tirsdag 4. januar 2011

Steinar slår til: Nord-Korea er avslørt

Eg har ein veldig klok bror. Han tenker seg fram til elementær kunnskap om verda ved logisk samansetning av fakta og pølsevev. (Korfor har hestar hale? Det er så dei skal kunne svinge seg i trea i skogen. Derfor er også alle hestar grøne, som kamuflasje. Alle hestar som ikkje er grøne, er mala.)
I dag kom han heim frå skolen med ny informasjon om Nord-Korea.
Nordkoreanarane i hæren går ikkje heilt normalt. Dei hoppar og sprett på ein veldig merkelig måte. Nederlendarane og australiarane i hæren går ikkje sånn. Men det er ikkje berre folk i den nordkoreanske hæren som går rart. Til forskjell frå kva ein kanskje skulle tru, går nordkoreanarane i sivil også sånn. Synet av ei kvardagsscene frå ei vanlig nordkoreansk gate ville fått dei fleste utanforståande til å knekke saman i latter.
Det er derfor Nord-Koreas grenser er stengde: Dei skammar seg rett og slett over ganglaget sitt.

Eg anbefaler ingen å ta opp Nord-Koreas ganglag i solidaritet, sjølv ikkje éin dag i året. Det blir for dumt. Men de kan jo sende ein mail til Pyongyang og seie at dei ikkje treng å skamme seg; vi har ingen problem med menneske med eit anna ganglag enn oss. Vi er ganske tolerante sånn sett. Vi synest ærlig talt det er teitare at dei framleis har konsentrasjonsleirar.

Her kan de sjå den Nordkoreanske hæren demonstrere nasjonens hopping:
http://www.youtube.com/watch?v=AJDiTCkOT2A

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar