onsdag 6. april 2011

Påskekrim

   Ein heil vanlig morgon. Kjøkkenet er fredelig og solfylt. Alt er som det pleier idet familien tøflar til frukostbordet for å innta dagens første næring. Kaffien snorkar blidt i traktaren. Det klirrar i bestikk. Lyden av mat som blir eten, meir ein følelse, ei stemning, enn ein eigentlig lyd, fyller rommet. Noen er vaknare enn andre, éin er litt pjusk og klagar halvhjarta over dårlig hals. Avisa blir fortært, den også.
   Først når frukosten er over oppdagar familien at noko er fryktelig, fryktelig galt.





   Eit underlig absurd syn møter dei idet dei bøyer seg over oppvaskkummen. Ein stum gjenstand, ute av stand til å skrike ut om dette unaturlige. Det er nesten grotesk. Spørsmålet er det same for alle som står klemde saman rundt vasken: Korleis har dette skjedd?
   I all si meiningsløyse ligg ein halv oppvaskkost på metallet.


   Korleis har dette skjedd? Kven har gjort denne gruvsame ugjerninga, som så grotesk strir mot Guds skaparordning? Ein oppvaskkost utan skaft. Det er til å gråte over. Samtidig inngir synet ein underlig fascinasjon. Noen har knekt oppvaskkosten. Kan ein eller annan verkelig ha vaska opp så hardt at den stakkars reiskapen har måtta gi etter? "Er det hòl i kasserollen?" spør mamma undrande. Ingrid spring rett til gryteskapet og sjekkar, men ingen av kasserollane ser ut til å ha tatt skade. Ugjerningsmannen har altså ikkje tatt fleire offer.
   Men kven står bak denne sjokkerande (skjønt samtidig riktig så imponerande) dåden?
   Det kan ikkje ha skjedd av seg sjølv. Ingrid finn nemlig skaftet til oppvaskkosten - i søpla.
   Ingen av dei som er til stades vil tilstå. Når pappa blir spurd, viser det seg at heller ikkje han vil seie seg kjend med dette frå før.

   Kven står bak? Er det denne sleske typen?

Eller denne tilsynelatande uskyldige gjengen?


Eller - gisp! - snakkar noen i familien ikkje sant om kva dei gjorde og ikkje gjorde denne natta?

1 kommentar: