onsdag 28. september 2011

Gjeste-/fangeinnlegg: Har DU snill skriveblokk?

Svanemerket sitt nyheitsbrev hadde i dag litt trykkeri-preg. For dykk som ikkje gidd å få epost frå Svanemerket - av alle ting! remjar du kanskje - så har eg her plukka ut ein artikkel som gjorde meg litt glad samtidig som han gav meg litt skyldfølelse for at eg kjøpte dei tre blokkene med 70 ark kvar, i staden for den eine som kosta like mykje aleine, men var karbonnøytral. Her kjem eit lite gjeste-/fangeinnlegg frå Svanemerkets nettsider. Legg merke til ironien i at det i andre linje står "skriv ut." Legg også merke til - som vi har gjort så mange gongar før gjennom eit liv med kladdebøker - at det er eit selskap som heiter Emo. Det er nesten like bra som desse. 


Et lite valg med stor effekt: Tenk over hva du skriver på

skrivebok_175px.jpg
   Det er mye du kan gjøre for å bidra til et bedre miljø uten å legge om livet helt. Også de små og hverdagslige tingene, som valg av skriveblokk, har stor betydning.
Av Miljømerking 13.09.2011

   Mange av de 100 svanemerka trykkeriene vi har i Norge produserer tegneblokker, kladdebøker og annet materiell til skole- og kontorbruk. Gjennom et år bruker vi hundrevis av slike bøker. Og med nesten fem millioner innbyggere blir det mye papir.
   Norske Emo tilbyr sju ulike svanemerka tegneblokker med god tykkelse på papiret. En kvadratmeter vanlig skrivepapir veier typisk 80 gram, mens Emo tilbyr tegnepapir på 100 - 130 gram. Mange liker å tegne på tykt papir som holder seg fint selv om det får litt røff behandling underveis.
   Produsenter som Emo, Esselte, Bantex og Hippo lager mange varianter av skriveblokker med spiral i ryggen. Noen bokhandler, som Norli, tilbyr også egenproduserte blokker, med både linjer, ruter og blanke ark. Og naturligvis er alt sammen laget av svanemerka papir. Men hvorfor er det viktig hva slags papir blokken er laget av?
   Store mengder, stor miljøbetydning
   For det første bruker vi utrolig mye papir. Dersom bare halvparten av de som bor i Norge bruker 100 A4 skriveblokker hver i løpet av livet, kan vi dekke et område på 126 000 km2 med papiret de bruker. Det betyr at vi kan dekke en tredjedel av Norges areal med skrivepapir. Og her snakker vi bare om papir fra de 100 skriveblokkene. I tillegg kommer alt papir vi printer ut, kjøper som aviser og bøker, eller bruker som dopapir og tørkerull... Det papirløse samfunn ligger svært langt fram i tid.
Det er energikrevende å lage papir. Tremassen blir rett og slett kokt, og det går med mye energi før trefibrene blir til cellulose eller papirmasse. Derfor er det viktig at papirprodusentene tenker smart og finner måter å produsere papiret på som krever mindre energi. Det hjelper Svanemerket til med. De produsentene som vil merke produktene sine med Svanen, må dokumentere at de lager papir av god kvalitet, med så lite bruk av energi og kjemikalier som mulig.
   Og trevirket som blir til papir kommer jo et sted fra. Mye av det papiret vi omgir oss med er laget av grantrær. Papirindustrien legger beslag på mye av det tømmeret som drives ut fra norske skoger. Når vi skal svanemerke papir, er det derfor også veldig viktig hvordan skogsdriften har foregått. For skog er jo livsgrunnlaget for både dyr, planter og mennesker. Oppimot 40 000 ulike arter lever i barskogene våre. Drøyt 2000 av dem er forskjellige sommerfugler, og mange av dem kan bare leve her mellom treleggene. Ser du et svanemerka papir, vet du at skogsdriften er bærekraftig. Det betyr at skogen er i balanse og fungerer som økosystem selv om en del trær hugges ned.
   Se det store i de små valgene du gjør
   Du kan velge miljøriktig på mange områder i hverdagen. Selv valg som virker små, kan ha store ringvirkninger fordi vi gjør så mange av dem. Svanemerket hjelper deg både når du skal ta de store forbruksvalgene (som å bygge hus, bytte kjøkken eller kjøpe peis), og når du er en hverdagsforbruker som tar mange små kjøpsbeslutninger - som for eksempel hva slags skriveblokk du skal kjøpe.
   Også i de små valgene ligger kimen til noe stort.

tirsdag 20. september 2011

SVUSJ!-DRRRRRRRRR!

   Håper at det var fleire enn meg som fekk epost frå
   JO!
   NEI!
   JO, FAKTISK!
   BILL NIGHY!
   her om dagen. Viss noen andre gjorde det er nemlig dei også med på the Robin Hood Tax Campaign. Og det bør jo forsåvidt alle vere.
Han her er med.
   Og no er det til og med mange som er det! For å seie noko om kor stort dette har blitt, så støttar no over tusen leiande økonomar,
256 000 facebook-fans og tretti land ideen (som altså går ut på å ta ein liiiiiiten bit i skatt av all slags spekulativ bankverksemd og sette alle desse små bitane i eit fond, som alle desse små monnene vil dra opp til fleire milliardar kroner i året, for så å bruke milliardane på fine ting som velferd, miljø, u-hjelp, osv. Viss du framleis ikkje har heilt klart for deg kva dette handlar om, sjekk februar i arkivet til høgre.) Frankrikes president Nicolas Sarkozy er med på leiken og vil fremje forslag om Robin Hood-skatt på G20-møtet i Cannes i november.
   Ekskrementkult!
   MEN! Vi har ikkje vunne enno. Eg oppfordrar alle lesarar av revolusjonsbloggen til å spreie nyheitene vidare SLIK:


Gå inn på denne lenka og spel i film med Bill Nighy. Det er noko å skryte av, og du kan tøffe deg på facebook med det, sette det på cv-en... og ikkje minst veks lista over folk som er involvert i kampanjen, sånn at Robinhoodskatten får ei tilhengjarliste på eit par tonn. Den kan våre folk klaske i bordet i Cannes i haust.

Det mest oppsiktsvekkande du kjem til å gjøre i år*

   Kjære alle medrevolusjonære!
   Stump kjøttet i dag!
   ... og ta det kanskje fram igjen på søndag! Ta kotelettane opp av frysaren og la dei få sole seg litt på kjøkkenbordet. Ta skinkesteika på fanget og gråt ein skvett saman med ho mens de ser på Heldiggrisen Babe, før du smell ho i omnen, sett på poteten og inviterer naboen. Sett deg ned med kjøttdeigen din, kos og klapp litt på han, og tenk på at dette har vore eit levande dyr. Faktisk har kjøttdeigen din sannsynligvis til og med vore fleire dyr (samtidig, ikkje etter kvarandre. Denslags får ein munn- og klovsjuke av).
   Kva i nasen er det eg vil fram til?
   Jo, kjære medrevolusjonære, la meg legge armen fortrulig rundt skuldrene dine mens vi går nedover gata mot bondens marked eller noko tilsvarande berekraftig. Det er sånn at sjølv om folketalsaukinga har danna ei J-forma kurve dei siste åra, så har vi framleis meir i vente før denne demografiske berg-og-dalbanen forhåpentligvis flatar ut. La oss ikkje snakke om den eventuelle bakken ned på andre sida - sånt har vi dommedagssekter til å diskutere.
   Desse nye medmenneska våre - eg gestikulerar gemyttlig mot utvalde representantar i ei barnevogn vi passerer på gata - treng alle saman frukost, lunsj og middag, og noen vil også vere interesserte i kveldsmat. Viss alle saman skal ete pølser til middag kvar dag, blir vi nøydde til å finne oss eit par planetar til. Eventuelt spørje dei nemnde dommedagssektene om dei har noen gode idear. Og, la oss innsjå det, dei har ikkje alltid så gode idear.
   Det betyr at viss vi vil at reknestykket skal gå opp på fredelig vis, blir vi nøydde til å dele den kjøttmaten vi har. Kanskje du har hørt om konseptet kjøttfri mandag?
   Vi stoppar idet eg brått held deg fast og snur deg mot meg med eit konspiratorisk uttrykk. Gata myldrar rundt oss som om ingenting står på. Vel, kva om ein blir enda meir radikal enn det? seier eg lågt og intenst.
   Ja, kjære medrevolusjonære, eg snakkar om konsepetet KJØTT PÅ SØNDAG.
   Noen vil augeblikkelig rykke tilbake i avsky ved forslaget. Dei prøver å få dei såra ansiktsuttrykka sine under kontroll. Kva? Ikkje kjøtt? stotrar dei vantru. Ikkje bacon til pannekakene på tirsdag? Ikkje spekemat til grauten på laurdag? Ikkje kjøttdeig i tacoen på fredag? Eller i lasagnen på onsdag? Ikkje pølser på mandag? Ikkje kotelettar på torsdag?
   Eg klappar dei roande på hovudet. Bacon til pannekakene og spekemat til grauten skal gå bra, trøstar eg. Og kanskje noen bitar salami i omeletten på mandag, litt steikt flesk til blomkålsuppa på onsdag, eventuelt noen skinkebitar i potetgratengen på torsdag viss du blir desperat. Og den omnsbakte laksen på fredag treng du vel ikkje kjøtt til?
   Sjølv var eg blant dei som trudde at kjøtt berre ein gong i veka måtte gå galt. Så flytta eg på hybel og blei min eigen kjøkkensjef. Og enten det no er fordi eg er for lat til å handle det inn eller fordi eg er sånn ein knipen gniar, så har eg greidd å ete kjøtt berre ein gong i veka sia eg flytta til Trondheim.
   Det er ikkje berre verdas ressursbalanse som synest godt om kjøtt-på-søndag-konseptet. Det gjør pengeboka også. Og kokebøkene dine, som står på hylla og støvar og saknar å bli bladde i. For kva i himmelens namn kan ein eigentlig lage til middag av to gulrøter, ein potet og litt norvegia? (Å, det er MYKJE, tru meg!) Ikkje minst blomstrar kreativiteten og smakslaukane i kvardagsvegetarianismens kjøkken. Har du noen gong ete kålstuing med sitron? For viss ikkje er det på tide (eit kålhode kostar forresten ned mot 2 kr kiloen no, folkens. Det er nesten ufint billig.)
   Rikskringkastingas program 2 diskuterte problemstillinga her ein morgon. Viss du har ein time å fylle mens du sitt på buss/tog/fly/sykkel/rumpa (eller mens du skjer grønsaker til ratatouille?) kan du jo høre på kva dei kloke hovuda seier ved å laste målet for denne lenka ned til ein sjølvvald mp3-avspelar:

http://podkast.nrk.no/fil/ekko_-_et_aktuelt_samfunnsprogram/nrk_ekko_-_et_aktuelt_samfunnsprogram_2011-0915-1138_6345168380.mp3?stat=1&pks=61435


* Med mindre du allereie har gjort det

torsdag 15. september 2011

Tim Minchin

   Mine damer og herrar, la meg presentere TIM MINCHIN!
   Eg håpar de alle saman har hørt om denne raudhåra australiaren, utan sko, men med piano. Sjølv blei eg introdusert for han av den eminente Miriam for lenge sia, og i samband med at det no er ei rund veke sia det blei arrangert ein bitteliten og sofatrong Tim Minchin-kveld i Trondheim, har eg herved ei lita markering.
   La meg nytte høvet denne vesle markeringa gir meg til å seie noko om Trondheim: Det er dyr her.
   Eg skal kort gjøre greie for dei dyra eg hittil har støtt på/innbilt meg her i byen, rangert etter grad av koseligheit.
  1.  Ein sverm av tjukke små kjøttmeisar som satt og gynga i treet utanfor kjøkkenvinduet. Nesten uhaldbart koselig.
  2.  Ekorn i skogen utanfor vindauget. Det klatra opp og ned og att og fram på greinene her ein dag vi satt med vindauget ope og kunne sjå på det. Den hårete vesle naboen vår let til å vere fan av "Singing in the rain" sungen med handlagde rytmeeffektar. Superkoselig.
  3.   Kyrne (evt. oksane) til bonden. Dei byttar beite ganske ofte, men av og til står dei nesten attmed postkassa og ser akkurat like overraska på oss kvar gong vi kjem syklande eller gåande forbi. Koselig.
  4.  Ein rev som visstnok går og luskar bakom huset og i alle fall i teorien utgjør ein trussel mot kaker som står til kjøling på baktrappa. Ganske koselig likevel.
  5.   Katter. Av og til når eg er ute og syklar treff eg ein katt som held konsentrert på med sine eigne saker, men som ser opp når sykkelen nærmar seg. Da bruker eg å gå av sykkelen og sette meg på huk. Pspspspspspsps, seier eg. Katten gjør da eitt av to: a) ser dumt på meg, og går, eller b) stikk det vesle kattehovudet sitt ned og fram og kjem luskande nærmare for å sjå kva dette er for ein tulling. Det er veldig hyggelig å kose med kattar ein ikkje kjenner. Iallfall så lenge eigarane deira ikkje ser på. Da er det litt skummelt. Eigaren kunne jo tru eg var ein kattnappar, ringe politiet og heimevernet og skremme katten. Derfor føretrekk eg å møte katter om natta, når berre eg og dei er vakne. Litt koselig.
  6.   Hundar. Dei fleste hundane eg har sett i Trondheim er ganske små, og eg har enno ikkje innbilt meg noen store. Dei små er veldig søte, men det trekk litt ned at eg alltid blir redd for å sykle over dei, og at dei ikkje skjønner konseptet "høgreregel". Bitte litt koselig.
  7.  Nattsvermarane som kryr inn dører, vindauge, lufteventilar og dimensjonssprekker i huset vårt på kva tidspunkt som helst om dagen. Det kan av og til verke som om dei berre dukkar opp av ingenting. Det er så kjipt å drepe dei, så eg endar som regel opp med å bruke fem minutt på å fange kvar av dei i hendene og kaste dei ut vindauget. Og så oppdagar eg ein til. Og ein til. Dei verste er likevel den gjengen som har raveparty rundt utelampa vår om kvelden og blir feide med inn i gangen av luftdraget når vi opnar yttardøra. Ikkje koselig.
  8.  Elg. Eg har aldri sett noen elg i Trondheim, men på nemnde Tim Minchin-kveld var det kanskje nære på. Klokka var vel rundt eitt om natta, og vi gjorde oss klare til å dra heim, eg til fots på skogstien mellom Steinåsen og Dragvoll. MEN DER ER DET ELG. Trur eg. Fekk eg høre, iallfall. Eg såg skrekkscena for meg: Eg, der inni skogen. Gåande langs stien, i mørket. Klokka eitt om natta, lang frå folk. Plystrande smånervøst, med sykkellykta som einaste lys, spøkelsesaktig dansande langs dei våte greinene. Og så ELGEN. Eit halvt tonn karbonadar på lange bein. Eit urdyr gjømt bort djupt inne i den tusenårige trønderhovudsdaden. Eit uhyre mykje skumlare enn munken. Brungrå, stri pels, svarte små auge, enorme naseborer. Står der på stien framom meg. Eg bråstoppar, opnar munnen, men greier ikkje å skrike. Elgen senker horna. Han prustar så dampen står rundt nasen på han. Og han spring mykje fortare enn meg. Horribelt lite koselig.
    Det enda heldigvis godt - eg fekk skyss heim.
   Tim Minchin, altså, mine damer og herrar: Sia dette er Revolusjonsbloggen må det jo bli denne songen:

onsdag 14. september 2011

Spasmemannen

   Veit du kva ein pitch er?
   Ein pitch er ein filmide.
   Viss eg hadde litt meir tæl kunne eg gått til for eksempel Steven Spielberg og pitcha denne ideen, som oppstod i Casa Bohemia hos Borghild, Benjamin og TARJEI:

   SPASMEMANNEN
   Ein spennande, dramatisk film om ein mann som brått oppdagar at han har fått ukontrollerte spasmar, og bestemmer seg for å bruke desse evnene i det godes teneste. Nemesisen hans heiter Tourette X.
   Filmplakaten skal ha tittelen SPASMEMANNEN slått opp kjempestort. Under skal undertittelen stå, med berre første og siste bokstav riktig, og alle bokstavane imellom skal vere bokstavsurr stokka hulter til bulter, slik at alle kan få opplevinga av å vere dyslektikarar.
   Filmen skal giast ut i ADD-format.

tirsdag 6. september 2011

Amasonas

   WWF melder at noen forskarar nylig tok seg ein tur inn i eit hittil lite utforska område av Amasonasregnskogen. Som alle veit er denne skogen urimelig diger. Han dekkar 5,5 millionar kvadratkilometer - det er ca. 110 000 gongar større enn campus Dragvoll. Berre Dragvoll er stort nok til at få av studentane som går der kvar dag kjenner meir enn ein brøkdel av bygget. Faddarane våre oppdaga nylig ein gigantisk kjellar der folk suste att og fram på sparkesyklar. Her om dagen tok eg meg sjølv ein tur rundt i lite utforska område, og eg fann ein trappebrønn med eit skilt der det stod "Psykologisk laboratorium." Eg gjekk raskt og spenstig frå staden før eg rakk å høre skumle lydar der nedefrå.
   Forskarane på oppdagingsferd i Amasonas oppdaga ein ny apeart, slår WWF stort opp. Dette synest dei er utrulig vanvittig fantastisk. Utover i artikkelen blir dei litt flate når dei må innrømme at det berre er ein ny variant av ei ape forskarar har sett før.
   Samtidig som dei altså er veldig begeistra for denne "nye" apa (det viser seg vel snart at det berre var ei av dei gamle apene som hadde kledd seg ut, tenker eg), lar dei heilt vere å la seg begeistre av dei tinga forskarane også registrerte som får meg til å seie
 HÆH! KØDDAR DU! FINST DET SÅNNE DYR?!
   Dette noterte forskarane ufortrødent ned på dei vasstette notisblokkene sine:
  • Kjempearmadillo
  • Kjempemaurslukar
  • Kjempeoter
   Og av dette kan ein lære at folk ikkje alltid prioriterer dyra sine rett.

WWF om "ny" apeart (hah, eg kjenner jo igjen han fyren på bildet. Gjett om dei har blitt lurt.) http://www.wwf.no/bibliotek/nyheter_fakta/?34246