mandag 3. januar 2011

Ny blogg

Så har ein laga seg blogg nummer to i heile sitt liv. Det passar litt dårlig å skrive frå Kråkeslottet, for der har eg jo ikkje eingong tannbørsten min lenger.
Kva skal ein så kalle sin nye blogg? Kan ein kalle han "Revolusjon først, så dessert?"
Ja, det kan ein kanskje.
Kan ein kalle han det bere fordi det var det første som fall ein inn?
I prinsippet ja.
Men det er jo så mange andre grunnar til å kalle bloggen sin "Revolusjon først, så dessert!" Her kjem eit utval:
  1. Tittelen innheld både ordet revolusjon (som jo har litt schwung over seg) og ordet dessert (som har schwang og dessutan eit lass av positive konnotasjonar)
  2. Han uttrykker ei nobel og usjølvisk haldning i og med at ein tar revolusjonen først og såleis ventar med desserten til ein har gjort verda betre.
  3. Han viser ei vaksen haldning ved å ta det litt kjipe først og spare det beste til slutt.
  4. Han uttrykker forståing for at etter ein revolusjon kan ein trenge dessert; revolusjonar kan lett bli så lite hyggelige, og dei er dessutan ikkje alltid heilt tilrådelige.
  5. Legg ein inn ein garanti om dessert når revolusjonen er slutt, har ein iallfall garantert for framtida til noen konditorar, som da er trygge for giljotinering, Sibir og desslike.
  6. Det er vanskelig å vente veldig lenge på dessert. Derfor må ein revolusjon med dessert etter vere kort. Korte revolusjonar er best - slutt mens leiken er god, heiter det.
  7. Ein revolusjon som kan gjennomførast før desserten, bør teknisk sett kunne gjennomførast frå matbordet, i og med at det først er etter desserten at ein "deserterer" frå bordet. Ein slik revolusjon blir såleis ikkje så valdelig. Vi vil jo trass alt ikkje ha blod på duken.

I denne bloggen skal eg slett ikkje skrive om mitt eige liv. Eller kanskje berre litt. Hovudsaka må jo vere dei verdiane som tittelen uttrykker, nemlig ei vaksen, ansvarlig og underfundig grublande haldning med sans for det som er bra (som dessert).

Å, kor kjedelig. Jaja. Det var i det minste dessert med.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar