fredag 29. april 2011

Topp ti ting du kan få på finn.no for 1 krone

   Prokrastinering. Eg har lovd meg sjølv å lese den kjedeligaste pensumboka mi når eg har skrive dette. Eg berre utsette litt først. Ta ein kopp te. Høre litt på musikk. Høre ferdig den kule songen her. Legge ein kabal imens. Legge ferdig kabalen. Sette på ein ny song imens. Ups, ferdig med kabalen før songen var slutt, må høre ferdig, sjekkar facebook imens...
   Huff og huff. Det er jo oppskrifta på fiasko.
   Heldigvis kunne det ha vore verre! Eg kunne jo ha prokrastinert ved å gå ut og SHOPPE.
   Det er eit ord eg ikkje likar, akkurat det der, altså. For det første fordi det er eit skamlaust importord - på¨norsk ville vi sagt "handle." Skjønt handling og shopping er jo ikkje det same. Ein handletur er målretta, mens ein shopptingtur, iallfall slik eg har oppfatta det, går ut på å svime rundt i butikkar og la seg forføre av konsumerismens kvelande evangelium. Overflod, overflod, overflod - skaff deg ting og bli lykkelig!
   Dette er jo faktisk ei innebygd drift i mennesket. Vi karrar til oss når vi får sjansen, for vi er bygd for tronge tider, ikkje for overflod. Eg hørte nettopp ein norsk antropolog på radio seie at dei menneskelige instinkta rett og slett får problem i overflodssamfunnet, fordi vi er designa for å overleve i hard kamp ute i naturen. Evolusjonen har ikkje lært oss å takle overflod.
   Viss ein ikkje kan få så mykje, er det å sørgje for å få grabba til seg mest mulig (og dermed kanskje få sikra seg det mest nødvendige,) eit godt instinkt for å sørgje for lykke. Viss ein kan få nesten absolutt alt ein vil ha uansett blir vi som ein frosk som bur i grunne pyttar og instinktivt svømmar utover - til midten av den fem cm djupe dammen, for å få nok vatn - idet han kjem til havet. Oi.
  
   Så i staden for å gå ut og shoppe og få "overload"-knappen på jordkloden til å blinke enda heftigare, skal eg no prokrastinere ved å sjå på alt eg kan få BRUKT OG NESTEN GRATIS på finn.no. Det er faktisk ganske festlig å sjå alle dei rare tinga ein kan få for ei krone. Slik gjør ein:
   Gå inn på finn.no
   Gå på "torget" og trykk på avansert søk. Velg deg eit område (hvis ønska) og sorter søket etter pris lav-høg. Kjør.
   Her er mi topp 10-liste frå litt tilbake, over ting eg kunne fått for 1 kr:

  1. Brukt butikkinredning i stål for detaljhandel jernvare
  2. Bobleplastkonvolutter
  3. Sitteplassar til Taylor Swift
  4. Suzuki LS650 motor
  5. 30 års serviett- og glansbilde-samling
  6. Frisørsalong
  7. 1 aksje i Grønmo Golfbane
  8. Stort innandørs og utandørs kanaribur
  9. Pakkemaskin som pakker ferskvarar og klistrar merkelapp på
  10. Et vedlass
   Og kjenn kor lett og lykkelig du blir i heile kroppen ved vissa, tenk, kor herlig! at det er så mange ting i verda ein kan greie seg utan! Tenk på det neste gong du er ute og shoppar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar