg i ein (u)vane med å feillese ord som han eigentlig ikkje har noen problem med å lese - type "Snøfrisk" blir alltid "Snørfisk." Huset blir no oversvømma med ein syndeflod av spoonerismar, anagram og generell ordstokking. Slik oppdaga vi her ein kveld til dømes desse anagramma av ordet "remulade":
- Remulade
- E du maler?
- Elade rum (svensk?)
- Duemaler
- La de mure!
Men over til det annonserte hovudtemaet for dette blogginlegget: Vikinghjelmar.

Vikingane var tøffe og barske krigarar som, akkurat som nordmenn på utanlandsreise i dag, kanskje blei litt vel ivrige innimellom, slik at dei lokale innbyggarane dagen etterpå lurte på akkurat kva som trefte dei. Dei fekk veldig dårlig omtale av samtidige munkar og intellektuelle i Europa - noen skreiv til og med at dei var meir demonar enn menneske, med horn og nasty big pointy teeth.
Og her kjem vi til sakas kjerne. For hadde dei faktisk hjelmar MED HORN PÅ?
Ein treng ikkje lang militær erfaring for å sjå dei openbare ulempane med eit slikt plagg. Horna heng seg fast i tronge engelske døropningar, og ikkje minst gjør dei det mulig for motstandaren å fjerne hjelmen med eitt enkelt velplassert slag med, sei, ein pinne.
Det har dessutan ikkje blitt funne noen hornhjelmar i Noreg. Dei vi veit om som hadde hjelmar med horn, var faktisk keltiske kongar som brukte dei i seremonielle samanhengar. Så kanskje vikingane knabba noen derfrå. Men eg har alltid hatt mine tvil om dei faktisk kriga med dei på hovudet.
Inntil nylig!
Det funksjonelle aspektet kjem nemlig inn som det interessante her. Korfor hadde keltarane hjelmar med horn på? Fordi dei hadde ein horngud, Cernunnos. Kva betydde horn for vikingane? Drikkekar. Ein har faktisk funne romersk-produserte horn av glas, laga for å kunne selje glasprodukt til ein nordgermansk marknad.
Hovudplagg med drikkekar? Hmmmm...

Alle har jo sett amerikanarar med øl-caps. Vi lanserer no ein teori om at vikinghjelmen med horn var datidas camelbak. Dette må ha vore praktisk når ein skulle komme i berserkmodus men ikkje hadde noen ledige hender til å halde drikkehornet i.
Jeg leste en gang for lenge siden at vikingenes hjelmer først fikk horn etter operaen Valkyrien av Wagner (den ble komponert i 1856), fordi han fant det mer dramatisk med horn istedet for en vanlig hjelm. Han har jo rett på sett og vis...
SvarSlettDet hørtes faktisk ikkje så dumt ut, Sunniva. Vi satt og lurte litt på akkurat det.
SvarSlett