Resultatet var skuffande. 612 treff, kor veldig mange sa at vi treng ein miljørevolusjon, men svært få la noen konkret framgangsmåte for dagen.
Så no skal det sannelig bli andre bollar!
Først og fremst skal det så klart bli solbollar om ei veke, når sola kjem tilbake til Tromsø. Men det er irrelevant for dette innlegget.
Bollane vi no skal i gang med, er revolusjonære bollar.
La meg berre få seie eit ord eller to om spelereglane før du spring på loftet etter giljotinen.
- Vi vil ikkje ha ein valdelig revolusjon. Det er slemt, og det endar berre med at alle blir lei seg. Særlig dei som dør. Legg vekk den der dumme giljotinen no.
- Han skal komme nedanfrå! Ein revolusjon som blir leia ovanifrå er sjeldan noen god revolusjon (hald kjeft, leninistar). Det kallast eit kupp. (No ville eigentlig eit miljøkupp også vere tenkelig, og eg skal ikkje seie at eg held det for umulig at vi kan komme til noko sånt i framtida - nei, legg vekk giljotinen igjen, er du snill - men inntil vidare held vi oss til revolusjonen, kva?)
- Du må gjerne leike revolusjonær. Men skal det bli ein ekte revolusjon, må du vere ein ekte revolusjonær. Det vil seie at revolusjonen må gjennomsyre både tankane og handlingane dine. Å, så fint sagt.
- Det skal ikkje vere ein permanent revolusjon! Vi sett oss eit mål på førehand, og det målet skal vi nå, og så er vi ferdige. Revolusjonar som får rulle fritt blir så grisete til slutt. Så ikkje noko sånn der, "uæh, nei, vi vil ha meir revolusjon, vi vil kakke hovudet av Robbespierre også, uæh, no må vi kakke hovudet av dei som kakka hovudet av Robbespierre, uæh, uæh." Vi når målet, og så ferdig.
- Vi skal ikkje skylde på andre! Kvar kan begynne med seg sjølv, og andre kan vi overtale på ein vennlig måte.* Her er det Kant, ikkje Robbespierre og Mao som gjeld. Kant og Gandhi. For de av dykk som ikkje kjenner det kategoriske prinsipp, slå det opp. Og Gandhis fantastiske ord "Ver den endringa du vil sjå i verda" må du gjerne skrive på innsida av augelokka. (Nei. Ikkje gjør det. Skriv aldri på innsida av augelokka dine. Det er forjævlig.)
- Vi skal begynne i det små. Kvar dag gjør kvar av oss sikkert meir enn elleve små ting, og nesten ingen store. Det er dei små tinga som er utslagsgjørande. Det er dei som vil gjøre ein forskjell. Dessutan har vi sagt at vi skal begynne med oss sjølv, og da er det vanskelig å gjøre kjempestore ting heile tida, med mindre vi eig Statoil. Å, vent. Det gjør vi jo.
* (Unntatt Statoil. Dei eig vi, så det er heilt greitt om alle troppar opp hos dei og lagar ein kjempediger sit-in i kontora deira så dei ikkje kan gå over golvet for alle demonstrantane. Oi, det hadde vore gøy. Politiet måtte brukt dagevis på å bere folk ut.)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar